I siste delen av 1. Kongebok, les vi om livet til Elia og om situasjonen i landet på hans tid. Ahab var konge i det nordlege riket. Han var ingen god konge. Det var det for så vidt ingen av israelskongane som var, men Ahab bar seg verre åt enn nokon av dei kongane som hadde vore før han. I tillegg var han gift med Jesabel, dotter til sidonarkongen. Ho kan godt seiast å vera ein inspirator i vondskap. Ho hata Gud og alle som tente han, og di fleire av Herrens profetar ho fekk tatt livet av, di betre syns ho det var. Elia var ein av Herrens profetar, og den som bar hovudtyngda av den profetiske arven og tenesta i nasjonen. Han var uredd nok til å utfordra alle Baal-profetane og heile presteskapet som dyrka Asjera og let den Gud som han trudde på visa kva han var i stand til å gjera framfor augo på heile Israel.
Det hadde vore tørke i landet i tre og eit halvt år. Endå så vondt kong Ahab bar seg åt, så anar vi at han lengst inne, såg at Elia ikkje var kven som helst. Han la skulda for tørken på Elia, fordi det var han som hadde tala om den på førehand. Elia hadde nemleg sagt før tørken, at det ikkje ville koma verken regn eller dogg på marka, utan på hans ord. Ein død profet ville aldri kunna seia frå om at regnet ville koma, så å ta livet av han ville ikkje vera lurt. Men Elia plasserte skulda der den høyrde til; Hjå Ahab sjølv og hjå fedrane hans som ikkje berre hadde synda grovt og dyrka andre gudar, men lært heile folket korleis dei skulle gjera det same.
Men no som Elia hadde utfordra alle avgudsdyrkarane og folket hadde erkjent at det var Herren som var Gud i Israel, bad han Ahab gå og få seg mat, fordi dei profetiske øyrene hans kunne høyra lyden av styrtregn. Så gjekk han opp på Karmel der han budde i periodar og sette seg med hovudet mellom knea og bad. Tenaren hans måtte gå opp på toppen for å sjå ut over havet etter skyer, men ingenting var å sjå. Men sjuande gongen han gjekk opp, såg han ei sky som ikkje såg større ut enn ei hand. Elia bad straks Ahab om å spenna føre hestane og kome seg til Jisréel så ikkje regnet skulle hefta han på vegen. Og så kom Herrens hand over Elia, han batt beltet om livet og sprang føre Ahab sine hestar heilt til Jisréel.
Heile denne sommaren har denne forteljinga om Elia tala til meg om tre viktige ting for oss som lever idag og som er opptekne av Guds gjerning i vår tid. Dei tre tinga er desse:
- Vår evne til å høyra lyden av regnet frå himmelen sjølv om vi enno ikkje eingong ser ei sky.
- Vår evne til å sjå dei små skyer som starten på noko stort.
- At vi trur at Gud vil bruka oss, forventar Herrens hand på oss og gjer oss klar til å springa i overnaturleg kraft.
Det er mange ting med vårt samfunn som vi kan samanlikna med tida i dei nordlege stammane i Israel på Elia si tid. Og det er mange ting som også er heilt annleis. At sekulariseringa av landet vårt har gått fort er det ingen tvil om. At mange gjev politikarane skulda for dette har mellom anna samanheng med at vi sidan langt tilbake i dansketida har hatt ei kyrkje som stod direkte under den eineveldige kongen. Når vi fekk vår eiga grunnlov vart dette eineveldet på sett og vis oppretthalde ved at "den evangeliske lutherske religion forbliver statens religion". Kongen og styresmakta skulle verna om og fremja kyrkja og gudstrua og syta for at samfunnet og lovverket sette kristelege rammer for korleis alle skulle leva. Sjølv om det ligg mykje positivt i dette sett med kristne auge, er det ikkje slik lenger. Og det hadde vore bra om vi ikkje lenger kritiserer og legg ansvaret på politikarar som ikkje sjølv vedkjenner seg den kristne trua, men heller tek ansvaret inn over oss sjølve.
Eg ønskjer ikkje at vi skal sjå tilbake på alt vi ikkje har gjort, eller skamma oss over vår eiga ansvarsløyse. Eg so fall, ville eg ganske sikkert sjølv kome øvst på lista over klanderverdige. Men om vi kunne sjå framover og hjelpa kvarandre til å vera lys og salt der vi er, og ikkje minst la vitnemålet om Jesus og det kraftfulle evangeliet bli delt med dei rundt oss. Vi er ein minoritet som ikkje har samfunnet på vår side. Det er det berre å innsjå. På den andre sida er det endå meir grunn til å innsjå at den som har Gud med seg, uansett er i fleirtal. Det beviser historia igjen og igjen for alle som har kunnskap om det. Det gjeld berre å leva i trua på at det er sant om oss.
I slutten av april køyrde eg forbi fine bøar i ei bygd i Gulen. Sauene hadde kome ut og bøane hadde blitt grøne. Då slo det meg korleis våren kjem og let grasrota vakna til nytt liv. Og sjølv trur eg det er det som er svaret for landet vårt.
