lørdag 21. desember 2024

Ei hjelpande hand kan føra til mykje godt

Frank er ein veldig god venn, han er med i menigheten vår og er ein svært hjelpsam og dyktig mann på veldig mange område. På bildet er han saman med Pastor Sam Yogi i den tamilske forsamlinga "Church of Living Word" i Bergen. 

Kontakten mellom dei starta utanfor Autorek på Minde i Bergen, der den tamilske pastoren sleit med å skifta ei lyspære på bilen sin. Somme av oss er skrudd slik i saman at vi ikkje kan sjå på slikt utan å hjelpa. 

Seinare fekk eg også møta pastoren. Ein skade på bilen hans vart retta opp heime i garasjen hjå meg av den same Frank. Eg stakk innom ein dag eg såg der var aktivitet og gjekk ut igjen litt seinare etter ein liten prat og ei lita bønnestund. 

Det som starta med ein trang tilkomst til ei billykt, fekk interessante følgjer som ingen av oss veit slutten på endå. For, som om ikkje eit stort fat med sjølvlaga vårrullar var nok som takk for lånet av garasjen, vart både Frank og meg inviterte på Church of Living Word sitt julebord i dag. Sam Yogi ringde meg for nokre dagar sidan og ville at eg skulle dela evangeliet under festen. Han la til at det ville vera fleire der som ikkje kjenner Jesus. Eg takka ja med ein gong og skreiv det opp i kalenderen med høgste prioritet. 

Programmet varte i fem timar. Eg forstod nesten ingenting verken av det som vart sagt eller sunge, men maten var god og riskremen etterpå er den beste eg har vore borte i. 

Det er mange ting ein gjerne skulle visst når ein møter folk frå ein så ulik kultur. Eg visste ikkje at fleire av dei ikkje-truande var hinduar. Eg visste ikkje at det ikkje er kultur for å rett opp handa og koma fram på ein frelsesinvitasjon på Sri Lanka. Men det eg veit er at evangeliet er Guds kraft til frelse, at det skaper tru når det blir forkynt og at responsen ikkje er avhengig av nasjonale kulturar. Så fem menn og ei kvinne, nokre av dei hinduar, retta opp handa som teikn, kom fram, bad frelsesbønn og inviterte Jesus inn i hjarta sitt. Det er kraft i evangeliet og oppmuntrande for meg å sjå, igjen og igjen, at når vi deler evangeliet og gir ein invitasjon, så er det alltid dei som vil gje ein positiv respons. Eg avslutta med å leggja hendene på dei og be for dei om Guds velsigning og proklamera at dei tilhøyrer kongen over kongane og Herren over herrane og at alt mørker skal vika frå dei. 




tirsdag 17. desember 2024

Om fridom og einskap i Guds ord

Kristen fridom handlar om å vera frigjort i Kristus ved den kraft som evangeliet gir. Jesus sa: Får Sonen gjort dykk frie, vert de verkeleg frie (Joh 8,36)

Jesus er vegen sanninga og livet. Å tru på Jesus er å tru sanninga. I begynnelsen var ordet, ordet var hos Gud og ordet var Gud. Guds ord kan ikkje skiljast frå personen Jesus Kristus. Å bli verande i Jesus og la hans ord blir verande i oss, er to sider av same sak. Han seier at å elska han er å halda hans ord. Derfor er også alt Gud har sagt like uforanderleg som Gud sjølv.

Å tru sanninga inneber at vi vender oss bort frå løgna og alt det som kan likna på Guds ord, men som inngår kompromiss med dei som ting som står Guds ord imot. Dette er viktige  poeng for alle som underviser om kristen identitet. Og det er viktig å vita kven vi er i Kristus ut frå sanninga i Guds ord. Like viktig er det å kvitta oss med alle løgner som berre held oss nede i urett og begrensning og som berre stagnerer den veksten Gud vil vi skal ha.

Det som er så fantastisk, er at prinsippet om å tru sanninga og forkasta løgna og leva i lyset frå sanninga, ikkje berre er til nytte når vi skal koma fri frå lovtrældom, syndeskuld, dårleg samvit og mindreverdskjensle. Vår identitet er så mykje meir også. Som Han er, slik er vi òg, midt i denne verda.

Kva er sanning? Mange med Pilatus kan ikkje svara på dette. Det er kanskje lett for oss som trur på Bibelen å kasta ut at "Guds ord er sanning". Salme 119,160 seier at "Summen av ditt ord er sanning, dine rettferdige lover varer evig." Guds ord er dermed tidlaus sanning. I Jesu bønn i Joh 17,17, seier han: "Helga oss i sanninga, ditt ord er sanning".

Då kan vi ikkje berre relatera oss til nokre få favorittvers og tolka desse lausrivne frå resten, og meina at vi har sett heile bildet. Heile Bibelen trengs for at vi skal kunna veksa inn i fylden av Guds sanning og leva den ut. Mi og di personlege erfaring av å bli frigjort i Kristus er viktig, ikkje minst for at vi skal veksa inn i alt det andre Gud har for oss. For at summen av Guds ord skal få forma oss, treng vi kvarandre, og vi må leva i relasjon til dei gavene Jesus har gitt til forsamlinga.

