søndag 19. april 2026

Oppløftande utvikling i Cochabamba


I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mest tilfreds når vi er saman.  Det er litt rart med dette å vera på ein slik type tur som vi er på.  Eg kan ikkje forklara det, men eg får litt både farderleg omsut og stolthet. Det er fantastisk å høyra når dei underviser og forkynner. Min rolle her i Bolivia er litt annleis enn deira. Eg må vera med på mange ting som dei ikkje er med på, men når vi alle er heime igjen på kvelden og gode rapportar blir lagt fram med entusiasme, då  er det godt å vera meg, på tur med eit godt team. 

Eg skulle forkynna i dag og kjende at eg måtte førebu meg ferdig til det. Dessutan var eg og David ein tur på eitt av sjukehusa for å be for mor til ei kvinne som har vore med i menigheten her tidlegare. Ho vi bad for hadde hatt ein hjarteoperasjon men vakna ikkje opp etter operasjonen. Ho låg i koma. Ho var 91 år gamal. Vi fekk ikkje kontakt med henne og i natt døydde ho. Dottera hadde bedt til frelse med henne før operasjonen.  Men på grunnav desse årsakene var eg ikkje med på ungdomsmøtet. Rebekka hadde delt Guds ord glimrande, fortalde dei andre. I dag fekk eg forresten helsa så vidt på far hennar over telefonen. Det var verdig kjekt. Det var ikkje mange orda vi veksla, men eg fekk i alle fall sagt at vi var veldig glad for å ha henne på bibelskulen og at vi var alle glade for å ha henne med på teamet til Bolvia.

Eg er veldig oppmuntra etter møtet vi har hatt i forsamlinga her i CBBA i dag. Sist helg var vi i Punata, så dette var første møtet med heile menigheten her i byen. Det var ei veldig oppmuntrande samling. Alt osa av ny og forfriskande tru på framtida, etter at vi har rydda litt i saker og ting og saman funne fram til korleis vi skal arbeida framover. 

Eg forkynte i dag ut frå 2. Tess 1, 2 Korintarbrev 4 og 1.Korintarbrev 13, om å leva verdige Guds kall. Å leva ved nåden, finna kraft i Guds miskunn og leva motivert av Guds kjærleik.  Kjærleiken er trufast nok til å korrigera kvarandre når det trengs, den er audmjuk nok til å la seg korrigera og den er sterk nok til å bera over med kvarandre. 

Responsen på bodskapen var god og ansikta viste glede og takksemnd.  

Men dette var ikkje det første som skjedde i dag og heller ikkje det siste. Første økt starta 06:30. Då hadde vi 200 smørbrød som skulle lagast til samlinga i ungdomsfengselet. Samlinga starta 08:30 der ute i nærleiken av Quillacollo. Vi tenkte det kom til å vara halvannan time, men dei hadde mykje meir på programmet enn det vi var klar over. Pastor Milton leia alt saman og hadde med seg nokon frå hans team og to ungdomar frå Tyskland. Dei hadde alle biblar, som vi betalte i fjor, og bibelstudiehefter og eige lovsangsteam. Dette er eit lite fengsel for unge, som sit for mindre ting enn det vi er vane med. Milton, Pricilla og folka hans er her kvar søndag og har bibelstudiegrupper med dei. Vi hadde avtala at det var Thomas som skulle dela evangeliet. Dei starta med fellessamling, lovsang og inndeling i fem grupper. Så samlast gruppene kvar for seg i andre rom og hadde ein halv time bibelstudie. Så var det tilbake i hovudsalen der dei hadde ny lovsang. Under denne måtte eg gå og få Marchelo til å ta meg heimatt for å byta til dress og koma meg på møte i menigheten. Det er litt dumt å koma for seint når du skal forkynna. Resten av teamet tok seg vidare av vitnesbyrd, forkynning av evangeliet til dei som enno ikkje hadde tatt imot Jesus og matutdelinga.  Rapporten seier at mange tok imot Jesus. Ingen talde, men det pleier vi heller ikkje gjera.  Pricilla fra Sveits, som vi traff i fjor, er ikkje her no, men teamet som ho er ein del av gjer ein fantastisk jobb for å få desse unge småkriminelle på rett og langt betre spor før dei er ute igjen. 

