mandag 25. oktober 2021

Motstanden mot evangeliet

Jesus gav læresveinane sine ordre om å gå ut og forkynna godt nytt om Guds rike, evangeliet om Jesus. Han gav dei oppgåva med å gjera alle folkeslag til læresveinar ved å døypa dei som tok imot evangeliet og læra dei å halda det han hadde bode dei å gjera - som då blant anna innebar å gå ut og forkynna evangeliet og gjera folkeslag til læresveinar. Og han lova dei at han skulle vera med dei alltid. Eg vågar den påstanden at han har halde det han lova endå hundretusenvis av kristne idag blir forfølgde, fengsla og mange drepne. 

Dei som gjev livet sitt for evangeliet, både i liv og død, ser ei større frukt enn verdshistoria nokon gong har sett. Millionar av menneske i Asia og i områda der dei største verdsreligionane har sitt hovudområde, møter Jesus og tek imot han til frelse og hans forandring, sjølv om faren for å bli fengsla, banka opp, fråstole alt, få huset nedbrent, missa jobben etc er langt meir sannsynleg enn berre noko som kan skje. Historia om dei første læresveinane og Paulus, gjentek seg. Verda har ikkje forandra seg. Jesus sa: Når verda hatar dykk, så skal de vita at ho har hata meg først. Det må ikkje gløymast.

Eg ber om at vi skal sjå ei ny rørsle av frimodige norske kristne som trassar den, trass alt, svake motstanden mot evangeliet som vi møter her i våre eige land. Kristne blir som oftast omtala som fordomsfulle mot alt og alle. Eg syns derimot det er veldig interessant å møta dei norske fordommane mot evangeliet. Sjølv om dette er ein realitet i møte med menneske, så må det ikkje få skapa frykt som hindrar.

Eg ser inn i mellom på eit program som heiter Wheeler Dealers. Det går kort ut på å kjøpa ein eller anna bil som Mike Brewer i serien har eit meir eller mindre nostalgisk forhold til, får den fiksa av ein fast mekanikar, for så å selja bilen med litt forteneste. Mike har hatt ulike mekanikarar med seg opp gjennom åra. Ein av dei er den festlege Anthony Anstead, ein tidlegare politimann, sjølvlært mekanikar og ekstremt dyktig, ikkje minst til å forklara korleis ting fungerer - til stor glede for oss med interesse. 

I ein episode, der Ant og Mike var ute og prøvekjørte ein Toyota Supra etter ferdig arbeid, var Mike veldig fornøgd med resultatet og skrytte over jobben Ant hadde gjort. Toppakninga var skifta og ein heil del andre ting. Mike kommenterte at det å skifta toppakning var ein ganske stor jobb. Ant på si side, meinte det var lett på denne bilen, takka vere godt tilrettelagt japansk teknologi. Men Mike ville ikkje snakka det bort, og meinte at å skifta ei toppakning var ein stor jobb uansett kva bil ein hadde med å gjera. Det var då Ant svara: Once you put aside the fear factor, and tack it with a little bit of confidence - it's just a head gasket!

Eg stoppa episoden og spolte tilbake. Eg ville høyra det ein gong til for å sikra meg utsegna i original stand. Sidan har eg ofte tenkt, at uansett kva som måtte skapa frykt for oss, så vil det vera eit viktig steg å leggja fryktfaktoren til sides og velgja å ha tillit til han som lova å vera med oss alle dagar. Då vil vi oppdaga at det faktisk berre er ein toppakning. Ting kan verka litt skremmande, men kva er den reelle risikoen, når vi ser tinga i det rette lyset? Då Jesus gav læresveinane sinde oppdraget, sa han: Og sjå, eg er med dykk alle dagar, så lenge verda står. Det må vel vera tillitsfaktoren som gjer at vi kan leggja bort fryktfaktoren og sjå at uhyret ikkje er noko anna enn eit uhyre.

I møte med folk som ikkje reknar seg som kristne, får vi høyra mange utsegn eller kommentarar som verken er gjennomtenkte eller sanne. Som oftast er dei heller ikkje sjølverfarte, men byggjer på påstandar andre har kome med utan å reflektera. I mine møter med mange kristne unge menneske, finn eg ut at dei heller ikkje har reflektert over korleis ting heng saman og korleis vi kan hjelpa folk som er fanga i tankar som stengjer døra for Guds tilnærming.

