tirsdag 30. mai 2023

Fridom for fangar

Det er snart 30 år sidan eg første gongen vart kjend med Jan Eriksen. Vi budde på Sandsli den gongen og var nabo med eit medlem av Jans familie. Navnet hans kjende eg frå før, men hadde aldri før møtt mannen. Ein ettermiddag låg eg på sofaen og las i boka "Fra Hallik til Predikant". Boka var vanskeleg å leggja frå seg, så eg las den ut med det same. Då eg etterpå ville strekkja på beina og gjekk ut, såg eg Jan koma gåande oppover vegen frå familien han var på besøk hjå. Eg tok kontakt og inviterte han til å stikka innom på bibelskulen som eg var leiar for den gongen, og ha ein time med elevane våre. Slik blei det og sidan den gongen har vennskapet utvikla seg og banda vorte sterkare og sterkare mellom oss. For meg er det både eit privilegium og ein inspirasjon og stå i saman med Jan og Barbara i den tenesta dei gjer for å nå dei som er på skuggesida i samfunnet med evangeliet. 

Jan sitt vitnesbyrd er både sterkt og godt kjent for mange. Hjarta hans for å nå dei fortapte og fokuset på dei som få andre har nåde frå Gud til å nå på same måten, er sterkt å oppleva. Opp gjennom åra har meg og Bente hatt regelmessige treffpunkt med Jan og Barbara, både heime hjå oss, i Østerrike, på Filippinene, i Tyskland og i desse dagane i Tjekkia. Å vera med Jan inn i fengsel og sjå den krafta som er i evangeliet, er med på å gjera oss meir frimodige og kanskje også enklare i vår forståing av det å vinna menneske for Gud. Med det siste meiner eg at den enkle trua på Gud og på evangeliet om Guds rike, hjelper oss til å ha ei enklare livshaldning, der kallet og trua som er samanfallande med kallet, er eit ukomplisert styringsverktøy. Ikkje lettvindt, men i følgje med Guds ukompliserte fred. Ikkje i rutinemessig tru, men i underordning under Guds ord og Den heilage ande si leiing. Ikkje på jakt etter ære frå menneske, men etter dei verdiar som er evige. 

Tru, er eit varemerke for Jan og Barbara. Berre det å ha middag saman me dei, der Jan bryt brødet før måltidet, deler ut litt saft og takkar Gud for hans løfter og proklamerer desse over oss som er samla og våre familiar, er med på å løfta meg inn i ein ny dimensjon av å stola på Gud og hans ord. Ofte når eg ber for sjuke eller proklamerer Guds løfter, kjenner eg på ein lengsel etter å koma forbi fine ord og sterke bibelsanne utsegn og inn i å sjå realitetane skje for augene mine. Og av og til har det, i ein slik desperasjon også skjedd, at Gud grip inn og handlar på kraftfull vis. 

Å tala ut dei ord som vi ber inni oss i tru, er viktig. Paulus seier at "Eg trur, difor talar eg". Å tala i tru er meir enn positiv vedkjenning. Å sei: "Det går nok bra tilslutt", er å bekjenna positivt. Men å sei, når du veit at du veit det kanskje ingen andre veit, nemleg at denne håplause situasjonen kjem til å enda godt, er betre.  Å sei det ein enno ikkje ser, fordi ein har full visse i hjarta, vil få ting til å skje, og det vil skapa tru i andre. 

I Markus 7, les vi om ei syrisk-fønikisk kvinne som kom til Jesus og bad han hjelpa dottera hennar som hadde ei vond ånd i seg. Ho kasta seg ned framfor Jesus og naudbad han. Men han sa:"Det er ikkje rett å ta brødet frå barna og gje det til hundane". Kvinna svara: "Det er rett, Herre, men hundane et då berre smulane som fell frå bordet til barna". Ho visste at ho ikkje var blant de bortkomne sauene i Israel og at ho sjølv var i den sekundære rekkja av dei som Gud løfte gjalt. Men ho sa det ho trudde og var overtydd om, nemleg at sjølv smulane som fall frå bordet til dei utvalde, var nok til å setja dottera hennar fri. Jesus svara: "Fordi du sa dette, seier eg deg: Gå heim, den vonde ånda har fare ut or dotter di." Vi ser krafta i å la trua tala.

Det er lett å merka forskjellen på når folk generelt sett talar positive ord, og når dei talar ut frå ei full visse i hjarta. Ei av mange velsigningar eg har hatt av å vera saman med Jan og Barbara Eriksen, er nettopp dette. Og det treng eg å få endå meir tak i. I desse dagane er vi i Tjekkias hovudstad Praha. I morgon blir det sightseeing på meg, sidan eg ikkje får vera med inn bak murane i høgrisikofengselet Jan skal besøkja. Det er ikkje nok å vera snill og grei her heller. Men eg skal be. Onsdagsbesøket er eg klarert for, og ser fram til å sjå det Herren skal gjera der. 


Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...