For mange år sidan kom eit profetisk ord om korleis Norge skulle fyllast med mange små lys. Når ein ser ut over eit tettbygd område ein mørk kveld og ser alle lyspunkta frå hus og vegar, slik vil landet bli dekka av små og større grupper av menneske som samlast for å tilbe Gud. Forsamlingar, husforsamlingar eller kanskje berre familiar, som lever ut det nye livet på ein slik måte at folk kan sjå Guds herlegdom stråla fram.
Jesus var det sanne lyset som lyser for kvart menneske. Det er apostelen Johannes som skriv dette. Sjølv sa Jesus at medan han var her på jorda, så var han lyset for verda. Men han tala også om ei tid der han ikkje skulle vera her lenger i fysisk forstand. Då han tala til læresveinane sine på fjellet, sa han at det var dei som skulle vera saltet på jorda og lyset i verda.
Å leva det livet vi har fått av Jesus betyr å la han leva sitt liv i oss og gjennom oss. Dette livet er lyset folk treng å sjå. Det er trist å tenkja på at vi som trur på Jesus, så ofte og så mange gonger ikkje har gjort det livet synleg for folk. Guds kjærleik har ikkje fått flyta slik den skulle. Men trass i at vi ofte har svikta og feila, blir livet likevel til lys for tusenvis på tusenvis rundt om i verda. Vi treng å minna kvarandre om at vi lever ikkje lenger sjølv, Jesus lever i oss. Det er som når Simba i "Løvenes Konge", innser at det er ei større meining med livet hans, at det er på tide han blir den han er meint å vera, legg bort det sutlause Hakuna Matata-livet og let far sin, Kongen leva vidare gjennom han, i den sirkelen av liv som skaparen skapte oss til.
Dette bildet om alle dei små lysa, har aldri slept meg, sjølv om det sikkert er meir enn 25 år sidan det blei tala til oss. Eg ser for meg kysten av Vestlandet, med hundrevis av bebudde øyar og fastland med vikar og nes, med dalar, fjell og bygder i ulik storleik, fyllt opp med mange lyspunkt. Ein av profetane i Det gamle testamentet, Profeten Habakkuk, seier at Jorda skal fyllast med kunnskap om Herrens herlegdom slik vatnet dekkjer havbotnen. No er det slik at ingen kan gjera alt, men alle kan gjera sin del. Ulike menneske har kall til ulike plassar og dragning mot ulike område. Ingenting er tilfeldig og ting vi opplever er med på gjera oss medvitne om draumane vi ber på.
For nesten 20 når sidan, fekk eg i oppdrag å reisa til Måløy. Det var ein liten flokk med kristne der som hadde starta ei lita forsamling og som knytte seg til det arbeidet vi hadde med utgangspunkt i Bergen. Eg syns det var veldig spennande å få reisa til ein slik flott plass og gje ei undervisning om grunnvollen i kritsenlivet, altså ei grunnleggjande forståing av evangeliet om Jesus, og korleis vi responderer på evangeliet i eit praktisk liv og lever dette livet i Guds nåde og ved Den heilage ande. Emner som Guds rike, menighet og mykje anna har opp gjennom åra blitt formidla under mange, mange besøk i Måløy. Dei siste åra har dette å nå ut med evangeliet til andre, vore ein raud tråd gjennom dei mange tinga vi har prata om når vi har vore saman i Nordfjord.
Men så har det også etterkvart forma seg ei dragning mot heile kysten og særskild til øyane langs kysten mellom Sotra og Måløy. Det har kome profetiske ord om desse områda og vi har begynt å reisa til dei ulike øyane og plassane for å be og for å forkynna evangeliet for menneske. Det har vore svært inspirerande og lærerikt. Kystfolket er eit fantastisk folk å koma i prat med og ærlege og rett fram i måten å uttrykkja seg på. Vi er alltid på jakt etter neste steg og vegen vidare og opplever både at det såarbeidet vi har gjort har vore godt, men også at vi treng Guds strategi for eit større gjennombrot for evangeliet.
Teksten frå 2. Kor 3,18-4,6 har tala til meg. Det er to grunnar til at menneske rundt oss ikkje ser det lyset som Jesus-livet er meint å vera for dei. Det eine er at vi som trur ikkje har late lyset skina slik det skulle. Det andre er at denne verda sin gud har forblinda sinna til dei vantruande så dei ikkje ser lyset som strålar fram frå Guds herlegdom. For Gud som sa at lys skulle skina i mørket, han har late sitt lys skina inn i våre hjerter slik at kunnskapen om Guds herlegdom, den som strålar i Jesu Kristi ansikt, skal lysa fram frå oss.
Difor er det viktig at vi ikkje gjer som Moses, som la eit dekke over ansiktet slik at folket ikkje skulle sjå den glansen han hadde over seg etter samværet med Gud. Den glansen han hadde var ein glans som forsvann. Den glansen vi har blir sterkare og strekare til det er høglys dag. Vi som med utildekka ansikt ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande. Difor driv vi ikkje å forfalskar Guds ord. Vi går ikkje fram med knep for å lura folk. Vi byr på oss sjølve, som dei enkle og ærlege menneske vi er, og forkynner sanninga i evangeliet utan å skamma oss og utan å bøya av. For evangeliet er Guds kraft til frelse for dei som trur.
Kvar den som kallar på Herrens navn skal bli frelst. Men korleis kan dei kalla på ein dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein dei ikkje har høyrt om? Korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? Og korleis kan vi forkynna om vi ikkje er utsende? (Rom 10,14-15)
Vi er utsende: Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt! Den som trur og blir døypt skal bli frelst. (Mark16,15-16) Vårt ansvar er å leva slik Jesus levde og slik vera lys for menneske. Om dei då likevel ikkje ser, så er det fordi han som blir kalla guden i denne verda har blinda dei vantruande sinn. Lev difor livet og lat lyset skina.
Franz av Asissi, skal ha sagt at "Forkynn evangeliet - om så med ord". Eg er overtydd om at den gode Franz tok grundig feil, om han meinte at ord ikkje var nødvendige. Men eg trur ikkje det var det han meinte. Han var vel heller oppteken av at vi ikkje lever eit liv som undergrev orda vi talar og vitnemålet vi forkynner. Då vert ord utan kraft og gjort til spott blant menneske. Heller ikkje må orda vera tilpassa eit svakt liv. Trua kjem av bodskapen ein høyrer og bodskapen kjem ved Kristi ord. Livet stadfester fridomen og krafta vi har i Gud.
Jesaja set ordet og vitnemålet saman: Til Ordet og Vitnemålet! (8,20) Livet er kanskje det sterkaste vitnemålet vi kan ha. Lev eit liv som vitnar om Jesus. Men del med ord kva han har gjort for oss alle og del evangeliet om Jesus.
Fjerne kystar vonar på meg, dei ventar på min arm. (Jes 51,5)
Herren er Konge! Jorda skal jubla. Øyar og strender skal gleda seg. (Sal 97,1)
Eg er overtydd om at det bur folk over alt som ber på same draumen. Vi treng å koma i kontakt med desse, slik at vi kan arbeida saman for å breia ut Guds rike.