I dette fengselet har dei også ei kvinneavdeling. Der er det berre 10 jenter. Rebekka blei med ei av kvinnene (kona til Milton) og hjelpte henne i denne gruppa.  Nokre av jentene var heilt nede i 14 års-alderen. 

I skrivande stund nærmar klokka seg fem på ettermiddagen. Sola står litt lavare på himmelen og det svalnar litt ute. Godt er det, for om ein time er det å hoppa i dressen igjen. Pastor Severo, har ein pinsemenighet i Sona Sur som vi skal beøkja i kveld. Møtet startar klokka 19:00 og talen klokka 20:00. Dei har ein time med lovsang og alle songane er sunge på quechuaspråk og på quechuavis. I våre eigne forsamlingar kan eg hugsa at vi for mange år sidan fekk kritikk for å syngja songane om igjen og om igjen. Det er noko som heiter at alt er relativt. 

I morgon klokka 05:00 reiser vi til La Paz og kjem att hit på torsdag. kvifor så tidleg? Fordi det er politiske protestar langs vegen som gjer at vegen blir stengt. Difor må vi koma oss forbi desse punkta før protestaksjonane tek til. Det gode er at dei opplyser om stad og tid, slik at det går an å ordna seg.  Takk for forbønn. Gud er med i alle ting vi tek oss føre. Det er lett å merka. Takk

lørdag 18. april 2026

Evangeliet ut til heile Cochabamba over politiradioen

I går kveld vart det bestemt at eg også skulle vera med til politistasjonen for å delta i eit radioprogram. Det var det visst andre som rekna som sjølvsagt, men ikkje for meg. Eg trudde språkhindringane ville utelukka deltaking for min del. Vi visste nesten ingenting verken om kven som dreiv kanalen, om den var kristen eller ikkje, berre at den er i regi av politiet. 

Då vi kom dit i dag tidleg, viste det seg at eg kjende dei to personane som leia programmet. Begge har vore politimenn og begge har eg truffe i samband med fengselsarbeidet her i byen. Begge to er pastorar og driv politiradioen ved sida av.

Heile programmet varte over ein time. Tema for dagens program var kva betydninga kristne familiar har for samfunnet og korleis samfunnet påverkar kristne familiar. Det var veldig interessant. Studioet var i tredje høgda på ein av politistasjonane i byen. Eg har vore på fleire av desse før, men ikkje denne. Alt gjekk på direkten så eg fann ut at det var best å følgja nøye på spørsmåla. Eg har ikkje alltid vore like god på det, men i dag overgjekk eg meg sjølv. Så takk for forbønn.

Etter intervjurunden var det litt musikk før dei gav meg 20 minuttar til å dela eitt eller anna frå Guds ord. Det "eitt eller anna" blei sjølvsagt evangeliet om Jesus Kristus. Eg fekk stor nåde frå Gud til å dela ein tydeleg og klar bodskap om løysinga på våre åndelege sproblem; Evangeliet om omvending og tru på Jesus Kristus og korleis vi får eitt nytt liv ved å bli fødde på nytt.

Sendingane dekkjer heile millionbyen Cochabamba. Mange av dei som høyrer på arbeider i politiet eller i andre viktige samfunnsinstitusjonar – men sjølvsagt alle andre typar menneske også. Så då er eg berre takksam for at Gud hadde planlagt dette og at vi fekk vera med på å gje Guds ord til folket og mange av dei som kanskje påverkar samfunnet mest.

Eg syns det heile var utruleg spennande og lever i beundring av ein Gud som stadig har fleire og nye ting på lista si over ting han vil eg skal vera med på. Opp gjennom åra har vi fått dela Guds ord med tusenvis av bolivianarar frå den vanlege mann i gata til militære og politifolk, politikara og idrettsfolk. No er det politiet som inviterer til å del med heile byens befolkning gjennom radiostyasjonen sin.

Livet med Gud er som eit eventyr. Du veit aldri kva som dukkar opp.