Eg vil berre nevna nokre få enkle påstandar som for mange blir ein toppakning. Dei er alle typiske ting som gjer mange svar skuldige og aukar fryktfaktoren heilt utan grunn.

Det var ein som sa til meg: "Det verste eg veit er kristne som dømer oss". 

Han kunne ikkje svara på om han hadde erfart at kristne dømde han eller kven desse var. Likevel kjende han seg dømd av kristne. I samtalen med meg kom påstanden som lyn ifrå klar himmel utan at vi hadde snakka om Gud eller ting som har med tru å gjera i det heile. Eg prøvde å spørja meg fram til kor denne kjensla av å kjenna seg dømd av kristne kom frå, men fann ikkje ut av det. Dermed seier eg ikkje at påstanden var grunnlaus. Eg berre registrerte at mannen ikkje kunne grunngje kvifor han kjende seg dømd av kristne. 

Fordi vi kjenner Guds ord, veit vi litt om ting som ikkje alle andre veit like mykje om. Vi ser til dømes i 1 Kor 14 dette: Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein utanforståande eller ein som ikkje trur, då vil han kjenna seg skulda av alle, ja dømd av alle. Dei løynde tankane i hjartet hans kjem for dagen, og han vil kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og ropa ut: Gud er sanneleg midt imellom dykk!

Gud vil møta menneske gjennom oss. Vi ber med oss Guds Ande, Guds kraft og Guds nærvær. Guds herlegdom skal vera synleg i oss. I møte med dette er det difor ein naturleg ting at folk opplever kallet dei prøver å unngå. Gud vil frelsa alle. Men det er ingen veg utanom å koma til sannings erkjenning om seg sjølv og falla ned for han som tok domen bort og gir oss eit nytt liv. 

Ein annan ting eg alltid møter på er dette: Korleis kan det finnast ein god Gud, når vi ser på alt det vonde som skjer i verda? Frykt-faktoren aukar berre om vi tillet oss sjølv å gli inn i desse menneskelege tankane utan å reflektera over kor dei kjem ifrå. 

Eg har sjølsagt sett veldig lite av alt det vonde som er i verda. Og dei fleste eg snakkar med har sett endå mindre av det. Eg har sett mykje vondt, men langt frå det verste. Ta ein tur til India og sjå deg godt omkring. Stikk nasen inn i slummen. Ta ein tur ned i svingen der dei døyande skrik sin siste skrik. Likevel, det fins krig, tortur og smerte ein ikkje eingong ser der. Det eg ikkje skjønar er at dei einaste som seier til meg at vondskapen i verda er eit prov på at ein god Gud ikkje fins, er dei som livet stort sett smiler til. 

Løgna har ein far. Og hans framtid er utan ein god Gud. Det tener ingen til frelse å velgja å tru på løgna. Bibelen seier: Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?

Spørsmålet er korleis verda hadde sett ut om det ikkje fans ein god Gud og om vi eventuelt kjenner oss lystne på livet i eit slikt tilvære. "Der har du eit poeng", var det ein som sa til meg.

Eg skriv ikkje dette for å kritisera fordommane hjå dei vi prøver å vinna for Guds rike. Vi må berre skjøna at mykje av det andre opplever om oss, kanskje er eit teikn på at vi ikkje i stor nok grad har demonstrert for andre den oppofrande kjærleiken som får fordommar til å falla. I so fall må Gud visa si miskunn mot oss og hjelpa oss til å elska menneske slik han gjorde.

"Dei største krigane i verda har blitt starta på grunn av religion!" 

Berre siste året, har denne påstanden blitt servert meg meir enn ein gong. Difor har eg lært meg ei lang liste over krigar som eg ramsar opp og ønskjer å vita kva for ein av desse som har blitt starta av religionar. Eg er ikkje dum. Eg skjønar veldig godt at han som stel og som drep og som øydelegg, som har sådd eit såkorn inn i hjarta på menneske for at dei skal halda seg langt borte frå Fredens Gud. Og samstundes blir det eit usselt forsøk på å auka fryktfaktoren hos oss, fordi: "Det du står for, er med på å skapa forferdelege krigar. Fordi du trur på Gud er du ein konfliktskapar. Hadde ingen trudd på nokon Gud hadde vi hatt fred i verda." 

