Andre verset i ein gamal pop-låt som Nat King Cole gjorde populær for veldig lenge sidan, går slik:
Don't lose your confidence if you slip; be grateful for a pleasant trip. Pick yourself up, dust yourself off and start all over again.
For andre som måtte vera som meg, så hender det at vi kjenner på dårleg samvit fordi vi ikkje brukte anledningane betre til å dela vitnesbyrdet eller evangeliet med menneske som enno står utanfor samfunnet med Gud. Paulus seier at han skammar seg ikkje over evangeliet, fordi det er ei Guds kraft til frelse for kva den som trur. Mange gonger står vi på barrikadane for evangeliet og proklamerer frimodig at vi alle treng ein frelsar og at det ikkje er gitt oss andre navn enn navnet Jesus som vi kan bli frelst ved. Men så er det andre gonger at vi vik unna anledningane, enten av menneskefrykt eller rett og slett eige ønskje om å koma godt ut av situasjonen, endå tidlegare erfaring seier at det motsette skjer når sjølverkjenninga kjem over oss.
Vi veit så godt at å å gå i tru inneber å seia nei til seg sjølv og ta opp krossen vår. Likevel gjer vi oss erfaringar av vår eigen skrøpelege tilstand. Eg har desse erfaringane i mitt liv, erfaringar av å vera feig og måtta gå til Gud og sei: "tilgje meg at eg i den situasjonen skamma meg over deg og over evangeliet". Det er betre å sei det med reine ord for pengane. Det verste er dei gongene vi fekk ein tanke som vi ikkje følgde og kjenner på skuld for ikkje å vera lydige mot tiltalen vi fekk. Intensjonane våre er gode, men av og til blir det så lite av dei.
Men så er det store spørsmålet: Korleis reiser vi oss igjen etter nederlaga slik at vi kjem styrka ut?
For det første har vi ikkje noko val; Vi må reisa oss att. Alternativet er å gje opp både oss sjølve og trua på evangeliets kraft. Men det er ikkje eit alternativ for ein truande. Salomo seier at "Sju gonger kan den rettferdige falla og reisa seg att, men dei urettferdige snublar i det som er vondt". Det er ikkje eit alternativ å missa motet av vår eigen svake vilje, når ordet seier at Gud arbeider med oss og verkar i oss både å villa og å gjera etter hans gode vilje. Vi reiser oss igjen og går berre vidare, berre litt meir medvitne om at Guds kraft blir fullenda i vår svakhet.
Grunnen til at vi feilar når vi er svake, kan kanskje vera at vi held oss fast i vår eigen vesaldom i staden for å gripa om korset. Det er noko trygt med det å vera svak - vi kan gøyma oss der og finna vern mot det ubekveme, dei skumle reaksjonane frå andre som heilt sikkert vil koma - heilt til vi prøver og finn ut at dei aldri kom. Kva er det verste med å dumma seg ut i verdslege folk sine auge? At vår kjødelege natur og stolthet får skrubbsår. Kva er det beste med å dumma seg ut i verdens auge for Jesus si skuld? At vi vinn livet, og i tillegg vil vinna mange for Guds rike.
Vi treng å vera ved godt mot i alle livets situasjonar. Motet held menneske opp i sjukdom, men mismot, kven kan bera det? (Odt 18,14)
Guds ord gir oss mange grunnar til ikkje å missa motet eller diskvalifisera oss sjølve. Her er nokre av dei:
1. Når vi ved Guds miskunn, har fått denne tenesta, misser vi ikkje motet (2 Kor 4,1) Om vi skulle ha ein reell grunn til å mista motet på grunn av oss sjølv, måtte det også bety at det ikkje var nokon annan bærebjelke under oppdraget vårt, enn det vi kunne få til i eiga kraft. Nei, alt har sitt opphav i ein miskunnsam Gud, som viser miskunn og let si miskunn koma til oss ny og frisk kvar morgon.
2. Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så blir det indre fornya dag for dag (2 Kor 4,16) Denne setninga står i samanheng med at det fins eit element av å lida for evangeliets skuld. Men Herren oppmuntrar oss til å blikket festa på det som for oss er eit langt større perspektiv enn det noverande som høyrer dette livet til. Han som reiste Jesus opp frå dei døde skal også reisa oss opp. Gud skal få ære ved at takk stigg opp frå fleire og fleire. Trengsler - ja vel. Men dei skaper ein evig herlegdom som veg så uendeleg mykje meir. Difor festar vi ikkje blikket på det synlege men på det usynlege og talar fordi vi trur.
3. Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går (Josv1,8). Det er ingen løfter i Bibelen som i større grad enn dette løftet, hjelper menneske til å gå i inn i Herrens oppdrag i tru. Gud er med oss - derfor er vi sterke. Gud er med oss - kven er då imot oss? Gud er med oss - han fører oss fram på sigersferd i Kristus og spreier kunnskapen om sin herlegdom som ein god ange overalt der vi går. Vi må berre vedgå at vi ikkje alltid er verken modige eller sterke. Vi let oss skremma av mange ting. Er det fordi vi ikkje har trent oss sjølve og kvarandre til å halda fokuset på rett kjelde. Han som er for oss, han som er med oss, han er også i oss.
4. Son min, forakt ikkje når Herren viser deg til rette, mist ikkje motet når han refsar. For den Herren elskar, viser han til rette og han straffar kvar son han tek seg av (Heb 12,6-7). Den beste treninga vi kan gje oss sjølv er å øva oss i å frykta Herren, audmjukt ta imot den tilrettevisning som kjem frå han og gjera det med takk fordivi veit at vi er hans kjære barn som han elskar overalt. Han tek seg av oss som sønner. Vi har alle, litt vondt inne i oss, når vi blir viste til rette av Guds ande eller Guds ord, men det viktige er at vi løfter blikket igjen og har fokuset på den frukt av fred og rettferd som både Herren og vi gler oss over og kan nyta.
5. Han (Jesus) fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet (Luk 18,1) Det er altså ikkje lurt å la motløysa renna ut i eit vakum. I bønn vil vi alltid finna Guds lovnader, hans ord får plass og kraft i våre liv. Vi lærer å halda ut, halda fast og halda oss nær.
6. For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom (2 Tim 1,7). Vi treng å læra oss at motløyse er ein åndeleg greie som aldri kjem frå Gud. Gud vil aldri at vi skal vera motlause. Også her er det viktig å ikkje berre prøva å kasta frå seg motløysa og enda opp i vakuumet, men bli fylt av Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom. Når Guds ande får fylla oss, blir det ikkje plass til så mykje anna av det slaget som dreg oss ned.
7. Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det kjem til å gå som det er sagt meg (Apg 27, 25). Paulus var på veg til Roma med skip. Det var vinter og dei kom inn i ein storm som til slutt knuste heile skipet i det dei gjekk på grunn. Men Paulus hadde eit ord frå Gud om at han skulle stå fram for keisaren. Den naturlege faren for at alle kom til å mista livet var overhengande stor. Men Paulus hadde eit ord. Dette ordet gav han tru. Det er ingen omstende som kan overvinna eit ord frå Gud, når dette ordet vert teke imot og trudd.
I veka som gjekk, måtte eg kjenna litt på nederlaget over ikkje å handla på gjerningar som Gud hadde lagt ferdige for meg til å gå i. Men så las eg i Salomo sine ordtak at "den rettferdige kan falla sju gonger og reisa seg att". No trur eg at talet 7, betyr at han kan reisa seg att uansett kor mange gonger han fell, fordi talet 7, er eit tal som i Bibelen står for det som er heilt og fullstendig. Men uansett så har eg gitt meg sjølv sju grunnar til ikkje mista motet av den grunn, men gjera som det stod i songen:
Nothing's impossible, I have found, cause when my chin is on the ground, I pick myself up, dust myself off, and start all over again.
https://www.youtube.com/watch?v=3EFPJL1uQbs