I går (fredag) hadde vi ein lang og god dugnadsdag i menigheten her i Cochabamba. Rydding og vasking stod på programmet. Det vi gjorde, var å skura alle plastikkstolane med såpevatn og skuresvamp både bak og framm og over og under. Det tok nokre timar å få alle dei meir enn 200 stolane kvite og fine igjen, men så fekk vi også oppleva at treninga frå Gullbotn kom til praktisk nytte også.
På kvelden var teamet på samling med ungdommane i forsamlinga, mens eg og Pastor Hugo var på flyplassen for å henta Jan Arefjord. Så no er teamet endeleg komplett. For meg er det ein lenge etterlengta ting og ha Jan med her i Bolivia. Vi ser veldig fram til det som står framfor oss dei neste dagane. Jan skal forkynna her i Cochabamba i morgon, saman med Isak. Eg, Signe og Johannes reiser til Punata og deler Guds ord på gudstenesta der. Etterpå kjem resten av teamet også til Punata (som ligg ca ein time unna), slik at vi saman får dra vidare til ei ny gruppe av quechua - talande folk som har knytta seg til arbeidet. Eg traff nokre av desse i juni, og lova både på ære og samvit å besøkja dei ved neste anledning. Og no er eg glad for at den anledninga har kome.
Eg fekk ein god rapport frå noko som skjedde tidlegare i veka. På samlinga for kvinner der Signe og Bogdana delte, var dei ei jente som kjende seg veldig truffe av Bogdana si undervisning. Ho kom fram etterpå saman med mora, og begge gav livet sitt til Jesus. Takk gode Gud!
På onsdag reiser vi til La Paz der vi har møte med forsamlinga på kvelden. På torsdag reiser vi ned til Corioico for å evangelisera saman med ein nystarta forsamling der som menigheten i La Paz hjelper i gang. På fredag skal vi tilbake til La Paz og ha evangelisering i byen, grunnleggjande undervisning med ein del nye i menigheten og til slutt gudsteneste på søndag morgon.
Vi ser fram til kvelden i kveld der lokalet nok blir fullt, på arrangementet "Bolvianos got talent". 13 ulike nummer skal framførast. Eg har, med eit lite snev av anger, meldt meg på med eit par låtar frå mine eigne heimtrakter (for å unngå å sei at dei er sjølvskrivne) Teamet skal avslutta med ein nydeleg sang på engelsk og spansk før Bogdana skal dela evangeliet. Vi ber om at mange blir skal bli frelst i kveld.
Takk igjen for førbønn.










