lørdag 28. juni 2025

Eit nytt land for oss

Før Moses døydde, tala han lenge til folket han hadde leia i 40 år. Han tok dei gjennom ein historietime der han minna dei om det dei hadde gjort, og kva Gud hadde gjort. Mange av dei som høyrde talen hans var under 20 år då dei forlet Egypt og resten hadde blitt fødd under vandringa. Det var difor ikkje alle som kjende til alt som hadde hendt. Men alle trong eit historisk tilbakeblikk for å forstå kor viktig det ville vera for dei å velgja livet framfor døden, velsigninga framfor forbanninga. Han minna dei om korleis dei skulle leva når dei kom inn i det landet Gud hadde lova fedrane deira å gje dei. Dette landet var fruktbart og rikt. Ein trong ikkje pumpa opp vatn or Nilen for å vatna grønnsakshagane. Nei, det var eit land med fjell og dalar som drakk av regnet frå himmelen.

Når det gjeld å forstå Guds lovnader om eit rikt og fruktbart land, er det to ting som er viktig for oss. Det første er å sjå at lovnaden ikkje berre hadde ei naturleg oppfylling for dei, men også ei åndeleg oppfylling for oss. Det andre er å ikkje hoppa bukk over føresetnadene for å innta det Gud hadde for dei, og også det han har for oss.

Gud tek til med føresetnadene, fordi han alltid vil at vi skal lukkast. Det er han som har gitt oss liv og vi lever i ei historisk tid som høyrer han til, for å leva ut eit liv som tener hans plan og for å vera med på å fører denne planen til fullending. Han vil at vi skal spela den rolla han har tiltenkt oss og lukkast i alt som har med hans oppdrag å gjera. Hans tankar er aldri til ulukke for oss, men til framgang og håp.

Moses trekkjer lærdomar av alle feila dei har gjort, men ikkje minst fokuserer han på Guds truskap og lovnadene han har gitt om folket berre vil leva slik Gud ønskjer at dei skal leva. Føresetnadene for å lukkast er ikkje mange og kompliserte, men enkle, lette å hugsa og lette å forstå. Når eg seier at dei er enkle og lette så tenkjer eg på oss som lever i den nye pakta, som er født på ny og som lever fulle av Den heilage ande. Den nye pakta er i følgje Jeremia 31, annleis enn den pakta han gjorde med fedrane, den som dei braut. Det som er annleis er at Gud har skrive sine bod i hjertene våre, og gjort det slik at vi kan halda dei, fordi vi er døde til den gamle syndige menneskenaturen og reist opp med Kristus til eit nytt liv i Den heilage ande til eit liv i lydnad og tru. Sjølv i den gamle pakta, sende Gud profetar som forklara det enkle i å leva på Guds måte: 

Og kva krev Herren av deg? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud. (Mika 6,8)

Det første og største bodet i Det gamle testamentet, var å elska Herren av heile sitt hjarta, heile si sjel, heile sin forstand og av all si kraft. Jesus sa at det å elska Gud slik, var grunnen under både lova og profetane. Kva er meir naturleg for ein som elskar Gud på dennen måten, å gjera rett, visa trufast kjærleik og vandra audmjukt med Herren?

I 5. mosebok høyrest føresetnadene ganske like ut, sjølv om dei er formulert litt annleis:

Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg? Berre dette: at du fryktar Herren din Gud, så du alltid går på hans vegar og elskar han og tener Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile di sjel, og at du held Herrens bod og forskrifter, som eg gjev deg idag. Då skal det gå deg vel (5 Mos 10,12-13)

Verdshistorias største oppdrag og viktigaste befaling var, og er, å gå ut i heile verda og gjera menneske til læresveinar av Jesus, slike som igjen går ut og gjer det same. Når Bibelen talar om å så såkorn og hausta inn grøde, så er både biletbruken og ofte den direkte og forklarte meininga å så ut Guds ord og hausta menneske inn i Guds rike.  

Vi har kanskje oppmuntra andre og oss sjølve i årevis til å gå ut og dela evangeliet, men oppmuntringa har ikkje ført til så veldig store endringar. Spørsmålet er om vi lurer oss sjølve, når vi trur at vi kan erstatta det å trena kvarandre til å gå ut, med det å oppmuntra kvarandre til å gå ut. Vi har oppmuntra mange, men kor mange har vi trent? Det er ikkje utan sjølverkjenning at eg brukar slike ord. 