Roleg start på ein god dag


I går kveld var ungdomane  ute for seg sjølv, saman med Marchelo og blant anna besøkte Vannparken her i byen.  Det er ei flott oppleving. Eg var på to møter med leiarane samtidig. Det vart ein sein kveld. Eine samlinga gjekk på å starta oppatt bibelskulen saman med folk frå andre forsamlingar, folk som vi har arbeida saman med i mange år. Det andre møtet var pastorsamling for La Palabra de Fe. Det vart ein sein kveld. Men eg kom meg opp tidleg og fekk gåttt turen min i parken. I dag gjekk eg heile runden med alle stikkvegar.

Føremiddagen hadde ingen spesielle ting på programmet i dag. Dermed vart det anledning til gode pratar og førebuing til det som ligg framfor. Elevane har stadig oppdrag med å dela Guds ord på ulike samlingar og treffpunkt. Og dei gjer ein veldig god jobb. Eg er stolt av dei og ser at dei tek oppgavene på alvor. Det har vore seine kveldar og relativt mange oppgaver som følgjer tett på kvarandre. At dei er litt trøytte etterkvart, er ikkje så vanskeleg å forstå. Men ingen klagar. Vi nytta noko av tida idag til lovsang og bønn i heimen her vi bur. Vi er så heldige at vi har eit lite El-piano og ein gitar til disposisjon. Pianoet har vore utan sustainpedal heilt til i går, så no er det berre velstand.

I ettermiddag var vi på ein barneheim for barn som har foreldre bak fengselsmurane. Vi gav dei nye flipp-flopp skor, og pengar til skulemateriell. Tre store panner til å koka mat i, fekk kokka på kjøkkenet til å smila frå øyra til øyra. Det vi hadde med, stod veldig høgt på lista over nødvendige ting. Barna var frå 8 til 18 år. Eg vart imponert over kor disiplinerte dei var og kor konsentrerte dei tok imot undervisninga frå alle dei fire elevane våre på teamet. Dei hadde 10 minuttar kvar med undervisning frå Guds ord. To ting var hovudtema: Det å vera ærleg og det å vera lydig. Dei yngste gutane  er underærnærte på fellesskap med vaksne menn som kan leika med dei. Og dei minste jentene er underærnærte på nærleik og omsorg frå fedre. Det er fleire sider ved dette som gjer at vi blir redde for korleis det skal gå med dei, for mange er dei som både vil og kan utnytta dei. Men damene som driv barneheimen gjer ein fantastisk jobb. Det viser seg i tryggleiken, gleda, oppførselen og at dei er så takksame, utadvendte og påkopla det som skjer. 

Vi har vore på nokre barneheimar opp gjennom åra. Eit minne som dukka opp i dag, var frå sist vi var på eit liknande besøk. Da traff vi ei fem år gamal jente som var heilt overtydd om at eg var Santa (julenissen).

Etter barneheimen besøkte vi eit eldre ektepar. Ho var 78 og han var 85 år gamal. Det var kjekt å stilla han spørsmål og han fortalde ivrig frå livet sitt som arbeidar i eit gruveselskap. At vi viste interesse for han slik vi gjorde, tennte gnisten i han. Han er ikkje med på samlingar i menigheten for han meiner at Gud også er med han heime. Der er nok eitt og anna han treng openberring om endå. Kona hans, derimot, let aldri ei samling gå frå seg. Kvar gong vi er her, kjem ho med heimelaga syltetøy og bakverk til oss. Det var ein herleg kveld med eit flott ektepar. Litt over klokka åtte reiste vi vidare til endå eitt besøk. Gabo og Becky tok imot oss. Det vart ei fin avslutning på ein god dag. Trøytte men oppmuntra har vi tumla inn dørane her i El Bosque litt før elleve. 