Å stadig leva i det å bli helga i sanninga, betyr at vi alle, ved dei gavene Jesus gav til forsamlinga, stadig veks til mognad i Kristus, inntil vi alle når fram til einskap i trua og i kjennskapen til han og blir eit folk som har blitt modne saman og nådd sin fulle vokster og fått heile Kristi fylde. Dette er nødvendig for at vi ikkje skal bli kasta hit og dit av ting med opphav i lære som bles snart den eine vegen og snart den andre, og som kjem av villfaringa sine listige kunster. Men dette vil skje om vi ikkje kjenner han som er sanninga godt nok. 

Samfunnet vårt har blitt fattig på norm og forståing for at normer trengs. Fordi Guds ord er sanning, vil det vera ei norm for alle kristne og ein motpol og ein motkultur til den retning samfunnet har dratt oss i. Om vi ikkje er i stand til å byggja våre synspunkt på Guds ord, vil vi falla til fote for reint menneskelege tankar og krav.

Det ligg på meg at alle kristne som er fødde på nytt ved tru på Jesu forsoningsverk og som har vendt om til han som er både frelsar og Herre og begynt å følgja etter han i ei lydig tru - at vi alle skal vera eitt. Men eg seier nei takk til ei etterlikning av einskap som berre er kompromiss mellom lys og mørke for å skapa ein tilsynelatande einskap utan bibelsk fundament. At mine meiningar skulle vera rette for meg og dine meiningar rette for deg, er alt ein forkasta tanke i lys av at summen av Guds ord er sanning. Ein tidlegare biskop løyste eit stort problem i DNK ved å koma på den tanken at det måtte gå an å ha "En kirke - to syn". Det er mange ting vi kan ha mange syn på som ikkje skil oss som søsken, men ikkje ting som er ein styggedom for Gud. Problema skulle heller løysast ved at vi elska Jesus meir enn verda. Då ville spørsmålet bli: Kva seier Guds ord? Og saman kunne vi be: "Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning". 

I Jakob 3,1 står det at "ikkje mange bør bli lærarar, for de veit at vi lærarar skal få ein strengare dom. Den som er gitt mykje blir det krevd meir av også. Det skulle få oss alle til å skjelva for Guds ord. Ein lærar i ordet har sjølvsagt ingen interesse for, eller rett til å påføra andre sine personlege meiningar om ting som ikkje er relatert til bibelens klare lære. Partipolitikk, meiningar i utenrikssaker eller miljøpolitikk eller kva det elles måtte vera av ting han eller ho har tankar om. Som ansvarlege menneske må vi ha rett til å gjera oss opp tankar sjølve og vera i prosessar med å finna fram til synspunkt og standpunk. Vi gjer lurt i å ta imot gavene som Jesus sender til oss. Guds ord er ikkje menneskelege meiningar og tankar. På same tid treng vi å vera klar over at vi alle har gått og går prosessar  som Gud fører oss i, der vi har respekt for kvarandre og det nivå vi har kome til i personleg overtyding og tru. Men vi arbeider med ordet og kjem til konklusjonar saman, som har røter djupt forankra i sanninga. Det er viktig å be for menneske og ha tru til Gud for hans kontroll i prosessane også.

Ein bibellærar kjenner også på frykt for at folk ikkje skal ta imot. Paulus var redd for at alt strevet han hadde hatt med ei av forsamlingane skulle vera til fånyttes. Samtidig er der ein ærefrykt for Gud som riv til oss frimodet til å halda opp sanninga utan å bøya av. Paulus seier til Timoteus: Skulle det dryga før eg kjem, vil eg at du skal vita korleis ein ferdast i Guds hus, som er den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga. Sanninga om Gud skal vera ei demonstrasjoneforkynning for alle i måten vi vandrar ut liva våre på som eitt folk. At vi er eitt og står saman blir ei klar røyst for dei som framleis sit i mørke.

Eg veit, at om vi er eitt i tanke og sinn, i liv og i lære, i overgivnad til Gud, så er vi så sterke at det ikkje fins nokon fiende, ingen djevel eller makt som kan hindra oss. Vi vil bli angripne, men er uangripelege. Ingenting er umogeleg, og alt vi gjer skal lukkast for oss.

Når Jesus, i Johannes 15, snakkar om at han er vintreet og vi er greinene, så snakkar han til ei gruppe med folk, ikkje berre til einskildpersonar:

"Eg er det sanne vintreet, Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingenting gjera".

Denne teksten blir lett forstått som at Jesus talar til oss individuelt. Men det er ikkje meg eller deg. Forsamlinga er både meg og deg. Det forstår vi betre når vi kjem til vers 9:

"Som Far har elska meg har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! Held de bode mine, er de i min kjærleik, slik eg har hald boda til Far min og er i hans kjærleik. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan vera fullkomen. Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk."