Eg skal vera med på følgjande: Hadde det ikkje vore ein god Gud med ein god plan for alle, hadde ikkje mørket sine makter hatt nokon å hata. Det er ein realitet at det fins to riker som er i konflikt. Det gode og det vonde. Mørket og lyset. Satans makt og Guds rike. Å bli fødd på nytt inn i Guds rike innber å finna fred med Gud, fred med andre og fred med seg sjølv. Det er ein fred som ikkje er av denne verda. Jesus sa: Min fred gjev eg dykk. Ikkje den fred som verda gjev, men min fred. Denne freden kjenner vi i vårt indre menneske. Den er der midt i all uro og den er der i kvardagen sine møter med vanlege menneske som er elska av Gud, men som enno ikkje har fått tatt imot det han har å gje dei. 
Men Jesus sa noko anna også: Eg er ikkje komen med fred, men med sverd. Eg er komen for å setja skilje: Son mot far, dotter mot mor, svigerdotter mot svigermor, og ein manns husfolk skal bli hans fiendar. 

Korleis heng dette saman? Det betyr heilt enkelt at når ein kjem inn i Guds rike, skiftar ein side i den konflikten som alltid har vore der. Dette er lite populært hjå dei maktene som høyrer mørket til. Vi er i ein åndeleg krig. Men vår kamp er ikkje jordisk og blir ikkje kjempa med jordiske eller politiske våpen. Våre våpen er åndelege. Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, altså mennesker, men mot Den vonde sin åndsmakter. Det sanne lyset kom til verda. Lyset skein i mørkret, men mørkret har ikkje overvunne det. Tvert imot. I han var liv, og livet var lyset for menneska. 

Eg prata med ein som hadde vore fleire gonger i eit land i Asia. Han var fasinert både av kulturen og religionen i landet, fordi dei, etter hans meining, ikkje hadde nokon annan religion enn at "Er du grei mot meg, er eg grei mot deg". Og så var visst alle snille med kvarandre og alle hadde det bra. Heile kulturen var venlegsinna og inkluderande. Andre - mange andre - ville sagt at den konstante frykten er opphavet til mange av dei smilande fjes.

Utan å sei noko, tenkte med meg: Eg veit litt om kor mange gonger du går over gata i dette landet, før du blir putta inn, om du har ein Bibel under armen. Og eg veit litt om kva tortur dei går igjennom dei som held fast på gudstrua si i det same landet. Folk reiser som turistar og på handelsreiser. Dei kjem heim att med med alle gode inntrykk, og har eigentleg ikkje verken sett eller forstått nokon som helst. Men kva så? Vi er ikkje her for å klaga, men for å visa Guds kjærleik. Hadde vi berre vore komne lengre i dette!

Ingenting har same kraft til å kvitta seg med fryktfaktoren enn den fullkomne kjærleiken. Den driv all frykt ut. Ingenting har same kraft til å sigra over alle faktorar som skapar frykt enn tillit til han som har sigra over verda. Eg har nevnt nokre få påstandar som vi ofte møter. Om vi let slike hindra oss, vil alt anna hindra oss også. La oss leggja av fryktfaktoren, takla den med litt tillit til Gud, for trass alt; Det er berre ein toppakning.

Det gamle prinsippet om kveitekornet, er det som framleis fungerer: Om ikkje kveitekornet fell i jorda og døyr, er og blir det berre eit korn. Men døyr det, ber det rik frukt. 

Det som avgjer er viljen til å velgja kva liv ein skal gje opp eller kva liv ein skal vinna, det gamle i verda eller det nye i Kristus. 

For få år sidan var eg på Filippinene. Ein tidleg morgon var eg saman med ei gruppe unge menneske med kall til misjon. Ein av dei unge mennene som var der, ropte til Gud mens tårene rann nedover ansiktet. Etter mi frie omsetjing, sa han: Åh, Gud, eg kjenner meg så svak. Hjelp meg til å tola hard medfart og halda ut vanskar og smerte. Han ante kva som ville møta han i det landet han skulle til, men han bøygde ikkje av for frykt, men vende seg mot kjelda til den kjærleiken som driv frykten ut. 

Vi kan synast om oss sjølv at vi er feige og sløve, i forsvar for oss sjølv og for ofte i angrep mot andre. Mykje av det er sikkert rett. Likevel har eg inga tru på å finna styrke i sjølvanklage. Det har eg prøvd nok av i andre situasjonar. Bortforklaringane hjelper heller ikkje. Dei kjem berre tilbake til oss. 

