mandag 21. april 2025
Berre fem dagar igjen
Eg og teamet har lagt bak oss dei tyngste og mest krevande oppgavene for denne gongen. I går kveld var i vi i Villa Israel, som er ein del av det sørlege Cochabamba. Der besøkte vi ein pinsemenighet som hadde eit friluftsarrangemen som starta klokka 19:00 og varte heile natta. Vi var der berre i tre timar og fekk gitt dei det vi hadde å by på. Dag Sveinung song En el Monte Calvario (den einaste songen heile kvelden "in tune"). Nahier hadde ei kort undervisning om Guds truskap, før eg delte om Jesu oppstandelse og evangeliet til frelse. Fem stykker kom og gav livet sitt til Jesus. Ellers var det veldig mange som kom for å søkja forbønn for eitt eller anna. Det var folk der med ureine ting i seg som også vart sette fri.
Folka her er menneske som har flytta inn frå høgare fjellområde. Dei eldre blandt dei snakkar berre Quechua. Det er ikkje heilt enkelt å venta på to tolkar, men Nahier greidde seg langt betre enn meg. Av og til er det slik at di mindre erfaring ein har, di lettare er det å lære noko nytt.
I fjor var vi også her i Villa Israel, men då på ein møte innandørs. Då var det tre stykker som gav livet sitt til Jesus, og det var kjekt å høyra at dei alle var i enigheten der og vart trent til teneste i forsamlinga. Sjølv om berre ei av dei var der i går kveld, er det kjekt å sjå at nye kristne blir tatt vare på.
Vi reiste heim i skapleg tid, tok med oss ein pizza på vegen og planla ein litt seinare frukost i dag tidleg.
Så langt har vi vaska huset her i El Bosque, snart skal vi ut og eta lunsj, til ein forandring. Dagane her får no eit preg av avslutning. Dei hardaste og mest krevande oppgavene er gjort. I kveld har vi eitt familiebesøk og i morgon kveld ein fotballskule der vi skal forkynna litt. Ellers er det litt turisme her i Cochabamba før vi reiser til Santa Cruz på onsdag. Der skal vi bruka torsdagen på eitt eller anna sosialt arbeid for barn. Eg veit ikkje heil kva det er eller kva det inneber, men det er slikt ein må venna seg til her i Bolivia. Kontrollbehov kan ein like godt leggja igjen heime, om ein ikkje vil bli altor frustrert.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Oppløftande utvikling i Cochabamba
I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...

Godt jobba Norleif og velkommen heim igjen! Vi glér oss til å høyra meir frå turen😃😎
SvarSlett