Å elska kvarandre kan seiast på mange måtar, men om vi elskar kvarandre, så er vi trufaste mot kvarandre i den sanning som Jesus, Guds sanning, talar og viser oss. Vi må vera eit folk som står saman. Det er ingen annan måte å bli fri på enn at sanninga set oss fri. Det er heller ingen annan måte å stå saman på for oss enn å stå saman på grunnvollen Jesus Kristus. Det inneber at vi heile tida hjelper kvarandre til å leva overgitt til Jesus og kvarandre i kjærleik. Vi hjelper kvarandre til å leva i lyset, slik han er i lyset. det er då vi har samfunn med kvarandre og hans Sons blod reinsar oss frå all synd.

Vi kan ikkje vera overgitt til Jesus utan å vera overgitt til kroppen hans, forsamlinga. Har vi sett Jesus, vil vi gje oss sjølv til kvarandre i eit liv i sanninga. Når vi er i Kristus, vil kjærleiken driva ut frykten. Fordi vi vil kvarandre det beste, treng vi ikkje frykta for å trakka på såre tær. Vi er fri! Vi treng ikkje reagera på andre sine vegne lenger. Vi treng ikkje teia heller når andre sine meiningar kryssar den sanning vi har frå ordet. Å elska er å vera trufast nok til å seia sanninga som set fri. Vi skal hjelpa kvarandre, byggja kvarandre opp og tala sanning, kvar med vår neste. Jesus bad for sine venner: "Helga dei i sanninga. Ditt ord er sanning. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. Eg helgar meg for dei, så dei og skal helgast i sanninga."

Vi må vera eit folk som elskar kvarandre og står saman på sanninga. Den einaste fridomen er den sanninga gir oss. Det er når vi lever i lyset slik Han er i lyset at vi har samfunn med kvarandre og hans blod reinsar oss frå all urettferd. Å vera heilt og fullt fri ved sanninga i Guds ord betyr også at vi er bundne - bundne til Guds sanning. Jesus bad i sin største kamp: Far, ikkje som eg vil, berre som du vil. Denne bøna er eit uttrykk for fridom frå alt som ikkje er Guds fullkomne vilje og samtidig frivillig å binda seg til lydnad mot sanninga. Jesus har kjøpt oss fri frå verda og vi har gitt oss til å tena han som hans trælar. Mange forstår ikkje at Bibelen kallar oss for Kristi trælar. Men dette uttrykket er brukt i Det nye testamentet, kanskje for å understreka at Jesus har eit eigedomsrett til oss. Han har kjøpt oss og prisen er betalt. Vi tilhøyrer han som vi av eigen vilje har bøygd oss for. Å tena han og hans plan er det beste som kan skje oss. 

Kor lett, og kor vanskeleg er det å stå fast på sanninga? Eg har sett for eksempel menn som har lagt ut på facebookprofilen sin at dei har blitt kjærast med ein annan mann. Eg kommenterer ikkje på det som desse må stå for sjølv. Men når kristne strør om seg i kommentarfeltet med gratulasjonar og hjerter og rakettar og stjerneskudd, så lurer eg på: Kvar er den menigheten som skulle vera ei søyle og ein grunnvoll for sanninga. 

Det er mange som vil skremma, men Peter seier at vi ikkje skal la oss skremma. Han held fram: "... men hald Kristus heilag som Herre i hjarta. Ver alltid førebudd så de kan svara når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig. Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt så de kan ha eit godt samvit. Då skal dei som talar vondt om dykk for dykkar gode livsferd i Kristus bli til skamme ved skuldingane sine. For det er betre å lida, om så Gud vil, når ein gjer godt enn når ein lid vondt."

Den som er i Kristus Jesus, kan med frimod løfta sitt blikk, sjå seg sjølv i spegelen og erkjenna sin identitet i Gud:

Eg er ein som elska sanning og rettferd. Som han er, slik er eg midt i denne verda. Gud har gitt meg av sin natur. Eg er ein som gir og forvaltar rett. Eg er fri frå verda for lydnaden til Jristus si skuld. Gud har gitt meg alt som tener til liv og gudsfrykt. Eg er ein god mann / eller kvinne. Eg er trufast og ein som Gud kan lita på. Eg er ein som andre kan lita på fordi dei veit kor eg står og kven eg representerer. Eg elskar Guds ord, også det eg enno ikkje har forstått fullt ut, fordi eg veit at det i sum er Guds fulle sanning. Eg er gitt til Gud og hans folk og han skal gjera sitt verk i meg og gjennom meg. Gud er for meg. Gud er med meg. Og Gud er i meg.

Alle desse tinga, og mykje meir er ting som beskriv din og min identitet som ein kristen. Den gamle syndige naturen døydde med Kristus på krossen, du gravla den i dåpen etter at du kom til tru og du er reist opp med han til eit nytt liv i ein ny natur som er lik hans. Det gamle er borte, alt har blitt nytt. Ein Jesus-person har blitt født - frå død til liv.

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...