I morgon blir det nok ei ny erfaring. Eg og Thomas og David skal intervjuast på ein radiostasjon som politiet har og driv. "Politiradioen" som det blir kalla. Eg anar foreløpig ingenting om korleis dette kjem til å utarta seg. På eine sida tenkjer eg at: "Det er no allslags greier ein skal koma bort i." På andre sida kan det jo bli ein anledning til å dela evangeliet på radioen. Politiradion attpå til. Litt spesielt syns eg det er. Men, men, det får berre føya seg inn i ei lang rekkje av erfaringar som er altfor sprøe til at vi kunne ha kome på dei sjølv.

torsdag 16. april 2026

Fengselsbesøk som ikkje vart noko av

 


Oppdraget i føremiddag var å ha samling i San Pedro-fengselet i Quillacollo. Der var vi i fjor og det var ei god oppleving. Men så braut det ut opptøyer inne i fengselet og alle besøk vart kansellert. 

Pastor Milton, som er ein av pastorane som arbeider med Pricilla i fengsla, gjorde alt han kunne for å få til besøk i eit anna fengsel og lukkast med det større San Sebastian-fengselet i Cochabamba. Vi var tidleg oppe og førebudde maten vi skulle ha med. Alt var ferdig pakka og vi drog tidleg til San Sebastian og møtte dei andre der. 

Men så var dette dagen då staten sine folk var der for å dela ut litt pengar som dei innsette har rett på. Dette tek timesvis og fengselet var stengt for alle former for besøk, så vi kunne ikkje venta så lenge på grunn av vårt øvrige program. Men pastor Milton tok ansvaret for dei nesten 500 småbrøda og all pepsien og venta saman med teamet sitt og Gabo til fengslet opna igjen seinare på dagen. Han hadde fått alt det nødvendige av klarering frå fengselet, men tydelegvis var der kommunikasjonsfeil i systemet. 

Så då drog vi vidare  med uforetta sak og fekk gjort nødvendige førebuingar til det som skal skje i morgon. Vi hadde ei liste med skor og anna nødvendig utstyr til ein barneheim i nærleiken. Dessutan har Milton fortalt ting som gjer at eg heretter vil vera meir reservert for å la dei unge jentene vera med inn bak murane. 

Planen for i dag gjekk delvis i vasken, men vi har eitt fengsel igjen. Det er ein ungdomsfengsel i Quillacollo på søndag. Der får ikkje eg vera med på grunn av at eg skal forkynna på møtet her i CBBA. Men dette tek teamet seg av åleine. Det er ikkje tungt kriminelle med lang soningstid her, men ungdomar som har fuskal litt med regelverket og som teamet til Milton gjer alt dei kan for å få inn på eit betre spor før dei kjem ut igjen. Dei gjer ein fantastisk jobb og eg er så glad for å vera med dei i dette arbeidet. Så då blir det litt matlaging søndagsmorgonen også, men berre 120 småbrød denne gongen. Men effektiviteten i dette teamet, med utgangspunkt i erfaringa så langt, vil det ta 10 minuttar inkludert opprydding. 

Så konklusjonen frå i dag, er at det er ikkje alltid at alle planane går som tenkt, men teamet har fleksibilitet til å ta alt med eit smil og med den største sinnsro.

onsdag 15. april 2026

Nytt skulebesøk

I føremiddag var vi på ein engelsk skule her i Cochabamba. Alle elevane snakka og forstod engelsk, så vi trong ingen tolk for å bli forstått. Vi hadde 2x 20 minuttar på oss til å presentera oss, syngja ein lovsang, dela evangeliet og be med dei til frelse. 

Det var Benjamin som delte evangeliet i dag i begge gruppene, som kvar var på 80 elevar. Gud viste sin nåde igjen. Flesteparten av dei var kristne frå før, fekk vi vita av læraren. Men dei som var frelst nytta anledningen til å stå opp og bekjenna at dei ville følgja Jesus likevel. Eg så ein som tok tak i armen på kompisen sin og drog han med fram. Han følgde med frivillig, men det sat litt lengre inne. Så alle dei alt frelste elevane gjorde det enkelt for kompisane sine. Det resulterte i at alle stod opp og dei som endå ikkje hadde tatt eit standpunkt for Gud, fekk hjelp til å gjera det i dag. 

Rebekka hadde også eit lite innlegg på slutten om det å la sanninga i Guds ord få rom og stengje ute alle løgntankane og stemmene frå verda rundt oss om kven vi er som Guds barn i Kristus Jesus. Ettermiddagen i dag er litt roleg, men vi må handla det vi treng for å laga 500 nye smørbrød i morgon tidleg for febgselet i Quillacollo. Brøda er alt på plass i huset, men majones og skinke manglar. 

