lørdag 19. april 2025

Annleisdag med unge i La Paz


Vi har hatt vår første av tre dagar i La Paz. Stort sett har dagen blitt brukt til å ver saman med ein del unge frå menigheten. Vi har spelt fotball og grilla på ein fin plass i eit roleg strøk av byen der det ikkje er så mange hus. Endå til eg har spelt fotball. (Stod riktig nok i mål). Men det er hardt nok å springa å henta ballen i nesten 4000 meters høgde.  

Pastor Edson har flytta hit med familien sin. Eg og David har benytta anledningen til å ha samtalar med eit par ektepar. Etter lunsjen hadde Jacob ei kort undervisning om dåp i vatn, og eg hadde litt undervisning om dåp i Den heilage ande, før vi trekte vi over til Edsons hus og hadde dåp. Det var ein som vart døypt, men det var fire av dei unge som ville bli åndsdøypt.

Han som blei døypt hadde ein del problemer i livet, ikkje minst i familien, men Herrens glede kom til han i dåpen og då vi bad for han etterpå vart han døypt i Anden og talte i tunger. 


Dei andre tre møtte Gud sterkt også. Dei fekk alle tungetale. Den eine sa at han fekk ein utruleg sterk trang til å be. Ei av jentene sa ho opplevde at eld kom og fylte ho frå hovudet og nedover i kroppen. Det var sterkt å sjå korleis dei tok imot i tru og forventning til det Gud har lova deg, og barna dine, alle som er langt bort og så mange som Herren vår Gud kallar på.

Det har vore litt høgdereaksjon hjå ein av elevane våre, men det går bra no. I kveld tok vi ein tur på Dumbos og åt Pique Machu. Det fall i smak hjå alle.

I morgon er det litt turisme og ungdomsmøte på kvelden. Eg skal forkynna på søndags føremiddag her i La Paz og i ei pinseforsamling på kvelden i Cochabamba. Til det treng eg forbønn. Takk til alle som ber for oss. Gud har vore med oss på ein fantastisk måte så langt og vi har sett hans store nåde i aksjon kvar dag. 

Eg skriv desse rapportane for ikkje å gløyma det vi er med på, men også for at dei som er heime kan stå med oss i bønn. Tusen takk.


fredag 18. april 2025

Skulebesøk og reise til La Paz


Torsdagen starta med skulebesøk på ein kristen skule like i nærleiken av her vi bur. Det er berre kristne skular vi får dela Guds ord på no i Bolivia. Bestillinga var å snakka om påske. Dag Sveinung fortalde påskehistoria med innleving og enkel dramatisering. Skulen var ein veldig fin skule med eit fantastisk uteområde. Å treffa skulebarn på skulen deira er alltid ei god oppleving. Dei er så glade for besøk og høflege å snakka med. Dei er framtida for Bolivia og treng Guds berøring så tidleg som råd.

Etter besøket reiste vi heim for å pakka for La Paz. Sjåføren vår Marcelo har tent oss på ein fantastisk måte heile veka med transport og på mange andre måtar.  Litt småtrangt i bilen hans men vi hadde ein nydeleg tur til La Paz. Det går litt tregt vestover før vi tek til på klatringa. Så stig det jevnt og trutt opp til 4500 moh, før det går litt nedover igjen mot Alto Plano og nordover mot El Alto på godt 4000 meters høgd. El alto er ein stor by med i alle fall ein og ein halv million innbyggjarar som ligg paddeflatt på platået. Når vi kjem ut på kanten av eit gammalt krater, opnar La Paz seg under oss med millionar av lyspunkt i ein mørk kveldstime. Det gjekk nokre "wow" gjennom bilen i det vi tok til på dei bratte skråningane nedover mot sentrum i La Paz. 

Så etter 9 timar på relativt dårlege minibuss-seter, er vi framme på det enkle hotellet med tresmak både her og der. Men turen har vore ei naturmessig oppleving.

Dagane vi har lagt bak oss har vore intense. For teamet var dagane i fengsla kanskje det mest krevande, med alle inntrykk og erfaringar. Men dei har alle stått last og brast og tent på ein måte som det står respekt av. Felix er takksam, eg er takksam og alle i arbeidet her er takksame for å ha besøk av eit sterkt team. Her i La Paz blir det ungdomsmøte, evangelisering på lørdag og gudsteneste på søndag før vi tek fly tilbake til Cochabamba. Det betyr at det blir litt rolegare dagar her med litt turisme og ikkje fullt så hardt program. Det er veldig fortent etter kjempeinnsats.

