Om vi har Guds visdom med oss i det vi gjer eller ikkje, har kanskje samanheng med kor mykje tid vi brukar på å søkja Gud. Om vi ikkje kjenner kva Anden seier i dei ulike situasjonane, vil det vera andre ting som styrer våre avgjerder. Eg syns det er nokre enkle vers i Apostegjerningane 27, som gir oss eit enkelt innblikk i dette, nemleg Paulus sine innspel til dei han reiste med til Roma, og måten dei tok imot desse innspela på.
Dei gjekk ombord og tok ut på ei sjøreis som skulle visa seg å bli lengre enn dei først hadde tenkt. Årstida som nærma seg, var ikkje tida for lange sjøreiser på havet. Stormar og dårleg vær var ein alvorleg trussel mot liv og last. Men dei kom seg eit stykke og nådde fram til Kreta, men ikkje til ei havn som eigna seg for vinteropplag.
Paulus hadde fått frå Herren at dei ikkje måtte reisa vidare på denne årstida. Gud hadde vist han at dei kunne koma til å mista både skip, last og livet til alle ombord, både ofiiserar, mannskap, soldatar og alle fangane som var med. Paulus var ein av fangane. Men sjølv om han var langt ned på rangstigen av dei som vart lytta til, var han den som hadde Guds visdom i situasjonen. Han sa: "Eg ser at vi kan koma til å mista, ikkje berre skip og last, men livet med".
Men offiseren trudde meir på det kapteinen og skipsreiaren sa, enn Paulus. Her finn vi det første prinsippielle poenget. Kven skal vi høyra på, og korleis skal vi høyra?
Jesus sa: "Ver nøye med korleis de høyrer"! For den som har skal få meir, og den som ikkje har, skal missa endå det han trur han har. Det er sjølvsagt rett å høyra på dei som har greie på ting. Og det er rett å vera lydige mot autoritetar som kapteinar ombord på store skip. Men den høgste autoriteten er Gud. Dei som har autoritet har fått den frå Gud og må difor utøva den slik han vil. Elles har dei eit stort problem. Men den som står over all autoritet, er Gud. Den som kjenner han, må alltid ha øyrer som høyrer det Anden seier, ikkje berre det som menneske seier. Den som har øyre, han høyre, seier Jesus. Kva øyre er det han snakkar om. Det går an å høyra med hjarta sine øyrer til det hjarta som ligg bak orda vi fangar opp. Skipsoffiseren hadde ikkje øyrer som høyrde det Gud sa. Paulus var lydig mot sitt indre vitnesbyrd. Han sa det han visste var rett, sjølv om han berre var ein fange som kunne vore fri om han ikkje hadde anka saka si til keisaren. Gud ville berga alle, men dei ansvarlege høyrde på feil stemme og ukloke argument.
Havna dei låg i, var ikkje ein god plass for vinteropplag, så dei ville prøva å nå ei betre havn. Her er det andre som ofte avgjer; situasjonen og omstende vi finn oss sjølve i. Det var fornuftig å overvintra i ei betre havn, men det var ikkje fornuftig å prøva å nå den no. Dei var i ein vanskeleg situasjon. Ikkje var det bra å vera der dei var, og endå verre var det å prøva å reisa vidare. Hadde dei berre høyrt på Paulus sine råd frå Gud, hadde dei ikkje vore i denne situasjonen. Problema ballar alltid på seg når vi er ulydige.
Men då dei tok det opp til røysting, var fleirtalet for at dei skulle dra. Her gjer dei den tredje feilen. At fleirtalet bestemmer, er ikkje det same som at fleirtalet har rett. Her til lands trur vi at fleirtalet kan definera rett utan å tru at det får følgjer. Og når følgjene kjem, let vi att både auge og øyrer og gjer ikkje som dei offiserane Paulus var ombord med. For når dei seinare såg at dei skulle høyrt på det han sa frå først av, begynte dei å høyra på alt han sa. Det berga dei.
Det går an å læra. Det går an å venda om. Det går an å stå fram og seia det som er sanning, sjølv om ingen vil høyra. Det er viktig at åtvaringane frå Gud blir delt med folk, slik at dei i det minste får sjansen til å høyra og tru. Det går an å følgja Guds vidsom og Den heilage andens leiing sjølv om menneskeleg rasjonalisme og såkalla "ekspertise", seier imot. Det er lov å vita at vi har rett sjølv om vi er i mindretal, fordi vi kjenner han som alltid har rett og som definerer kva rett er utan å spørja nokon med berre menneskeleg visdomslære i seg.
Skipet forliste, lasta gjekk tapt, men alle 276 ombord vart berga. Korleis? Ved at han som hadde Guds visdom og visste kva som måtte gjerast, stod fram og gav råd frå Herren. Han hadde ingen naturleg autoritet ombord. Men han snakka med Guds autoritet og gav råd i Guds visdom. Det triste var at dei ikkje høyrde på han før dei held på å gå til grunne alle mann. Gud vil at alle menneske skal bli frelst og læra sanninga å kjenna. Måtte alle høyra på han, mens det enno er tid. Å høyra rett er ikkje å høyra med øyrene og argumentera med sinnet og menneskeleg rasjonalisme og arroganse. Å høyra rett er å opna opp hjarta og la Guds ord bli tatt imot og trudd. Det er ved tru vi forstår.