I kveld skal vi alle på besøk til ulike familiar her i menigheten som treng eit besøk. 

I går kveld måtte eg på ei leiarsamling saman med David og dei fleste av pastorane i menigheten, så eg fekk ikkje høyra Rebekka og Jeannette si undervisning på kvinnemøtet. Men rapportane seier at det var fantastisk bra og mange kom og fekk forbønn etterpå. 

Teame stortrives, det røyner nok litt på med alt arbeidet og fokuset, men haldninga og innsatsviljen er på topp. Takk til alle som ber for oss. Be for leiarane her. Dei står i utfordrande ting, men viser seg i alt å vera gudsmenn med visdom og styrke og vilje til handling. 

tirsdag 14. april 2026

Skulebesøk, politi og fengselsarbeid

 


I går ettermiddag var vi på ein skule i Quillacollo. To av bibelskulestundetane på teamet gjorde ein god jobb med å dela evangeliet til dei neste 200 vidaregåandeelevane som var der. Vi harr håpa å koma inn i klassane men dette var ei fellessamling ute i skulegarden. Det var ei samling med veldig mykje anna program som ikkje tente hensikten vår så veldig godt. Men i alle fall var det fem stykker som gav livet sitt til Jesus, og det takkar vi gud for. Kvar sjel er verdifull for han. Våre to elevar gjorde ein fantastisk jobb og det var veldig godt for eg å høya kva dei er kapable for.

Etterpå skulebesøket var vi med på eit møte i Cristopol. Det er ein organisasjon av kristne politifolk. Mange av dei som var der i går kveld, var pensjonerte politimenn. Eg skulle forkynna for dei. Det var no litt tatt på sparket, men det var likevel ei god stund. Det viktigaste med å prioritera ei slik samling for min del, er å æra kontakten med Felix Ceccato og arbeidet hans. Han reiste med oss til Bolivia i fjor, berre fordi vi skulle dit. Når han ikkje er her denne gongen kjenner eg det som viktig å vera ein representant for oss saman i arbeidet med å styrka kristenpolitiet og deira arbeid mot korrupsjon ved trua på det som kan forandra samfunnet - eit forandra liv ved trua på Jesus.


Idag var vi tidleg på beina. Vi skulle reisa herifrå klokka 08:00 for å vera i San Pablo-fengselet i Sacaba. Men før det måtte vi smørja på 500 små brød med majones og skinke inni. Fangane i fengselet får ikkje mat frå staten, så det er familien som må forsørja dei. Men ikkje alle har familie og ikkje alle har familie i nærleiken. Eg snakka med ein som var frå colombia. Men vi hadde med 500 av desse ferdig påsmurte og pakka. Vi starta halv seks og var ferdige på ein halvtime. God produsksjonslinje og høg effektivitet. For teamet var det ein spanande og ny erfaring. Vi møtte teamet av pastorar og andre arbeider i alle fengsla i Cochabamba og området rundt. Det var gjensynsglede frå fjoråret og flott samarbeid. Heile ansvaret for programmet inne vart lagt på meg. Vi starta med ein engelsk lovsagt, som jentene på teamet song. Eg akkompagnerte på eit keybord dei hadde der. Så delte eg evangeliet og det var fleire titals innsette som gav livet sitt til Jesus. Etter at vi harr bedt med dei og for dei, delte Benjamin vitnesbyrdet sitt på ein klar og god måte. Veldig bra! Så tok matutdelinga til. Alle innsette (nesten 500 mann) stilte seg i lange køar og takka høfleg for maten. Dei som arbeider her til vanleg, sa at det av og til blir uro mellom fangane, men i dag var det stille og roleg på den måten. Det vil sei, det er mykje lyd heile tida, men under forkynnelsen sat alle stille og lytta. Dei reiser seg når pastor Milton ber for maten, og viser respekt for Guds ord. 