Vi møtte pastor Edson Ramirez då vi kom. Alt står visst bra til med han, familien og menigheten. Vi gler oss til å møta fleire av dei etterkvart. 


torsdag 17. april 2025

10 de febrero

Diez de febrero (10. februar) er meir enn ein dato. Det er navnet på eit område med gågater der begge sidene av alle gatene er fulle av små salgsboder. Her pleier vi å gå rundt og snakka med folk om evangeliet og be for folk. Ein av oss ber på ein plakat der det står "Treng du forbønn?" Så vil folk som treng forbønn vinka oss bort til ei av salgsbodene og dela om problema sine. Ellers tek vi berre kontakt og deler evangeliet og gir dei ein bibel eller eit nytestamente. Eg fekk kjøpt 100 fullstendige biblar for 15 kroner stykke. Men gleda mange opplever av å få ein slik softback-bibel er så stor at ein nesten skulle tru den kosta ein formue. Men den eigentlege verdien av å ha og lesa i bibelen, kan ikkje målast i pengar. 

Så i dag har vi bedt for mange. Mange treng ikkje forbønn sjølv, men vil at vi skal be for familiane deira. Det er ufatteleg kor mykje lidelse det er i mange familiar. Vi har delt oss opp i to eller tre grupper og gått rundt i området både i føremiddag og no i ettermiddag. Fleire frå menigheten her har vore med og hjelpt oss med tolking, men også snakka med mange på eiga hand. Eg hadde gledd meg til idag, fordi eg såg fram til at elevane skulle få oppleva å kontakta folk, dela evangeliet, be med dei til frelse og instruera dei litt i viktige ting for å ta vare på livet i Gud. 

Til saman har vi leda 17 stykker til Jesus ute på gata. Det har vore veldig interessant å sjå kor fulle av glede dei blir når dei har tatt imot Jesus og vi har bedt for dei. Når dei forstår at dei får ein bibel i tillegg er gleda endå større. 

Eg og Dag Sveinung, har saman med David vore å besøkt to familiar som ikkje er med i menigheten, men som har relasjonar til ei i menigheten som heiter Vivi. Grunnen til at vi besøkte desse var, i den eine familien, at ei 16 år gamal jente er veldig svekka av kreft. Ho er ikkje oppgitt av legane, men får no cellegift-behandling. Ho var ikkje kristen, heller ikkje foreldra og eine søstera hennar som var der. Men før vi bad for jenta, delte David evangeliet og dei tok alle imot Jesus. Det var ei sterk stund når vi bad for henne også.

Hjå den andre familien var det ein mann rundt 50 som hadde kreft. Han var heilt oppgitt av legane og venta berre på å dø. Han sat i rullestol. David utfordra meg til å dela med dei frå Guds ord. Så eg tok utgangspunkt i konsekvensen av det tragiske fallet i hagen, og delte evangeliet ut frå at Gud er ein Gud som gjenreiser alle ting og fullfører sin frelsesplan. Både mannen, kona hans og to andre i familien som var der, tok imot Jesus. Vivi, som kjenne begge familiane, kjem no til å ta dei begge med på disippelkurset "Mulitiplicando Creyentes".

Så når vi på slutten av dagen, har litt moro med oppteljing, har 25 menneske tatt imot Jesus idag. Takk Gode Gud.

På kvelden i dag hadde vi bønnesamling i menigheten. Der la vi hendene på, og bad konkret for personar som har det vondt. Det var ei sterk stund. Ei av dei unge kvinnene i menigheten som Nahier opplevde Gud talte til ho om, fekk lyst til å bli døypt i Den heilage ande. Vi la hendene på henne. Ho gjekk i golvet og talte i nye tunger, akkurat slik vi såg det skjedde med fleire i fengselet i går. Det var ein flott kveld. Vi takkar Gud for alt det gode han gjer. 

I morgon har vi ei bestilling frå ein kristen skule ikkje langt herifrå. Dei vil ha litt undervisning om Påske. Og kva passar betre enn å gje den oppgava til Dag Sveinung. Ingen har betre erfaring med klasseromsundervisning enn han. Men om han er van med å ha alle klassetrinn samla i ein klasse, er ei anna sak. Men den utfordringa tek han på strak arm.  

Etterpå set vi oss i bilen og reiser til La Paz. Der ventar nye utfordringar og nye sigrar for Guds rike.

tirsdag 15. april 2025

Siste fengselsbesøk for denne gongen

I dag var vi på besøk i fengselet i Abra. Det er eit høgrisikofengsel. Det er der dei verste sit. (Utan at Gud er mindre glad i dei av den grunn). Abra ligg veldig nær Quintanilla, der vi hadde eit arbeid gåande for nokre år sidan. Det var fint å vera i området igjen, etter fleire år.

