lørdag 4. desember 2021

Bærekraftig forbruk

Dei fleste investeringar er gjort for å gje noko tilbake, ikkje nødvendigvis til seg sjølv, men gje tilbake noko som investoren reknar som verdifullt. Velstand kjem av verdiskaping, og verdiskaping kjem av arbeid og bruk av andre ressursar som møter menneskelege behov, enten i form av varer eller tenester. 

Velstand er eit relativt omgrep. Ein mann i Afrika sa at "rik er den som har mat for dagen i morgon". Slik vil ingen definera rikdom i Norge. Velstand er vanlegvis først og fremst definert ut frå materielle behov, men det fins sjølvsagt også sosiale fohold som fred, politisk stabilitet, og tryggleik som alle er fundamentale føresetnader for at velstandsutvikling kan skje. Om vi ut frå eit globalt perspektiv skal definera velstand nøkternt men samstundes raust, kan vi kanskje sei at velstand er å få møtt elementære materielle behov som Mat på bordet, reint vatn, nødvendige klede på kroppen, tak over hovudet, råd til skulegang og tilgang til fungerande helsehjelp. 

Verdiskaping er ein føresetnad for velstand som vi alle har eit ansvar for. Eg har ikkje økonomisk kompetanse nok til å bruka altfor store ord, men eg vil likevel dela tankar som eg har rundt dette. 

Norge var for litt over 200 år sidan kanskje det fattigaste landet i Europa. Då den industrielle revolusjonen kom til Danmark, sende kongen i København folk til Norge i 1750-åra for å granska tilhøva for industrireising. Rapporten var positiv når det kom til ressurstilgang, men nedslåande når det gjalt arbeidsmoral og kunnskap. Fattigdomen etter meir enn 400 år under dansk styre, alkoholismen, analfabetismen etc gav ingen inspirasjon til å satsa på verdiskaping her til lands. 

Forandringa kom under Hauge-rørsla, der evangeliet sette menneske i fridom, og der trua på Guds kall til å breia ut Guds rike fekk ei praktisk forståing som gav utdanning og opplæring, kvalifisering til nye typar arbeid og industrireising først og fremst for å betra dei sosiale tilhøva. Folk lærte å ta samfunnsansvar og den store bygginga av det norske velferdssamfunnet  gjennom arbeidarrørsla som følgde, hadde både folk og ideal frå nettopp Hans Nielsen Hauge si vekkingsrørsle. 

Så har eg mange delvis ubesvarte spørsmål: Har vi ført velstandsutviklinga for langt for vår eigen del, utan å sjå korleis dei same prinsippa kjem dei til gode som treng å få bygd sine land til større velstand? Han vi ofra ansvaret for verda på egoismens alter? Er det materialisme og havesjuke som gjer at vi aldri får nok av det vi kallar velstand men som er langt forbi elementære menneskelege behov. Har vi mista perspektivet på verdiane våre som trygg pensjon, helsetryggleik og arbeid når vi aksepterer sosial dumping ved å spara på eigne kroner, kjøpa svart arbeid, kvitvaska svarte pengar osv? Har vi mista gangsynet, når vi ikkje vil ha krevande jobbar utan at dei gjev millionløner, men syns det er fint at underbetalte utlendingar utfører tenestene for oss? Kva har skjedd med samvitet vårt når vi betaler 120 kroner i kontantar for å få vaska, bona og støvsugd bilen? 

Alle med meir enn stryk i matte, greier å forstå at her er det folk som ikkje får betaling, eller får litt men betaler mesteparten til bakmenn som krev tilbake for hjelpa til å flykta frå tilhøve som var endå verre. Arbeidarar lever på eksistensminimum, ingen sosiale goder, ingen rett til helsevesen og ingen oppspart pensjon. Mange har ikkje ein gong rett til opphald i Norge. Blir dei tatt blir dei berre sende tilbake til heimlandet og dei fleste resirkulert inn igjen i same "industrien". 

Men det er fint for oss. Vi ser det som bærekraftig forbruk som skapar verdiar. Bilane våre blir tekne vare på utan at vi betaler for det. Vi kallar det sosial dumping. Eit anna uttrykk er "Moderne slaveri". Politiet har nesten ingen ressursar til å ta seg av denne forma for slaveri. Det politiske samfunnet har gode intensjonar, men kjempar mot ein fiende som er veldig vanskeleg å få nøsta opp godt nok til å ha grunnlag for rettsleg forfølgjing. Det er grunn til å tenkja over konsekvensen av ikkje å få bukt med problemet. Det er få store saker som har lukkast å rulla opp i Norge, men nokre har vi. Vi har også vanskeleg for å tru at det fins korrupsjon av større skala i det tillitsbaserte norske samfunnet. Men nylege straffesaker har vist at vi har grunn til å la oss åtvara. Så kva skal vi gjera? Sjølv trur eg på prinsippet om tilbod og etterspurnad. Om ingen vil ha varene, er seljaren snart borte. 

Vi har i alle fall blitt eit individualistisk samfunn, som betyr at vi meiner at samfunnet er til for meg i større grad enn at eg er her for å byggja samfunnet. Vi har også blitt eit forbrukarsamfunn som brukar opp ressursar i større grad enn den gongen ideologien var å omforma dei til verdiskaping for å møta elementære behov. Det er mange grunnar til å sjå grundigare på overforbruket. Men det tragiske er når den politiske ideologien er at det er betre at alle har like lite enn at somme har meir enn andre. Det er ógså ei form for overforbruk å ta frå dei ressurssterke med grunnlag for verdiskaping for å styrkja ein ressurssvak forbrukskultur. Når misunnelse blir politisk agenda, syns eg det blir smaklaust. Prinsippet om at; Viss ikkje alle får sjokolade, skal ingen ha sjokolade", er for småleg. At det er urettferdig at ikkje alle har same luksuriøse levestandard, bør forsvinna i ei forståing av at det ligg eit større ansvar på den som har fått mykje enn den som ikkje har like mykje. Utan samfunnsmoral går vi til grunne. At dei som har arbeidd hardt har større verdiar enn dei som ingenting har gjort, er berre rett og rimeleg. Det er trass alt dei som tør å satsa velstanden sin for å skapa og byggja, som faktisk er i stand til det. Det er aldri eit problem at mange har mykje pengar, om berre pengane blir brukt til verdiskaping og ikkje overforbruk. Eit viktig spørsmål i framtida vil vera kven vi skal skapa verdiar for og korleis dette kan gjerast. Kan vi få til eit meir bærekraftig forbruk som gir verdiskaping i tråd med dei bibelske ideal? 


Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...