Vi orsakar oss ofte med at vi manglar naturleg utrustning på dette å gå ut med evangeliet og vitnesbyrdet om Jesus. Sanninga er vel at ingen av oss er naturleg utrusta for noko som helst. Kvifor skulle vi ellers kasta vekk ein fjerdedel av livet på å ta utdanning. Sjølv det som angår oss alle, må lærast. Utfordringa er at det ikkje er ei teknisk eller kunnskapsbasert utdanning. Det handlar om å læra å elska andre slik Jesus har elska oss. 

For så elska Gud verda, at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt men ha evig liv.

All to Jesus, I surrender, Lord I give myself to Thee. Fill me with your love and power, Let your blessing fall on me. I surrender all, I surrender all. All to you my blessed Savior, I surrender all. 

All to Jesus I surrender, Now I feel the sacred flame. Oh the joy of your salvation, Glory, glory to your name. I surrender all, I surrender all. All to you my blessed Savior, I surrender all. 


søndag 24. oktober 2021

Kven eig framtida?

I den tida vi lever i no, synes det som om mørket har framgang. Men Gud har kontroll på mørkret. Han plan er lagt og den arbeider han etter. Dei som kjenner historia, har oppdaga at når Gud grip inn i den historiske utviklinga, så er det på måtar som overraskar, som ingen heilt er førebudde på og der store endringar skjer på kort tid. Guds fiende, Satan, kjenner ikkje denne planen så veldig godt. Men han veit at han i utgangspunktet har tapt og at tida hans er kort. 

Folkeviljen har gode kår hjå oss. Folket har mindre og mindre norm å styra viljen sin etter, fordi løgna om at Gud ikkje fins, har gjort humanistisk filosofi og menneskelege lyster til norm. 68-generasjonen sitt opprør mot alt det etablerte har innteke alle posisjonar i samfunnet og det ser vi fruktene av. Med det meiener eg ikkje at alt etablert skal bevarast fordi det er godt etablert i samfunnsstrukturen. Ting må vurderast ut frå om det byggjer dei verdiar som er i samsvar med Guds ord. Når folk relaterer seg til Gud, som om han ikkje fins, vil heller ikkje det Gud har sagt ha betydning for folk. Over tid blir det dermed fritt fram for løgna si forsøpling av sinnet. Frykt for å skilja seg ut, bli upopulær, bli dårleg omtala i media, få tyn på arbeidsplassen etc. gjer at dei fleste driv med straumane som er manipulert av systemet i verda, sjølv om samvitet inst inne gjer eit lite forsøk på halda meiningane våre tilbake. Når eg bruker ordet "verda", så må det ikkje forståast som eit uttrykk for jordkloden eller den geografiske verda, men slik uttrykket metaforisk er brukt i Bibelen for alt det verdslege som står Gud imot.

Den øvste norma i den politiske styringsforma, demokratiet, blir lett folkefleirtalet si tause tilslutning. Denne tause tilslutninga er nok til å endra både Grunnlova og resten av lovverket. Sjølv om slike endringar av og til fører til det betre, så har vi i fleire tiår sett lover som har ført oss bort frå dei mest openberre sanningar.  Ein ting som er ulovleg fordi lovverket seier at det er ulovleg, blir lovleg når ein endrar lova. Men det betyr ikkje at det dermed blir rett?

Når Guds Ords norm er borte, vil ein tru at ting er rett fordi det er lovleg. Når lystene blir styrande norm, vil det som kvar og ein har lyst etter, bli rett for den personen. Ein kvar får vurdera kva som er rett for han eller ho. For dei som ser Guds norm som sanning, kan aldri synd bli rett om den er aldri så lovleg.

Bibelen seier at der det ikkje fins ei lov, er der heller ikkje lovbrot. Sjølvsagt! Ein kan ikkje bryta ei lov som ikkje eksisterer. Problemet er at mange les denne setninga som om det står: Der det ikkje fins ei lov, fins det heller inga synd. Bibelen seier at det var synd i verda før lova kom. Synd blei ikkje synd på grunn av lova. Lova gjorde berre merksam på kva som var synd, slik at dei som elska Gud og nesten sin som seg sjølv, skulle ha gode regulativ å styra liva sine etter.

Drap, tjuveri, hor, løgn, korrupsjon, avgudsdyrking og opprør mot Gud, er synd både før lova og uavhengig av lova. Slike ting vil aldri bli rett å leva i. Å ta livet av barn i mors liv, har aldri vore og vil aldri rett om det er lovleg i tusen år. Å ha sex med eit menneske av same kjønn er ein styggedom for Herren heilt uavhengig av lovverk. Konsekvensen av å følgja øydeleggjande og nedbrytande livsmønster, vil ikkje forsvinna av at det blir tiljubla av massane.