Eg trur på ei stor innhausting av menneske i Guds rike i landet vårt og i heile verda. Eg trur at Gud vil renna ut sin Heilage Ande til vekking og sterke endringar i samfunnet. Eg trur at heile jorda skal fyllast med kunnskap om Herrens herlegdom slik vatnet dekkjer havbotn. Pendelen som har blitt, og stadig blir trekt lengre og lengre ut til eine sida, vil før eller seinare svinga tilbake. Litt konsekvenstenkjing kunne kome godt med før den blir trekt altfor langt ut. Likevel kan vi ikkje berre sitja og klaga på utviklinga og skulda på andre. Det er Guds forsamling som er lyset på jorda og saltet i verda. Uansett årstid - åndeleg sett er det tid for vår. Det trengs verken utdanning eller posisjonar verken alder eller medaljar for lang og tru teneste for å vera ein del av grasrota. Gud vil bruka heilt vanlege folk som trur at Han som bur i meg er større enn han som bur i verda.
Det er håp for ein kvar nasjon så lenge det fins menneske som er hjelpelause nok til å setja si lit til Gud. I Bibelen har den profetiske tenesta alltid vore viktig i etableringa av kongedømet. Ikkje minst var profeten Johannes (døyparen) den som bana vegen for kongen over kongane og peika han ut som "Guds lam som ber bort verdens synd". Johannes brann ikkje inne med vitnesbyrdet sitt. Han ropa ut: Han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som skal døypa med Den heilage ande. Eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt. Han er Guds son." Guds folk er kalla til å leva som eit profetisk folk. Eit profetisk folk, er ikkje først og fremst eit folk som fungerer i profetisk gaver, men eit folk som ser kva som kjem, som ber i forventning til framtida og som lever for å sjå morgondagen koma - i dag.
På søndagane brukar eg å kjøpa ei avis, heilt enkelt fordi vi har ein kjekk ungdom i nabolaget som i staden for å gjera ingenting, kjem seg ut om morgonen, går frå dør til dør og sel VG. Sjølv har enno mange dører å banka på, og eg vil gjerne ta imot denne unge mannen slik eg sjølv ønskjer å bli tatt imot. I løpet av veka hender det at eg blar litt i avisa. Der fins det litt av interesse og mest utan. Men det er ingenting som får meg til å høyra susen av regnet. Det er fleire program på TV som handlar om ting eg har interesse for, men det er sjeldan eller aldri at eg høyrer lyden av striregn. Men når eg kjem saman med kristne og pratar om det Guds ord har lova oss og vi ber i samsvar med profetiske ord vi har fått, då høyrer eg lyden av regnet. Når eg les i Bibelen og blir forfriska i dei planar som Herren har lagt for heile jorda, då høyrer eg lyden av regnet frå himmelen. Når vi festar blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus, og søkjer å fullføra løpet vi er kalla til å springa, kan vi alt kjenna trykket frå torefloa. Og ikkje minst, når vi går ut og er oss sjølv i møte med menneske, er det lett å oppdaga at jordsmonnet alt har teke til å blotna opp. Lat oss oppmuntra kvarandre til å bli verande der vi høyrer susen av regnet.
Eit profetisk folk kan ikkje leva i frisk profetisk salving om dei heile tida skal sjå seg tilbake på dårlege erfaringar og mislukka forsøk. Det er ein føresetnad for all framgang at ein ser framover. Men nederlag og dårlege erfaringar kan også vera nyttige. Om dei berre har lært oss å ikkje setja vår litt til oss sjølve, då har dei ikkje vore heilt til fånyttes. Om vi tek små steg og let kvart steg vi tar bli gått i forventning til Guds kraft og overnaturlege verknad, då er vi alt på veg framover.
Når vi går ut for å forkynna evangeliet om Jesus, har vi all grunn til å forventa at Herrens hand skal koma på oss. Korleis viser den seg? Den viser seg kanskje først og fremst i at ordet og vitnesbyrdet vi deler tek til å gjera eit arbeid i det indre av menneske vi pratar med. Etterpå tenkjer dei ikkje heilt på same måten lenger. Ei kraft til frelse har teke til å verka. Mange får ei uro over ting dei ikkje hadde uro over før. Såkornet er sådd. Og det har kraft til å slå rot, spira, veksa opp og bera frukt - av seg sjølv. Det er inga meining i å ha tiltru til eiga overtalingsevne eller superpedagogisk framlegging, kule stil eller påkledde rollemønster. Det einaste vi treng å ha tiltru til er krafta i evangeliet. Sei det som Ordet seier utan å bøya kne for det politisk korrekte. Tal sanning utan å bry oss om vanære. Del vitnesbyrdet vårt utan å gjera oss til. Vi kan peika ut Jesus og sei: Dette har Jesus gjort for meg, og om du let han få ein sjanse, kan han gjera det same for deg. Som ein god venn av meg seier når han står framfor hundrevis av insette i somme av verdens verste fengsel: Du vil aldri få vita kva Jesus kan gjera for deg om du ikkje gjev han ein sjanse.
Eg ser på meg sjølv som ei enkel sjel utan den store kompetansen verken på det eine eller andre. Likevel har eg opplevd så mange ting, og sett så mykje av kva Gud kan gjera, at eg ikkje er i tvil om at han kan bruka kven han vil til kva han vil. Og når det gjeld meg sjølv, så trur eg, alderen til tross, at eg berre har sett litt så langt. For det handlar ikkje om kor lenge vi fungerer, men om kortid turbotrykket blir skrudd opp for alvor. Difor lever eg i forventning. Difor vil eg vera til disposisjon. Difor lyttar eg etter susen av regnet og trur på potensialet i kvar lita sky. Og ved Guds kraft skal vi springa fortare enn hestane til Ahab.