fredag 20. september 2024

Kong Saul - på godt og vondt

Det er stor forskjell på dei to israelskongane Saul og David, sjølv om dei begge kan omtalast både på godt og vondt. Saul er sjølvsagt den som kjem dårlegast ut i samanlikninga og får stempelet som den  ubrukelege som vart forkasta av Gud og som måtte erstattast av ein mann etter Guds hjarta, nemleg David.

Men eg finn det ikkje heilt rett å ikkje leggja merke til dei gongene Saul stod fram i tru og handla på Herrens ord. For det er to ting eg ikkje kjem unna med Saul sitt liv. Det eine er korleis Gud forandra han for den store oppgåva han fekk. Det andre er korleis Gud brukte han før han sjølv rota det til. Om vi ikkje ser desse sidene, blir det vanskeleg å kjenna oss igjen i faktorr som også spelar inn i våre liv. Det er ikkje slik at Saul ikkje hadde noko av det han trong for å lukkast, men snarare at han mangla ting som førte til at oppdraget gjekk i grus. Det han hadde, kan kanskje seiast å liggja i den utrustning Guds Ande, Guds nåde og Guds ord gav han. Det han ikkje hadde, var tru og tolmod som frykta Herren meir enn menneske. Men dette er ting vi alle treng å læra. Gudsfrykt er ting vi øver oss i. Og vi skal vera audmjuke i å forstå, at viktigare enn å leita etter manglane på startstreken, er det å sjå behovet for det som treng å trenast opp for å koma i mål. 

Sjølv Samuel som salva både Saul og David som kongar, var i vokster og forandring. Han vaks opp hos Herren (1 Sam 2,21) ESV uttrykkjer det slik: Samuel grew in the presence of the Lord. Litt lenger nede ser vi at han held fram å veksa både i alder og i velbehag hos Herren og også hjå menneske. Dette, trass i at han endå ikkje kjende Herren, sidan Herrens ord enno ikkje hadde blitt openberra for han (3,7). Etterpå ser vi i 3,19-21 at Samuel vaks og at Gud var med han og at ikkje nokon av dei orda Herren talte til han fall til jorda. Ja, heile Israel forstod at Samuel var etablert som ein Herrens profet. Og Herren viste seg igjen i Sjilo og openberra seg igjen for Samuel ved sine ord. I 4,1, ser vi at Herrens ord til Samuel nådde heile Israel.

Israelittane krevde ein konge mot Guds vilje, fordi dei ville vera som dei andre folka. Endå Samuel åtvara dei og forklarte kva det ville kosta dei, forkasta dei Herren som konge over seg og ville ha ein menneskeleg konge som dei andre. Det var Gud sjølv som valde ut Saul til å fylla denne oppgåva. Vi kan vel sei at Gud valde ut den mannen som folket ønskte seg. Han var flott å sjå til og eit hovud høgare enn andre. Men han var den Herren valde ut for dei. Det er vanskeleg å tru at Herren ikkje ville at han skulle lukkast. På same tid, fordi han er Gud, visste han korleis alt kom til å gå. Det menneske vil, som står Gud imot, vil aldri lukkast. Sjølv om det difor er eit håplaust spørsmål å stilla, må vi likevel sjå på det for ikkje å missa, for vår eigen del, dei læringsfaktorar som ligg i denne historia. Som Paulus seier til korintarane: Det som hende med dei, skulle vera til åtvaring. Det er skrive ned til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne (1 Kor 10, 11).

Eg har lyst til å sjå på nokre hendingar i Sauls liv som kan vera både generelle og spesielle med tanke på oss som lever idag. Vi finn både gode og dårlege føresetnader med tanke på å lukkast eller mislukkast. Vi finn føresetnader som Gud gav til Saul og vi finn føresetnader i hans eigen personlegdom og liv. 