Moses understreka for folket, at det var eit bod frå Herren at dei skulle gå inn å ta landet i eige. Det var ikkje eit frivillig val. Dette hadde Gud lova fedrane. Det var ein del av hans plan for folket og for frelseshistoria som skulle utspela seg. Men skulle dei lukkast, så måtte dei vera sterke. Og skulle dei vera sterke så måtte dei operera ei den kraft som berre Gud kunne gje. Det ville aldri skje, om dei ikkje heldt hans ord:

Hald difor alle dei boda eg gjev dykk i dag, slik at de kan bli sterke og kan koma og ta det landet de er på veg til og skal leggja under dykk (5 Mos 11,8)

Byar, bygder, øyar og strender ventar på evangeliet. Kristne som lever reine liv vil bera det vitnesbyrdet folk treng å sjå Jesus gjennom fordi dei representerer eit annleis og lang betre alternativ enn det den falne verda kan varta opp med. Det landet Herren ber oss å innta med evangeliet om Guds rike, er eit land som Moses beskriv for folket. La oss sjå på to ting:

1. Det er eit land som drikk av regnet frå himmelen (5 Mos 11,11)

Då folket var i Egypt måtte dei pumpa vatn opp or Nilen for å vatna ein liten grønsakhage. Det måtte hardt arbeid til, og mykje menneskeleg strev. Jesus seier det slik og gjev oss Guds perspektiv som gjeld oss: 

Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden for hausten er komen (Mark 4,26-29)

Det himmels regnet, haustregnet og vårregnet som klargjer jordsmonnet for såkorn og som gjer hausten mogen er noko Gud gjer i vår tid. Vår ansvar er å så med lovnad om å få hausta inn. Eg har minst fem bygder som eg ber for her ute på vestkysten av landet vårt. Fordi vi ber skal Gud senda haustregn og vårregn. Sakarja seier: Be Herren om regn, i tida for vårregnet.

Både Hosea og Jeremia forklara kor viktig det er for oss å jaga etter å kjenna Herren og å leva i gudsfrykt.

Lat oss læra å kjenna Herren, lat oss jaga etter å kjenna han! Sikkert som soloppgangen kjem han, han kjem til oss lik regnet, lik vårregnet som væter jorda (Hos 6,3)

Lat oss frykta Herren vår Gud, han som gjev regn i rett tid, både haustregn og vårregn og passar på vekene som er fastsette for oss til innhausting (Jer 5,24)

2. Det er eit land som Gud har omsut for. Alltid kviler hans auga på det frå året byrjar til det endar (Mos 11,12).

Dei byane, bygdene, øyane og tettstadene Gud har lagt oss på hjarta, er område han bryr seg om. Folka der er ein del av den arven som er tiltenkt han. Alt som er der, er tiltenkt han. Han betalte prisen for kvart menneske som lever. Klart han bryr seg. Våre privilegier er å gå inn i eit arbeid som Jesus alt har brydd seg om og bryr seg om. Han kallar oss til å gå inn fordi han har sånn omsut for det. Jesu sanne omsorg for menneske kan vi ta del i. Det vil gje oss motivasjon til å gå. Det er dessutan ein liten bodskap i seg sjølv til menneske: Gud har sendt meg fordi han bryr seg om deg. Den gjrnring vi gjer vil også visa dette. 

Guds auga kviler på landet. Han ser kva som skjer og han veit kva han vil gjera. Som ei ørn held auga på byttet sitt til ho har fått fatt i det. Som ei mor held auga med det vesle barnet som enno ikkje har kontroll på steg og ballanse eller farar i nærleiken. Som ein vaktmann held auga med det han vaktar, mot han som er komen for å drepa, stela og øydeleggja. Ikkje ei spurv fell til jorda utan at Gud veit det. Vi treng ikkje opplysa han, som om det er ting han ikkje veit. Det er mange ting vi ikkje treng å vita, så lenge vi veit at Gud veit og at han på førehand har lagt ferdige gjerningar som vi skal vandra i, forma ord som vi skal seia, førebudd gjerningar som vi skal gjera, fordi det passar inn i alt det han ser, fordi has auga kviler på landet vi skal innta, frå dagen tek til og til den endar. 

Det er tid for å gå nye steg i tru, der vi ikkje har gått før. Det er tid for å kryssa elva og ta i eige det landet som Gud vil gje oss og setja foten vår på det i tru. 

For om vi lyder dei boda som Herren gjev oss idag, og elskar Herren vår Gud og tener han av heile vårt hjarta og heile vår sjel, vil han la landet få regn i rette tid, haustregn og vårregn, så vi kan hausta inn korn, ny vin og olje (5 Mos 11,13-14)



Ukomfortabel, men ikkje redd.

Ein av dei som var med til Bolivia på siste turen no i april 2025, arrangerte ein Bolivia-kveld nyleg. Der fortalde han om dei mange opplevingane vi hadde, mellom anna på dei tre besøka vi hadde i ulike fengsel. Han sa noko som han også delte med oss då vi var i Bolivia, men som eg ikkje tenkte over då, nemleg om erfaringane som vi alle ofte opplever av å kjenna oss ukomfortable, men samstundes beskytta og utan frykt.

