torsdag 31. august 2023

Haust





Sommaren går over i haust. Rognebæra modnast på treet. Enno er det umodne bjørnebær på buskane i hagen og gulerøter i grønsaksbenken. Men alt av bær og frukt elles er plukka i hus og det meste fortært. Mange dagar er enno varme og veldig imøtekomande, men kvar morgon kjem litt seinare enn den førre og kveldane pustar ettermiddagen i nakken i eit forsøk på å ta føringa heilt. Det går unekteleg mot haust i det naturlege, men det gjer det også i åndeleg meining. 

Vi høyrer vitnesbyrd frå mange unge som har vakse opp i kristne heimar og i kristne forsmamlingar. Dei vart ikkje verande der men glei ut frå fellesskapet på eit eller anna tidspunkt i ungdomstida. Grunnane kan vera mange og ulike, men Gud gløymde dei aldri, og heller ikkje av mange som har bedt for dei. Mange av dei kom aldri skikkeleg gjennom til ei levande tru i ungdomsåra. Miljøkristen gudstru er meir knytt til menneske, miljø og naturleg trivsel enn til den levande Gud.

Men så har mange kome til punkt der dei berre har blitt møtt av Gud. Og når Gud grip inn i livet, snur det opp ned på alt. Hans suverenitet i å kalla, hans styrke i å dra menneske til seg sjølv, er langt over det vi som menneske kan gjera. Vitnesbyrda frå mange unge, har siste tida begeistra meg. Vi ser konturane av kva Gud held på å gjera. Vi kjenner smaken av åndeleg gjennombrot i landet vårt. Det inspirerer alle som ber. Det gjev sterk forventning til dei som trur. Det gjev tru til håpet og lengt etter meir av same slaget.

Gud er trufast og står bak alle sine lovnader. Han gjennomfører sin plan. Han skal gje oss visdom til korleis vi kan førebu oss på å hausta inn grøda som tilhøyrer han. Det er haust og tid for å hausta.



Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...