Det er minst to måtar å forstå uttrykket "Gud har kontroll" på. Den eine tilnærminga er å utøva kontroll, altså å kontrollert styra det som skjer. Den andre er å ha kontroll på det som skjer, sjølv om ting hender som ikkje er i samsvar med Guds vilje. Gud har sin eigen plan som han arbeider etter, og den vil bli fullenda.
I det første tilfellet vil ein tenkja at når ting skjer som ikkje er Guds vilje, så er Gud utanfor kontroll i den aktuelle situasjonen. På eitt eller anna vis, ser ein for seg at dette går tilbake til Edens hage, der Gud "gav frå seg" ansvarte til mennesket om å styra. Dei gav som kjent dette mandatet frå seg til djevelen, slik at det frå då av var han som sit med den rettmessige autoriteten over verda. Dette vert underbygd ved at Paulus omtalar han som "Denne verdens gud". Vidare tenkjer ein at det var sant, det djevelen sa til Jesus, då han kom med tilbodet om all makt og herlegdom. Han sa: "Alt dette er lagd i mi hand og eg gjev det til kven eg vil. Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman".
No er Bibelen klar på at Jorda og alt som fyller henne, verda og alle som bur der, tilhøyrer vår Gud. Er det faktum, at Gud gav menneska eit oppdrag, det same som at han gav frå deg all makt og autoritet? Sjølvsagt ikkje! Alt same dagen som fallet var ein realitet, var Gud i gang med sin gjenreisingsplan, ein plan med sin eigen Son som skulle oppfylla lovnaden som kvinna fekk om nåde. Og det var Guds sanne nåde som gav ho, som starta opprøret, ein lovnad om ei ætt som skulle knusa slangens hovud.
Før verda vart grunnlagd, utvalde Gud oss i Jesus Kristus til å stå heilage og feilfrie for hans åsyn. I kjærleik og av sin eigen frie vilje, avgjorde han på førehand at vi skulle få rett til å vera hans born ved Jesus Kristus, til lov og pris for hans herlegdom og nåde, som han så rikeleg gav oss i han som han elskar så høgt. Difor var ikkje Guds plan med Jesus ein reserveplan, men den opphavelege meininga bak alt.
Var det Guds vilje at menneska skulle gjera opprør? Langt ifrå! Mista Gud kontrollen då det likevel skjedde? Nei, men han nytta høvet til å løfta litt på loket og seia litt om sin eigen plan med Jesus og for oss alle.
Ein ting som har lett for å snika seg inn i all teologisk tenkjing og diskusjon, er trangen til å setja Gud i system som kan forklarast og forståast og som passar inn i menneskeleg tankegang. Kan vi i det heile teke, sleppa unna undringa over ein Gud som er for stor til å passa inn i vårt gudskapte intellekt?
Det er mange moderne og udefinerte ord og uttrykk vi ikkje får Gud til å passa inn i fordi Bibelen ikkje brukar dei. Vi må tala om Gud med ord som Anden har lært oss. Vi kan ikkje sei om Gud, at han er kul, grei, snill, morosam etc. Men vi kan sei at Gud er god. Han er god og han gjer det som er godt. Men er det alltid slik, at det som er godt i Guds auge, blir sett på som godt av alle andre.
Eg høyrer folk som seier at Gud dømer ingen. Kor har dei fått det ifrå? Andre seier at Gud aldri straffar. Eg har stor forståing for at ein vil ta i tu med gamal lovisk tankegang som seier at dersom du blir sjuk eller blir utsett for andre uheldige inntreff, så er det straff ifrå Gud på grunn av eitt eller anna gale du har gjort. Men vi må ikkje kasta på havet det faktum at Gud tek seg av oss som ekte barn og derfor tuktar oss i kjærleik. Det Bibelen seier er at "Son min, forakt det ikkje når Herren viser deg til rette og mist ikkje motet når han refsar. For den Herren elskar viser han til rette, og han straffar kvar son han tek seg av."
All tukt synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hjå den som slik har vorte oppøvde
Men vonde og uheldige hendingar, handlar også om våre val og konsekvensane desse får. Konsekvensen av å leva på måtar som Gud har advart oss mot, kan vera smerteleg, men også ei hjelp til læring. Han ville verna oss frå det vonde. Men livet er slik for alle, at gjer du det gode haustar du velsigning. Sår du derimot i den syndige naturen, vil du hausta undergang av den. Køyrer du i 200 km/t der fartgrensa er 80 og blir tatt, kjem du i fengsel. Er det i så fall Guds straff? På mange måtar ja. Han har sett styresmaktene til å straffa det vonde. Og det er ei god handling, fordi det gir nåde til å bestemma seg for aldri å ta slike sjansar igjen. Dessutan er det godt fordi det er til skrekk og årvaring for andre om ikkje å gjera slikt som set eige og andre menneskeliv i fare. Men det er også ein soleklar konsekvens av å gjera det forbodne.