Dagen starta med at vi laga 500 smørbrød til dei innsette. Handlerunden gjorde vi unna i går, men vi har ikkje kjøleskapsplass nok til så store mengder mat, så smørjinga måtte gjerast i dag. Vi starta klokka 05:30  og fekk god tid til å eta frukost også før vi tok med oss alt og reiste dei 45 minuttane ut til fengselet i Abra.

Det var ein eller annan som hadde blitt drept inne i fengselet rett før vi kom. Somme fanga opp at det var ein av dei innsette, andre hadde fått høyra at det var ein politimann eller fangevaktar. Kva som er riktig, veit vi ikkje. Men på grunn av dette, tok det litt tid før vi fekk koma innafor. 

Først var vi i avdelinga for narkotika-innsette. 5-6 mann i kvart bur. Lukta innafrå var så langt frå god som det går an å koma.  Men dei sat med føtene og hendene ut gjennom sprinkeldørene for å koma så nær frisk luft som råd. Somme av dei var truande og hadde små nytestamenter i hendene. Responsen på evangeliet var kraftig. Då ei av dei faste medarbeidarane bad ei bordbønn, var dei alle med. Ijob delte eit flott og evangelisk vitnesbyrd. Felix og eg delte meir om evangeliet og responsen var stor. Vi delte ut smørbrød og gav dei drikke i blastbeger. 

Så flytta vi oss over i eit anna område til ei ny avdeling. Der var det litt eldre folk som sat. Eldre i denne samanhengen betyr menn frå 40 år og oppover. Mange her var kristne. Fem nye gav livet sitt til Jesus. Mange vart bedt for. Eg har ikkje oversikt over alt som skjedde, fordi det var forbønn på så mange kantar i lokalet. Sjølv var eg involvert i forbønn for ein som vart helbreda frå store magesmerter og to kristne som ville oppleva åndsdåpen. Dei kom begge igjennom på ein sterk måte. Ein eldre kar, brast i sterk gråt då vi bad for han. Han fortalde at han hadde sona ferdig dommen sin for lengst, men ville bli i fengselet framleis. Han hadde site i over 20 år. Utanfor hadda han ingen familie, ingen plass å bu, ingen eigendelar og ingen jobb å gå til. Han hadde ingenting. Og det betyr ingenting. Innafor hadde han altfor lite av det meste, men i det minste folk han kjende og som han kunne ha fellesskap med. 

I Bolivia er det mange uskuldige som er bura inne. Systemet er slik at om nokon anklagar deg for eitt eller anna, så blir du sett inn. Ingen rettsak er nødvendig, du blir sett inn fram til du kan bevisa at du er uskuldig. Dei som har pengar til advokat kan få dette til, dei andre ikkje. Om ikkje familiemedlemmer eller andre betalar skulda deira, blir dei berre sitjande. Ein mann eg snakka med, hadde kome i diskusjon med ein politimann i La Paz. Diskusjonen vart litt høglydt og politiet sette han i fengsel. Der har han site sidan, og er gløymt av samfunnet. No har han hjelp til å levera inn ein appell til styresmaktene i håp om at det fins folk som bryr seg. Sjansen for det eksisterer, om den er liten. Han ville ha epostadressa mi slik at han kunne fortelja heile historia si når han kom ut, om det så skulle skje. Han sa: Du kan skriva bok om meg eller kva du vil, berre verda får vita korleis systemet i Bolivia fungerer. Saman, la vi saka hans fram for Gud og oppmuntra han til å setja all si lit til Herren. For den som berre lit på menneske og samfunn blir ofte skuffa. Om det er noko dei historiske bøkene i Bibelen lærer oss, så er det det. Vi som arbeider med kontaktar også frå mange andre land i verda enn Bolivia, veit at det står ikkje særleg betre til der. Hadde norske media prøvt å teikna eit bilete av verda i lys av sann rettferd, så hadde mykje av informasjonen vi får vore annleis. Eg er freista til å sitera sangaren og poeten Larry Norman:

The politicians all make speeches while the newsmen all take notes. And they exaggerate their issues as they show it down our throat. Is it really up to them whether this country sinks or floats? I wonder who would lead us if none of us would vote.

Our money says; In God we trust, but it's against the law to pray in school. You say we beat the Russians to the moon. I say you starved your children to do it. You say all men are equal, all men are brothers, then why are the rich more equal than others? Don't ask me for the answers, I've only got one; that a man leaves his darknes when he follows the Son.

