Eg veit ikkje kor mange år det er sidan første gongen vi tok bibelskuleklassen med til konferansesenteret vårt på Gullbotn ei veke i februar, for å gjera dei til brukande misjonærar. Men det var ingen klasseromsundervisning med fine foredrag og flotte presentasjonar. Snarare tvert imot. Dei måtte hoppa i arbeidsklede og stå på frå tidleg morgon til godt ut på kvelden.
Det gjekk opp for meg for mange år sidan at vi ikkje kunne senda team av elevar til misjonsfeltet som ikkje har initiativ til å tena arbeidet, som er tunge å be og som ikkje ser oppgåvene som ligg openberre framfor dei. Menneske som er så skada av vår eigen heimlege kultur, og så lite forma av Guds rikes kultur, at dei søkjer sitt eige ve og vel, heller enn å gje seg sjølv til arbeidet. Gruppene vi sender skal vera ein reell ressurs i arbeidet - ikkje ei belastning.
Å trena misjonærar er ikkje det same som å førbu folk for turisme. Vi sender ikkje folk frå bibelskulen vår for å sjå på korleis arbeid vert drive, men for å vera "hands on" på det som skjer.
Då det for mange år sidan gjekk opp for meg at eg ikkje hadde vore i stand til å sjå korleis samfunnskulturen hadde endra seg og sett sitt preg på dei flotte ungdomane våre i møte med ein framand kultur og 35 varmegrader, måtte eg gå i meg sjølv og setja eit stort spørsmålsteikn med måten og innhaldet i dei førebuingane eg sjølv hadde ansvar for.
Vi var fleire som snakka om korleis vi kunne forbetra vår eiga misjonærtrening. Idèen kom i det same eg sa den ut høgt: Eg skal ta dei med til Gullbotn ei veke med praktisk arbeid. Der skal dei få læra å arbeida like lange dagar som eit normalt vaksenliv fører med seg. Dei skal vera uthaldande utan å klaga over småting, vera fokuserte på oppgavene, initiativrike, tilgjengelege for alt som gangar det som er større enn dei sjølve og læra å fungera i team. Dei skal forstå at vi har suksess eller feilar saman og at det er "ein for alle-alle for ein" som gjeld.
Mange gler seg til desse vekene, andre gruar seg. Nokre syns det er tungt i starten, for andre går det fint. Felles for alle når vi er ferdige, er glede og takksemd. Resultatet etter ferdig utanlandspraksis er kor takksame dei er for dagane på Gullbotn.
Det dei møter til dømes på Filippinene har vi ingen rèell sjanse for å trena dei på her heime. Det får dei ta når dei kjem dit ned. Men innstillingane, viljen, trua på å lukkast, det å vera til disposisjon heile tida, ta ting som dei kjem med godt humør og visa trufast tenarskap - det kan vi læra dei.
Nokre oppgåver er kjekke og spanande å utføra. Andre er så keisame at det må pur viljestyrke til for å koma i mål. Om vi ikkje lærer å gjera begge deler med same positive haldning, og gjera det for Herren og ikkje for menneske, så er vi ikkje gode tenarar verken for Gud eller andre. Når vi først har forstått at det å vera trufast i små ting, kvalifiserer til dei større, er mykje gjort. Det er mange ting folk veit om. Å vita noko, er aldri det same som å ha lært det. Når det er lært, ber ein det med seg. Identitkjensla aukar og vi kjenner oss sjølv betre. Det blir lettare å sjå seg sjølv som viktige og sjå med tru på det å lukkast ved Guds nåde.
Ungdommane på BB er lærevillige, formbare og ivrige etter å reisa ut på misjonsreiser. Det gler meg å sjå at dei forstår konseptet vi brukar, og at alt arbeidet har ei større meining enn berre arbeidet i seg sjølv.
I morgon er siste skuledagen før første gruppa reiser ut. Eg er overtydd om at dei vil gjera ein god jobb og ikkje la seg avleda av ting som distraherer og vil ta fokuset vekk frå det primære oppdraget der salvinga verkar og nåden flyt.