Det første oppdraget Saul fekk av far sin, var å leita etter nokre bortkomne esel. Han går villig og utan protestar saman med ein av dei unge tenarane og gjer ein grundig leitejobb, etter det inntrykk vi får. Dei leitar så lenge at dei tilslutt er redde for at faren skal bli meir uroa for dei enn for eselhoppene. Det kan vera litt søkt i dette tilfelle, å sei at truskap i små ting set oss over større ting, men vi skal aldri underslå at ei reise i Guds plan kan ha heilt andre utgangspunkt enn reisa sitt endemål. Saul drog ut for å leita etter faren sine esel og kom heimatt som Guds utvalde prins over Israel. Han fortalde til onkelen sin at dei hadde vore hjå profeten Samuel og fått vita at eselhoppene hadde kome til rette. Men det som hadde med riket å gjera, sa han ingenting om. Var det visdom å halda dette løynd, eller var det berre eit uttrykk for Sauls beskjedne natur?

Vi må sjå nøye på dette området i Sauls karaktér. Å vera audmjuk og ikkje snakka i store ordelag om seg sjølv, er ein god eigenskap, men den har grøfter rundt seg som er lett å falla i. Lat oss først sjå litt på korleis denne audmjuke haldninga kjem til uttrykk.

1 Sam 9,20-21 Eselhoppene som kom bort for deg for tre dagar sidan, skal du ikkje vera uroleg for; dei er komne til rette. Men kven er det heile Israel ønskjer seg? Er det ikkje deg og huset til far din?» Saul svara: «Men er ikkje eg berre ein benjaminitt, frå ein av dei minste stammane i Israel? Og er ikkje slekta mi den ringaste av alle slekter i Benjamin-stammen? Kvifor snakkar du då slik til meg?»

Her brukar Saul ei kjend forklaring frå Bibelen som har utgangspunkt i reint menneskelege synspunkt. Han har inga forståing for korleis Gud arbeider, han som vel seg ut det som ingenting er for å gjera til skamme det som trur at det er noko. På den andre sida var det at heile Israel ville ha Saul og hans farshus over seg, også eit reint menneskeleg ønskje. 

Moses, Gideon og mange andre orsaka seg på liknande måtar. Kva gjorde at dei lukkast og ikkje Saul?

Seinare, då Saul vart stilt fram for heile folket, fann dei han ikkje. Han hadde gøymt seg mellom alt krigsutstyret. Er dette eit teikn på sjenanse eller frykt? Kanskje litt av begge deler. Men det har lite å gjera med den audmjuke haldning som Gud auser sin nåde ut over. Vi kjenner godt til Bibelens ord og at Gud står den stolte imot, men den audmjuke gir han nåde. No hadde alt Gud gitt Saul stor nåde. Den dagen han gjekk frå Samuel i Sjilo, gav Gud han eit anna hjarta. Og då han møtte flokken av profetar, kom han i profetisk glød og profeterte saman med dei og han blei eit heilt anna menneske. Total forandring ved Guds Ande som kom over han. Det vart endå til eit ordak i landet: Er Saul også mellom profetane?

Men vart han verande i salvinga? Omfavna han Guds nåde for alt det nåden var gitt for? 

Ein av situasjonane eg syns Saul viser at han er audmjuk, er etter sigeren over Ammonittane. Då Saul vart salva til konge i Mispa, vart han hylla av dei fleste, men det var nokre som håna han. Dette beit han i seg og gjorde ingenting med, endå det kunne vore ein kime til indre splid. Vi ser at David var stor nok som konge til å kunna handtera folk som tydeleg viste teikn til illojalitet. Vi ser til dømes i hærføraren Joab sitt liv at lojaliteten hans til David hadde sprekker heilt frå drapet på Abner og kom til fullt uttrykk mot slutten av Davids regjeringstid. David levde med dette så lenge han var konge, men gav Salomo klar meldig om å rydda Joab av vegen. Han visste at Salomo ikkje kunne handtera ein mann som Joab. 

Når vi ser på Sauls liv, er det lite som tyder på at han er ein som kan handtera opprørske grupper. Etter sigeren mot Ammonittane, der Saul demonstrerer ei kongsmakt med Guds hand som hjelp til visdom og kraft, meiner somme at han må ta livet av desse spottarane som ikkje hadde tru på han. Men då står Saul fram som slik David gjorde etter Absaloms opprør: På denne dagen skal ingen drepast, for i dag har Herren gjeve Israel siger.