Eit siste diskusjonstema eg vil ta opp her, er spørsmålet om Gud av og til prøver oss. Eg vil seia klart ja til det spørsmålet. Bibelen seier at sølv prøver ein i digelen og gull i smelteomnen, men Herren prøver hjarta. At Herren aldri prøver oss, stemmer ikkje heilt verken med Guds ord eller med våre daglege erfaringar. Mykje av det som kjem i vår veg, er situasjonar som i sin eigen natur blir ein test på oss. Vil vi tru og setja vår lit til Herren eller vil vi søkjer hjelp frå andre kjelder? Gud elskar vår tru og ønskjer at trua og kjærleiken vår stadig skal veksa og bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt. Han set oss ikkje på prøve for å ha glede av å ta oss på eit eller anna område Men han legg anledningar i vår veg til å veksa i tru og læra han å kjenna betre og betre. Det har ofte hendt at vi har vore i utfordrande situasjonar og skal ta avgjerer som ikkje gjir seg heilt av seg sjølv. Ofte har eg tenkt at når vi no er der vi er, er det ein viktig test på oss, at vi gjer det rette og det som Gud vil.
Gud velsigna Israel i øydemarka og gav dei manna å eta. Men mannaen kom ikkje åleine. Den kom saman med Guds ord om korleis alt skulle foregå. Dei som ville høyra og lyda desse orda, blei velsigna. Dei andre måtte læra ei lekse. I 5. Mosebok, seier Gud at då dei fekk mannaen saman med forskriftene, så var det for å prøva dei. Han ville sjå kva som budde i dei og dessutan læra dei at menneske lever ikkje berre av brød, men av kvart ord so kjem ut frå Herrens munn.
Og han er den same i dag som i går. Vi kjem i situasjonar heile tida, gode som negative. Ofte er det i dei gode at det er viktigast å vera vakne. Skal vi gjera Herren til lags eller menneske? Eg finn av og til at det er viktig å stilla seg følgjande spørsmå når meiningane er mange og forslaga gode: Er dette noko Herren har bedt oss om å gjera?
Guds plan om å samla alt i himmelen og alt på jorda til eitt i Jesus Kristus, vil bli fullenda. Ingenting av det Satan finn på rokkar ved at Gud har full kontroll på sin plan. Om han ikkje har det, så må han ha mista kontrollen på eitt eller anna tidspunkt. Men hebrearbrevet 2, 6-8 seier det slik i den engelske bibelen ESV: What is man, that you are mindful of him, or the son of man, that you care for him? You made him for a little while lower than the angels; you have crowned him with glory and honor, putting everything in subjection under his feet. Now, in putting everything in subjection to him, he left nothing outside his control.
Konsekvensen av at vi eventuelt definerer kva som er godt ut frå reint menneskelege perspektiv, blir at vi i ytterste konsekvens syns synd på djevelen som skal kastast i sjøen som brenn med eld og svovel og undrast over at Gud som er god kan gjera noko så "grusomt". At Gud skal utrydda all vondskap med rota i sin rettferdige dom, må vera ein god ting. Kanskje det heller er tid for å observera Guds daglege dommar og læra rettferd av dei.
Nyleg skulle eg støypa eit golv på eit baderom. Det skulle vera eit gitt fall mot sluk, men avretningsmassen stivna i raskaste laget for meg. Eg hadde eit uhell under arbeidet og måtte gå frå eit dårleg resultat som ikkje kunne bli ståande som det endelege. Golvet hadde ein kul på midten og fallet blei ikkje som det skulle. Men eg mista ikkje kontrollen over det endelege resultatet. Det fins måtar å retta opp feil på som gjer at det kan bli rett til slutt.
Gud er ein gjenreisande Gud. Hans plan er ein gjenreisingsplan og han veit akkurat korleis hans plan skal arbeidast ut når alt ser ut til å gå gale i våre menneskelege auge. Fordi alt er underlagt han, er ingenting utanfor hans kontroll, sjølv om ikkje alt er synleggjort enno. Det er derfor vi må la trua vera full visse om det vi enno ikkje ser.