torsdag 11. februar 2021

"Eingongsheltar" som skreiv historie

I historiebøkene i Det gamle testamentet kan vi lesa om Asarja, son til Oded. Asarja var ein profet. Det var to personar i GT som heitte Oded. Den andre Oded var også profet, men denne Oded var berre far til Asarja. Det var 23 andre i GT som heitte Asarja. Både kongar og prestar hadde det navnet, men denne Asarja var ingen av dei. Han var berre Asarja son til Oded.

Det står om han berre ein gong. Og det som står om han hende på ein dag. Det som skjedde denne dagen, kan for alt vi veit, ha skjedd fleire gonger. Men det veit vi ingenting om. Han hadde truleg ingen fast plass i rampelyset og var sikkert ikkje av dei som fann tryggleik i lang erfaring.

Vi skulle likt å visst meir om Asarja. Men det er med han som med så mange andre. Dei dukkar opp i historia og gjer eitt eller anna som får stor betydning, og så er dei borte igjen, like fort som dei kom. Men det dei gjorde bar frukt og fekk store konsekvensar for mange. Det som i alle fall er heilt klart er at det ikkje berre er lang og tru teneste som gjev folk ein plass i historiebøkene, men det at dei greip den dagen då Guds ord kom til dei og dei visste kva dei hadde å gjera.

Forteljingane om desse folka kan vera oppmuntrande for alle oss som synes at livet har gått for fort og for alle dei som opplever at vanelivet si forventningsløyse har plassert dei i ein godstol det er vanskeleg å koma seg opp av. Eindagsheltane kan også gje inspirasjon til dei som har sett seg på tribuna saman med andre analytikarar som har meiningar om både dommaren og spelet som føregår nede på ei bane dei sjølve ikkje spelar på.

Asarja fekk eit ord frå Gud som han skulle bera fram for Kong Asa. Kva han tenkte, kva han frykta og kva han kjende på, står det ingenting om - kanskje fordi det ikkje er så viktig. Han sette si lit til Gud, gjekk til kongen og bar fram ordet. De var eit ord til oppmuntring om å søkja Herren av eit heilt hjarta og ta i tu med avgudsdyrkinga som føregjekk i landet. Asa var ein god mann som på grunn av dette ordet fatta nytt mot og sette i gang med det som måtte gjerast. Og Gud var med han på alle måtar.

Det var nok ikkje berre eneklt for Asa å vera konge i Juda heller. Men ein konge treng menneske rundt seg som kjem med oppmuntring og visdoms hjelp frå ein Gud som vil landet det beste. Han vil at landet skal sjå kor avhengig det er av å ta vare på plassen sin under hans velsigning.

Vi kan lesa kva Asarja sa til judakongen denne eine dagen då Gud talte til han. Elles veit vi ikkje anna om han enn at han hadde ein far. Når Gud gav dette kallet til Asarja var det vel fordi han hadde full tillit til at han ville vera lydig og gå i tru. Det ingen av oss veit, er kva som hadde gjort han til ein mann som Herren kunne lita på. Det kan ha samanheng med at han ikkje berre var Asarja, men Asarja - son til Oded.

Kven vil reisa seg å sei at dei har eit ord som landet treng, ein bodskap til liv og frelse, godt nytt for menneske? Då Jesaja hadde sett Guds herlegdom og blitt reist opp så han kunne stå rein framfor Gud, evna han å høyra kva som føregjekk i det himmelske. Han høyrde spørsmålet som vart diskutert i Guds fellesskap med seg sjølv: "Kven skal eg senda, kven vil gå for oss?" Det var det han trong. Han var klar!

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...