Eg er glad or å ha fått denne kontakten med Feliz Ceccato. Han er ein høg offiser i FBI Switserland. Visjonen hans erverdensvid. Han arbeider ikkje berre inn mot fengsel, men inn i politiet og i forsvaret i ulike land. Vi kan ikkje forandra systema rundt om i verda, men vi kan forandra menneskehjarta ved den kraft som er i evangeliet. Dette er einaste måten å få slutt på korrupsjon, løgn og urettferd i politi og i militæret. Å nå leiarane for desse med evangeliet er ein start, og ein god start.

Vi snakka med direktøren for fengselet i Abra idag. Han forstod Felix sine tankar, ønskte oss hjarteleg velkommen og opna dører for oss, som slett ikkje var gitt på førehand. Berre C-blokka stengde han for oss. Om det var der dei hadde hatt eit drap eit par timar tidlegare, veit eg ikkje. Men uansett kor elendig det står til i denne verda, Gud har ein plan. Den kjem han til å fullføra. Og eg er glad for å få lov til å vera med på den gjennomføringa. Om to år er eg pensjonist. Men Guds ord seier om den rettferidge, at alt i sin  alderdom, ber han frukt. The best i yet to come!

mandag 14. april 2025

San Pablo-fengselet i Quillacollo

I daghar vi vore på besøk i San Pablo-fengselet i Quillacollo litt aust for Cochabamba og omlag 45 minuttars køyring herifrå. Under kopierer eg inn teksten frå FB-sida mi for idag og ei teikning eg fekk som takk frå ein av dei innsette i fengselet.
Den økonomiske krisa i landet gjer at dei ikkje får pengane dei har krav på og heller ikkje maten dei treng. Det dei lagar av møblar gir litt inntekt til fengselet, men det er langt frå at det held til litt mat kvar dag. Ansikta er preg av at dei er røytte, svoltne og mange er sjuke.
Den opne plassen med fleire etasjar med celler på alle sider, er typisk for fengselskontruksjonane her. Vi har med kassar med brød og fleire sekker med bananer. Applausen stig ved synet av desse. Det skal vera fotballturnering på den opne plassen så vi får berre 10 minuttar til å prata til dei samla. Men når vi inviterer dei inn i kapellet, set den tettståande og stor gruppa seg i bevegelse i den retning.
Det er trangt. Alle må stå. Det er varmt. Lufta er tung. Vi gir dei det beste kjærleiken frå Gud kan gje dei, ordet, håpet, maten, omsorga, tid til å høyra historier og forbønn. Dei stiller seg tålmodig i kø for å bli bedt for. Meir enn for eigne behov, er det familiane deira som ligg dei på hjarta. Mange har barn utan tilsyn. Mange sit utan dom. Dette går ikkje an å forstå for ein nordmann, men verda er ikkje som i Norge. Ingenting av det vi opplever her inne, er som i Norge. Eg er ikkje ein gong sikker på om takksemda og handtrykka vi får her, er som i Norge. Når ein har det vondt nok, skal det lite til for å gjera livet betre.
Felix, og teamet vårt deler ordet og vitnesbyrd med dei. Eg står og ser ut over forsamlinga og opplever det same kvar gong; at eg blir overvelda av Guds kjærleik til dei. Desse møtepunkta gir livet mitt meining. Når fengselspresten, på slutten, foreslår ein sang, syng dei av full hals, "He decidido seguir a Cristo". I ungdommen sang vi den på engelsk:
I have decided to follow Jesus, I have decided to follow Jesus, I have decided to follow Jesus - No turning back - No turning back.
I wish we'd all been ready.


Barnas dag og Punata

 Det var barnas dag i Bolivia i dag. Det sette sitt preg på gudstenesta her i Cochabamba. Men Guds ord og Dag Sveinung sin song til betjening av menigheten sette minst like mykje preg på dagen. Det var ei veldig bra samling, med ein overdådig middag som lunsj for teamet og dei som har ulikt leiaransvar i menigheten, etterpå. 

Vi rakk å handla litt på heimvegen før vi gjorde oss klar til å reisa til Punata. Der var det møte på kvelden. Eg og Dag Sveinung delte på forkynninga og Nahier på teamet, hadde sterke profetiske ord. Etter ein matbit med spesielle bakverk frå frå Punata-området, var det fleire som ønskte forbønn. Mange vart døypte i Den heilage ande. Det sterkaste var å sjå korleis Nahier fungerte i det profetiske og korleis ho hadde Guds salving over seg til å hjelpa folk til å koma fri frå gamle sår.

Igjen må eg sei meg imponert over teamet og korleis Gud brukar den enkelte. I dag er det nytt fengselsbesøk i Quillacollo. Det kjem eg tilbake til i neste rapport.

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...