Vi har sett mange terrorangrep i vår vestlege verd dei siste åra. Mange vil seia at desse er angrep på demokratiet som styringsform. Eg er ikkje så sikker på at vi skal utropa ei styringsform som målet for ekstremt hat. Bibelen seier om Guds fiende at Tjuven er komen for å stela, drepa og øydeleggja. Han er ikkje avhengig av ei spesiell politisk styringsform for å aktivera det som skal til for å gå til åttak på menneske.  Han søkjer å få menneske i si makt, slik at han kan bruka kva som helst av politiske, religiøse eller andre motiv for sitt hat. At djevelen skulle finna ei demokratisk styringsform i Vesten så gudleg og i tråd med Guds vilje, at han av den grunn skulle villa øydeleggja det, finn eg litt vanskeleg å forstå, men kan sjølvsagt ta feil av dette. 

Alle land må ha ei politisk styringsform, difor må vi syna respekt for all styringsmakt ut frå det at dei, uansett form, er sett til å ta seg av ein del ting på vegne av han som rår over alt; Gud. Den autoritet styresmakta har, er alltid frå Gud som har all styringsmakt. Om den delegerte autoriteten blir misbrukt har dei eit problem med han som delegerer, ikkje med oss. Han har sona alt i himmelen og alt på Jorda med seg for å leggja alt under seg. Riker kjem og riker går, men hans rike skal i all æva ikkje forgå. Det vil aldri gå over til noko anna rike, men omskapa alt i samsvar med Guds vilje. Som den siste skal han stå fram på Jorda. Kvart kne skal bøya seg og kvar tunge sanna til Gud Faders ære, at Jesus Kristus er Herre.


Jesus kom til Jorda og hadde Guds rike med seg. Når vi løfter blikket litt ut over den Vestlege verda som vi så lett trur definerer det mest naturlege, så ser vi eit Guds rike som er i enorm framgang og under hard forfølgjing. Guds rike er det einaste riket som har ei evig framtid for himmelen og Jorda. Han som sona alt med seg har sett seg på kongsstolen. Han har all makt i himmel og på Jord. Det er derfor vi må gå ut med Godt Nytt til ei verd i mørker. I vår opplyste kultur er det meir mørker enn på lenge.


Men lyset kom til verda ein dag verda ikkje var førebudd. I Han var lys, og lyset var livet for menneska. Han kom til verda, men verda tok ikkje imot han. Lyset skein i mørkret men mørkret har ikkje overvunne det. Hans som sa at lys skulle skina i mørkret, har late sitt lys skina inn i våre hjarte, for at kunnskapen om hans herlegdom, den som lyser i Jesu Kristi ansikt, skal lysa fram frå vår liv. Kanskje det viktigaste vi treng å læra, er å elska menneske slik dei er elska av Gud. Kjærleiken talar aldri løgn, den gler seg over sanninga. I verda har dei som høyrer Guds rike til mange trengler, men Jesus har sigra over verda. Framtida høyrer Gud til. 


Filosofiske idear og politiske ideal har inga framtid med mindre dei representerer Guds rike og hans rettferd. Folkeviljen må koma på linje med Guds vilje for å ha ei framtid. Vi har alle levd etter våre eigne lyster og våre eigne tankar på denne verdsens vis. Det vi ikkje forstod, var at vi var leia av den ånd som verkar i dei ulydige. (Ef 2) Peter ville hindra Jesus i å gå til korset. Jesus svara: Bort frå meg Satan, du har ikkje sans for det som Gud vil, berre det som menneske vil. Gud vil at vi alle skal venda om, la oss forsona med Gud, ta imot Guds store nåde og få del i eit nytt liv.


“Framtiden i våre hender”, er det ein organisasjon som heiter. Eg kjenner ikkje denne organisasjonen

godt, men likar navnet og tenkjer meir på det som uttrykk. For som uttrykk er “framtida i våre hender”,

meiningsfult i den forstand at vi arbeider enten med eller imot Gud som eig framtida og som uhindra

gjennomfører den i samsvar med sin plan og vilje. Det er tid! Tid for å vera lys i mørker - Tid for å gje

menneske framtid og håp.

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...