lørdag 14. desember 2024

Hjarta, skatten og det vi får med oss herifrå.

"Du kan ingenting ta med deg dit du går", song trubaduren Cornelis Wreeswijk. Job, som vi les om i Bibelen, sa noko liknande: "Naken kom eg frå mors liv, og naken vender eg attende." 

Jesus fortalde ei likning som også understrekar korleis dei rike ikkje sit att med noko av det dei har samla når livet er slutt. Men det siste han seier i denne likninga viser oss at dette absolutt ikkje gjeld for alle. Her er likninga:

«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’ Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’ Slik går det med den som samlar skattar til seg sjølv og ikkje er rik i Gud.»

Legg merke til korleis det går dei som samlar skattar til seg sjølv. Annleis må det vera med dei som ikkje samlar skattar til seg sjølv, men som forvaltar det dei har slik at dei får ein skatt i himmelen. Er vi rike på slike verdiar som vi kan ta med oss? Forvaltar vi slik at vi får del i dei verkelege verdiane. Ein som hadde oppdaga dette, var den amerikanske låtskrivaren og artisten Gary S. Paxton. Han syng i ein av sine songar:

The world always says that you can't take it with you, but my riches transfer okay. Cause the world didn't give it to me, and the world can't take it away.

Jesus snakka mykje om pengar og rikdom. Han var oppteken av å gjera gode investeringar. Han forklarte kor viktig det var å visa truskap med det vi har blitt gitt å forvalta, ikkje berre pengar, men også pengar.  Kanskje vi skulle sagt; ikkje minst pengar og alt som kan kjøpast for desse!

Jesus kallar rikdomen for "den usikre rikdomen". Mange er opptekne av å sikra framtida si, sjølv om ingen av oss kan vera heilt sikre på at vi får ei framtid. Tidene er usikre, økonomi og marknad er ustabilt. Det som har verdi i dag kan ha liten verdi i morgon - og omvendt. Kong Salomo samla enorme skattar til seg sjølv, trass i at kongelova sa at ein konge ikkje skulle gjera nettopp det. Kong David samla seg også mykje rikdom, men han gav det alt saman til Herrens hus. Kvifor gjorde han det? Fordi lengselen hans var å bu i Herrens hus og beundra Herrens nærvær og herlegdom. Guds bustad låg han på hjarta meir enn noko anna, og sjølv om han fekk vita at han ikkje skulle byggja huset sjølv, så gav han alt for å leggja til rette for det som andre skulle gjera. 

Då Jesus snakka om pengar, brukte han uttrykket "pengane som det hefter urett ved". Det er nemleg lett for å gå krokvegar i jakta på pengar, som ikkje toler dagens lys. "Å ta muter" (å la seg bestikka) er ein ting Guds ord gjentatte gongar åtvarar mot, og skildrar konsekvensen av. Krokete vegar som fører til raskare og større inntening er ting som hentar oss inn igjen på litt lengre sikt. Det Guds dom er over, er det lite lurt å halda på med. 

Kjærleik til pengar er rota til alt vondt, seier Bibelen. Pengane og rikdomen i seg sjølv, er berre ein god ting som gir oss anledning til å investera i dei verkelege verdiane. Å ha såkorn å så, er ein føresetnad for å hausta. Løftet i ordet, er at Gud gir oss både såkorn å så og brød til å eta. Når det er tid for å hausta, er det dumt at ein ikkje sådde, då det endå var tid til å så. Det blir ingen potethaust om ikkje såarbeidet blir gjort om våren. Vi er velsigna som ikkje berre har brød å eta, men også såkorn å så. Det skulle vore slik at di meir vi har, di meir har vi å gje. Men når kjærleiken til pengane grip oss, så blir det omvendt. Di meir vi har, di meir glade blir vi for å oppdaga alt det vi kan samla for oss sjølve. Materialismen fangar oss i eit nett vi treng Guds hjelp for å koma oss ut av. 

For eit par år sidan møtte eg ein kjenning frå mange år tilbake. Han var ivrig på å snakka om økonomi og sa: Norleif, du er vel god for ti millionar, du?

Eg tenkte at eg får først bli kvitt lånet på huset, før vi snakkar om millionar på bok. Men eg er rik! Eg er rik i Gud. Og eg har alt eg elles treng og vel så det. Men eg vil heller gå herifrå og møta hundre tusen venner som tek imot meg i dei evige heimane enn å gå herifrå fattigare enn då eg kom til verda. Då eg kom, hadde eg ein far og ei mor som Gud hadde sett til å ta vare på meg. Når eg dreg herifrå har eg ingenting, om eg ikkje har det som Guds ord lovar.

Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der møll og makk ikkje øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.

Eg gløymer ikkje innsamlinga vi hadde for mange år sidan, for at kinesiske leiarar og evangelistar skulle få sin eigen bibel. Eg hadde bedt Gud om eitt tusen biblar. Men han sa: Ikkje be om tusen, be om to tusen.

Ein bibel, trykt og distribuert i Kina, kosta den gongen 18 kroner. Siste dagen vi hadde offer til dette i menigheten, og søylediagrammet vårt steig til godt over målet vårt på 40 000 kroner, hadde eg eit syn. Den eine etter den andre av desse kinesarane som hadde fått ein bibel, steig fram i dette synet, løfta opp bibelen sin, peika på hundrevis av menneske som stod i skråninga bak dei, og sa: Takk for bibelen de gav meg. Dette er dei menneska eg har vunne for Gud på grunn av den bibelen eg fekk.

Jesus sa: Bruk den uheiderlege Mammon (pengeguden) til å vinna dykk venner som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.

Der skatten din er, vil hjatta ditt òg vera.


Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...