Det var ein måte å gje Gud ære på og overlata straffa til Herren i staden for å vera stolt over sin eigen siger å gå sine eigne vegar i å straffa dei som såg ned på han sjølv. 

I kapittel 15, får Samuel vita at Saul har reist eit minnesmerke over seg sjølv på Karmel og tatt vegen nedover mot Gilgal. På dette tidspunktet har Saul vore ulydig mot Guds klare ordre og tatt vare på bannlyst gods under dekke av si eiga bortforklaring. Han ville ofra det beste til Herren. I møte med Samuel får Saul høyra frå Samuel: Sjølv om du er liten i eigne auge, er du likevel overhovud for Israels stammar! Herren salva deg til konge over Israel. 

Det er ikkje nok å vera liten i eigne augo om ein ikkje har ei lydig tru. Saul erkjenner sine synder og kjem sjølv med ei oppsummering av sitt eige problem: Eg har synda, for eg har brote Herrens bod og dine ord. Eg var redd folket og gav etter for dei.

Å vera liten i eigne auge kan vera ein fin og god ting. Det gjer oss totalt avhengige av Gud og andre. Og det er her vi kan gå så forferdeleg feil. Kjenner vi oss avhengige av menneske eller av Gud? Menneske kan svikta og av og til vil dei svikta, men Gud sviktar aldri. I mange av situasjonane Saul var i, viser han kor redd han var for menneske og kor redd han var for å bli ståande untan full støtte og hjelp frå menneske. Viljen til å stå åleine med Gud som hjelp, syns å vera fjern. I 15,23 seier ESV: Rebellion is as the sin of divination, and presumption is as iniquity and idolatry. 

Dette viser det store alvoret både i ulydnad og det å gjera ting på vår eigen måte og tru at Gud skal synast godt om våre lure forslag ut frå vår menneskelege forstand. 

Å vera audmjuk kan ikkje erstatta lydnad, karaktér, integritet og frykten for Herren.


søndag 15. september 2024

Gje alltid menneske ein sjanse til å ta imot Jesus

Ein god venn av meg som er evangelist, brukar alle anledningar i møter der han forkynner, til å gje ein invitasjon til frelse. Han har det som eit prinsipp, sjølv om han veit det er eit møte i ei forsamling der alle som er der går fast og høyrer heime.

Eg har forstått meir av kor viktig det er å  gjera dette av fleire grunnar. For det første er det lett å ta for gitt at dei som kjem til møter er kristne. Mange har vakse opp i forsamlingane som ein del av familien. Dei syng med på songane og er med på aktivitetane, men har dei hatt reelle møter med Jesus og blitt født på nytt. 

Altfor mange kristne har så lite erfaring og er dermed så lite frimodige med å leda andre til Jesus at dei fleste slike initiativ heilt enkelt uteblir. Veldig mange er flinke til å vitna om sine eigne erfaringar i livet med Gud. Andre har stort frimod til å be for menneske dei møter som har helsemessige eller andre behov. Det å byggja gode relasjonar og vinna respekt mellom naboar eller folk på arbeidsplassen, er noko vi ser mange er flinke til. Men det store spørsmålet er: Gjev vi dei evangeliet og utfordrar vi dei til å ta imot Jesus som sin personlege Herre og frelsar? Ofte er det her frimodet kjem til kort og anledningane går i frå oss.

Vi treng å trena på dette. For min eigen del har eg hatt to treningsarenaer som har hjelpt meg. For mange år sidan, då Jesus hadde fått livet mitt, var det noko inni meg som sa at eg måtte ut til andre med godt nytt frå Gud. Eg hadde berre to metodar i referansane min den gongen. Det eine var å forkynna på møter. Og det andre var å gå på husbesøk slik Jehovas Vitner gjorde. Gateevangelisering hadde vi ikkje høyrt om. Dessutan fans det ingen gater langt ute på bygda. Å forkynna på arbeidsplassen var heller ikkje aktuelt, fordi eg arbeidde for meg sjølv som bonde og hadde verken folk over meg eller under meg. Sjølvsagt var det ikkje nødvendig av den grunn å hengja fast i metodikk, men det var no berre slik det var, så eg begynte å gå på husbesøk. Første gongen var ein skikkeleg utfordring. Andre gongen var utfrodringa mindre. Etterkvart likte eg det så godt at eg like gjerne gjekk åleine som saman med andre. Men vi gjekk mange gonger to og to dei første åra. 

