I mange år har Bergen Bibelskule sendt team i praksis til Bolivia. Men siste åra har det ikkje blitt slik, fordi misjonærane vi har jobba med ikkje var på misjonsfeltet i 2017, den politiske situasjonen i landet var uroleg og i 2020 kom pandemien over oss med nedstenging og alle dei avgrensingar som dette medførte.
Men no i 2023 ligg forholda igjen til rette for å gjera ein ny tur. Sjølv har eg vore i Bolivia fleire gonger sidan 2016, men ikkje med studentar frå bibelskulen. Vi ser fram til turen med stor forventning til Gud. Programmet vi har fått er variert og spennande. Det blir mange anledningar for både elevane og meg og Jan, til å forkynna evangeliet, undervisa forsamlingane, treffa nye grupper, vera med på nyplanting på nye plassar vi ikkje har vore før og sjå og nyta deler av dette fantastiske landet sentralt i Sør-Amerika.
Eg er så glad for at Jan Arefjord skal vera med denne gongen. Han har ikkje vore i Bolivia tidlegare, men vi har kjent sterkt på at no er rette tida for han til å vera litt meir fysisk nærverande i eit arbeid der hjarta hans har vore i mange år.
Etter litt fram og tilbake, har eg blitt einig med meg sjølv om å bruka denne bloggen som informasjonskanal for det som skjer under turen. Eg syns det er viktig å gje god og hyppig informasjon til alle som trufast står med i bønn for alt som skjer. Eg kjenner meg veldig liten og totalt avhengig av Gud i dei store forventningane han har gitt oss. Vi er midt inne i ei tid der Gud utvidar oss og lærer oss å leva i tru på nye måtar. Han fører oss rett og slett ut på djupare vatn der sjølvkontrollen blir mindre for kvart steg vi tek nedover med straumane.
Det er eit stor privilegium å få vera med på det Gud gjer i Bolivia. At han har gitt oss denne oppgåva, gjer meg veldig, veldig takksam. Ting er slett ikkje alltid lett, men vi lærer å sjå ting i rette perspektiv og finn oss sjølv på ein plass der Gud formar oss og brukar oss på same tid. Eg kjem ikkje laus frå den bønna Paulus ber for menigheten om at dei må bli fyllt av kunnskap om Guds vilje, ved den visdom og innsikt som Anden gjev, så vi kan leva eit liv som er Herren verdig og vera fullt og heilt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskapen til Gud.
Å vera i den prosessen, er godt.
Vi reiser torsdag 13. april, på ettermiddagen og kjem heimatt 2. mai. Takk til alle som vi løfta både Bolivia og oss som reiser på denne turen, opp til Herren i bønn.