På veg heimatt frå det fine arrangementet på Osterøy, tenkte eg på dette. Det er sikkert både erfaring, kall og mange andre ting som gjer at det er veldig ulikt kva situasjonar vi kjenner oss komfortable med. Om ikkje akkurat desse, så har eg andre område der eg fort kjenner meg langt utanfor ukomfortsona.

Men dei tankane som vart levande for meg på heimvegen, var at det å ta steg med Gud i tru, nesten alltid vil opplevast som ein ballanse mellom det å vera trygg i Gud og likevel ukomfortabel i situasjonar. Sjølvsagt i større eller mindre grad. Eg kjenner det i alle fall slik på fleire område. Vi brukar uttrykket "utanfor komfortsona". Det er ei erfaring vi alle har. Eg har mine, andre har sine område vi er komfortable med. Kvart år møter eg folk som ikkje ein gong greier å stå framfor sin eigen skuleklasse og dela noko. Men når året er slutt, kan dei like gjerne leia programmet på avslutningsfesten. Andre blir aldri komfortable med ting om dei får aldri så mykje hjelp til det. Eg kjenner predikantar som har forkynt Gud ord i eit langt liv, men som aldri blir fri nervøsiteten framfor ein tale.

Peter og dei andre læresveinane til Jesus, såg meisteren koma gåande på vatnet. Først vart alle redde, men då det gjekk opp for Peter at det var Jesus, fekk han tru. Eg ser for meg at dette må ha vore ein av dei store dagane i Jesus sitt liv. Tenk å få høyra frå ein av sine elevar: "Er det du Herre, så sei at eg skal koma til deg på vatnet." Jesus var Herre over alt det skapte. Han gjekk på vatnet. Han underviste, bad for og trente dei tolv til å leva i tru. Det hende at Jesus måtte refsa folk for deira vantru. Eg ser for meg at Jesus var full av begeistring, då han ropte tilbake: Kom!

Det blas på sjøen, det var bølgjer, båten gjekk opp og ned i bølgjene, det var djupt, så langt frå land. Men Peter løfta den eine foten først og den andre etterpå, over ripa. Han hadde fått eit ord frå Herren: Kom! Han steig ned på vassflata, som heile tida var i bevegelse, men det bar han oppe på grunn av Jesu ord. Kom! Jesus stod ei lite stykke unna. Peter gjekk mot Jesus. Han hadde høyrt det eine ordet, Kom! Han gjekk, steg for steg, mot Jesus. Ukomfortabelt men han gjekk i Guds overnaturlege kraft. Han var ikkje redd - men han blei redd då han såg kor det bles. Redselen tok han, men frelsaren beskytta og berga han. Saman gjekk dei mot båten. 

Eg har alltid lurt på om ikkje Jesus hadde eit smil om munnen då han greip Peter si hand og sa: Du lite truande - kvifor tvila du? 

Den trua Peter viste denne dagen, og den iveren han hadde hatt for å ta nye steg, må ha oppmuntra meisteren. Då Jesus sa: Du lite truande - kvifor tvila du? - så var ikkje det meint som ei annklage for å ha for lite tru. Eg trur Jesus sa det med glimt i auga, men samstundes for å peika på eit veldig viktig poeng. Vi kan alltid læra meir. Vi kan alltid gå vegen heilt inn. Vi skal ikkje la oss forstyrra eit stykke på veg og slå oss til ro med det, men halda fram i å ta steg på stadig nye område. Vi treng ikkje å vika for ubehaget. Gud har så mykje godt for oss, men det ligg i mange tilfeller gøymt ein eller annan stad utanfor komfortsonene våre. Gud vil opna så mange fleire dører inn til folks liv. Ikkje fest blikket på kor det bles, men sjå for deg at Gud skal bruka deg på stadig nye område. 

Ikkje alt er komfortabelt. Det fins ting som er direkte ukomfortabelt. Men dei område Gud kallar oss til å gå inn i, er det viktig at vi er førebudde på. Dei områda han ikkje kallar oss til å gå inn i, kan vi mykje heller la vera. Men i det å følgja kallet vil det ukomfortable dukka opp, og stega vi går må vera steg i tru og visse om at Han er med oss alle dagar, så lenge verda står. Tendensen er at mange dreg seg unna det som opplevest utfordrande. Men vi er ikkje som dei som dreg oss unna. Vi har ingen løfter på at ting skal vera komfortabelt, men heile Bibelen igjennom møter vi Guds stemme. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet. Det enklaste av alle løfter, og som i Bibelen set flest menneske fri til å tena han, er løftet om at han er med oss.

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...