Også på husbesøk opplevde eg at det var veldig tilfredsstillande å gå gjennom heile bygder og få lange gode samtalar om Gud, sjølv utan at eg fekk gitt ein skikkeleg invitasjon til å ta imot. Såarbeid er sjølvsagt verdifullt uansett. I tillegg var det ei veldig god trening for min eigen del og viktig læring i korleis gangnlause religiøse idear fangar menneske og held dei borte frå Kristus. 

Den andre viktige treningsarenaen som har vore eit privilegium for meg å ha gjennom mange år, er å vera på ulike typar evangelisering i andre land, ikkje minst i Bolivia, der folk er veldig opne for Gud. Der har det sjeldan vore samtalar ein til ein, men vi har forkynt til flokkar eller grupper av menneske frå alle typar sosiale lag. Erfaringa av at menneske gir respons til evangeliet har vore akkurat det same, enten det er skuleklassar, grupper av universitetsstudentar, vanlege folk på gata, politikarar, grupper med politifolk, store militærleirar, fotballag eller ein liten familie i parken. Noko av det eg har tatt med meg heimatt frå Bolivia er trua på krafta i evangeliet og forventninga til at dei vil ta imot om vi berre gir ein invitasjon. I europeiske fengsel, på Filippinene og andre stader eg har vore så velsigna å få vera med, er erfaringane dei same. Kvifor skulle det vera annleis i Norge. Vel, Vesten er ikkje heilt lik resten. Men krafta i evangeliet er det same. Om vår tru på krafta i evangeliet og frimodet til å dela det og hjelpa folk til å ta imot det får vera den same her som andre stader, så vil forskjellen på Vesten og resten visa seg å vera langt mindre.

Evangelisten som eg refererte til å starten, har sagt til meg dette: "Det må alltid vera ei innbyding til frelse!" Han meiner det og lever etter det sjølv. Orda hans har festa seg hjå meg. Og dei dukka opp i dag under lovsangen på møtet på Gullbotn under menighetshelga vi hadde der. Somme av dei store barna som er i våre familiære relasjonar hadde invitert med seg venner på det som skulle vera ei helg for menighetens folk. 

Eg vil bekjenna at eg fleire gonger har hatt spørsmål om vi burde hatt med desse som ikkje høyrer menigheten til på ei menighetshelg. Men så ser eg at det er besteforeldre som ønskjer å ha dei med fordi dei ikkje finn så mange andre arenaer for desse til å koma under kristen påverknad. Og så har desse igjen med seg sine venner, store barn som vi ikkje kjenner til frå før. Eg har bedt Gud om tilgjeving for ikkje å ha sett før kor fantastisk det er vi har med unge menneske på ei slik helg som ikkje har tatt imot Jesus endå. Det var litt det som skjedde under lovsangen då Gud tala til meg og sa: "Det er ein ting til du må gjera; ikkje la nokon reisa herifrå utan ein invitasjon til å ta imot Jesus." Så eg delte evangeliet med dei, gav ei enkel forklaring på kva Jesus har gjort og kva det vil sei å bli frelst og født på nytt. Seks barn, dei fleste store barn, rakk handa opp, kom fram og tok imot frelse frå Gud. 

Like enkelt som i eit møte i Bolivia, eller som i eit fengsel i Tsjekkia eller som kvar som helst evangeliet ikkje blir forkludra men forkynt klart og reint, enkelt og forståeleg. Det er ei ny tid i vårt land. Det krev at vi ser med nye briller og ser dørene som opnar seg inn til menneskehjerter. Og det krev at vi gløymer det som ligg bak og strekkjer oss etter det som ligg framfor. For slik det var kjem det aldri meir til å bli. Og slik det har vore for kvar av oss, skal det ikkje lenger vera. Vi går inn i nye erfaringar med tru og forventning. 


Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...