Det er ikkje alt på denne turen som har gitt meg like stor inspirason. Det er også situasjonar i arbeidet som treng å endrast og ting som må takast tak i. Når vi er midt oppe i dette, tek det mykje av fokuset mitt. Men når vi var på HyperMaxi i går og kjøpte 5 kilo med skinke og eg veit ikkje kor mykje majones for fengselsmaten, då kjenner eg at inspirasjonen kjem for fulle mugger. Når det kjem til arbeidsfordeling mellom meg og elevane våre i det å forkynna evangeliet, har eg tenkt å føreslå at dei tek ansvaret på alle skulane og eg tek ansvaret i fengsla. 

I kveld skal jentene i elden på samling for kvinner i menigheten. Dei gjer ein fantastisk jobb og viser den aller beste haldning i alle ting. Det same gjeld dei alle. Eg er så glad for å vera på tur med eit så godt team. Ære til Gud.

mandag 13. april 2026

Menigheten i Punata og i Sona Sur






I går (søndag) var det barnas dag i Bolivia. Her i Cochabamba var det stor barnefest i menigheten, men eg og teamet reiste til Punata saman med David. Det var ein fantastisk dag for både oss og dei. Flokken i Punata er ein flokk med stor tru og mykje liv. Familien til pastor Crispin tener Gud saman på ein fantastisk måte. To av barna hans er med i lovsangen. Fanny, som er den eldste, leiar  lovsangen og orkesteret og får dei til å fungera saman med fantastisk kvalitet.

Dei har ikkje lenger lokalet sitt, dei heller, så møtet var i underetasjen på eit hus med enkle mursteinsvegger og likna meir på ein grovbygd garasje. Men lyden der var mykje betre enn i det gamle og langt finare lokalet. Eg oppmuntra dei med å sei at vi ikkje hadde vårt eige lokale vi heller. Lokale eller ikkje lokale; litt av bodskapen til dei var at det er vi som er menigheten og at vi ikkje har hinder for å leva ut det nye livet i kjærleik og nåde. Vi hadde ei veldig god stund saman. Etterpå serverte dei oss salteñas til lunsj. Vi tok med oss familien til Crispin til ein plass som ligg langs vegen tilbake til Cochabamba. Dei kallar det Edens Hage. Der åt vi og hadde fellesskap før vi drog vidare til neste møte. Ungdomane til Crispin og teamet vårt hadde ein kjempedag saman der med ulike aktivitetar det er lagt til rette for der. 


Planen var at vi skulle vidare til Colomi, men vi hadde ikkje funne kontaktane der, så det var liten vits i å reisa opp dit. I staden ringde vi til ein tidlegare bekjent, Pastor David Gonza, som vi har besøkt tidlegare. Han er ein stillfaren og veldig beskjeden mann, ein av dei mest introverte eg har møtt, men ein mann med enorm tru og overgivelse til kallet sitt. Han arbeider i det store og stadig veksande området av Cochabamba som vi kallar Sona Sur. Visjonen hans er å arbeida med barn og unge, og gjennom dei når han foreldra. Området er stort så dei har fleire plassar dei samlast. Akkurat no har han og kona 450 barn i sitt arbeid. Vi var først innom i lokalet vi har vore i før, for fleire år sidan, og møtte nokre av ungdomane der. Etterpå drog vi vidare til det store trusprosjektet hans når det kjem til bygg. På toppen av området, med utsikt over heile dalen, har dei det nye menighetsbygget. Det er ikkje ferdig, men dei har tatt det i bruk. Her hadde vi møte på kvelden, og eit langt ettermøte med forbønn for sjuke. Ein ung mann tok imot Jesus og Guds ande kom over folk då vi bad for dei. På grunn av språket var det vanskeleg å få tilbakemelding frå dei om kva Gud hadde gjort, men vi reknar med at desse kjem seinare i veka. 

I dag (mandag) har vi ein litt roleg morgon, mens vi i ettermiddag og kveld har ulike ting på programmet, mellom anna skal vi møta pastorane som arbeider i fengslet og ha ei samling med politiet. Eg har fått lite informasjon om dette, men vi har blitt vane med å oppdaga etterkvart og ta ting som dei kjem.


Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...