Det er mange ting, og meir enn tre faktorar, som hjelper oss til å vera frimodige i det å dela vitnesbyrdet eller evangeliet om Jesus med menneske. Vår kjære far i himmelen tek seg av oss og fører oss inn i dei ulike tenestene han har tiltenkt oss. Vi kan alle ha svært ulik erfaring med dette. Det er difor ikkje så enkelt at vi kan slå fast "tre nøklar til frimod" der alle kjenner igjen si eiga erfaring.
Likevel kan det vera ting i Guds ord som synes å vera eit mønster, både fordi det er ein del av den frelsesplan som Gud har for alle, men også fordi vi ser korleis eksempla gjentek seg i Guds ord.
Vi snakkar ofte om å nå ut med evangeliet. Viktig uttrykk. Likevel er ordet Jesus brukte, å gå ut. Men ikkje berre for å dela evangeliet, men å gjera folkeslag til læresveinar. Ei heilskapleg forståing av misjonsoppdraget, er ikkje berre å gå ut og be for sjuke, eller dela evangeliet. Desse tinga er veldig viktig. Vi må demonstrera Guds rikes kraft i ord og gjerning. Men oppdraget er ikkje fullført, sjølv om vi har bedt frelsesbønn med dei. Vi kan ikkje setja strek før vi har ført dei til mognad i Kristus. Så oppdraget om å gå ut er større enn det vi ofte tenkjer at det er. Å gå ut er langt meir enn evangelisering. Og det krev langt fleire enn evangelistane.
Vi treng vanlege menneske som har vore ute ei vinternatt før, og som ved tru og Guds nåde, kan hjelpa dei som slit, igjennom til ein ny og lysare morgon. Vi treng mødre og fedre som kjenner alle utfordringane med tidspress og kvardagsutfordringar. Vi treng dei som kan undervisa Guds ord, men like mykje dei som sjølv har blitt trøysta og funne hjelp i enkle Guds løfter. Vi treng dei som kan møta praktiske behov, som ser løysingar og har slått inn ein spiker før. Vi treng dei som kan hjelpa folk til å tenkja rett om seg sjølv og andre. Vi treng dei som kan læra menneske å ha ein god arbeidsmoral. Vi treng døme på det å vera tålmodige, uthaldande og tenestevillige. Vi treng alle!
Hausten er moden, arbeidarane få, og behovet for frimodige kristne er stort. Når vi ser på den kristne forsamling, så fins det så mykje visdom der, så mykje erfaring av å vandra med Herren i kvardagslivet, så mange vitnesbyrd som kan gje håp og hjelp, så mange ferdigkjempa kampar som vil føra andre gjennom til siger ved trua på Guds løfter. Vi har så mange kvinner som har lært å leva i rett forhold til ektefellen og styra sine ansvarsområde på ein god måte. Og menn som får sine ektefeller til å bløma. For ein kompetanse desse har, og for eit behov det er for desse, når Gud skal gjenreisa alt som har gått gale for menneske som er øydelagd av eit samfunn som i lang tid har levd som om Gud ikkje fins.
Profeten Haggai seier: Dra opp i fjellet og hent tømmer! Bygg huset så vil eg ha glede i det og bli æra.
Vi kjem ikkje unna det faktum at skal huset bli bygd, så må nokon henta tømmer. Skal folkeslag bli gjort til læresveinar, må dei først vinnast for Jesus og bli frelst. Ingen kjem utanom at vi må gå ut med evangeliet og kalla folk til omvending og tru. Til dette trengs det frimod. Men eg trur ikkje at måten desse får frimod på er veldig annleis enn måten vi alle får frimod på.
På eit tidspunkt i den første kristne forsamling, vart læresveinane truga av det jødiske leiarskapet. Dei fekk ikkje lov å forkynna eller undervisa i Jesu Kristi navn. Det dei gjorde var å samla seg i bønn, der dei bad Gud ta seg av dei som truga. Sjølve var dei opptekne av at ingen måtte missa frimodet til å forkynna evangeliet. Med eitt fokus, med eitt hjarta, og i ei ånd, bad dei til Gud. Då dei hadde bedt, skalv staden der dei var samla, dei blei alle fyllt av Den heilage ande og tala Guds ord med frimod.
Dei tre nøklane vi ser i denne forteljinga, er:
1. at dei hadde gitt seg sjølve til oppdraget
2. at dei bad
3. at dei vart fyllt av Anden.
Dette er ikkje ulikt det som skjedde på pinsedagen. Omlag 120 menn og kvinner tok oppdraget på alvor. Dei venta på kraft frå himmelen. Dei var saman i 40 dagar for å venta. Dei utålmodige og sløve, kunne gitt opp etter ein dag eller to, men dei var overgitt til tenesta og oppdraget. Kva fylte dei dagane med? Dei bad. Og då pinsedagen kom, vart rommet fylt av lyden av ein voldsom vind. Tunger av eld sette seg på kvar av dei. Alle vart fylte med Den heilage ande, dei tala alle om Guds storverk med eit frimod og ei openberring som dei fleste av dei truleg ikkje ante dei hadde.
I den tida vi lever i no, har vi ikkje råd til å missa frimodet. Det er ved Guds miskunn vi har fått denne tenesta. Difor misser vi ikkje motet! Vi vil ikkje lukkast skikkeleg med mindre vi greier å få alle mann til pumpene. Men alle skal ikkje til same pumpa. Det er ulike oppgaver, men Anden er den same. Det er ulike tenester, men Herren er den same.
Vi må berre vera gitt til oppdraget, og la Herrens ånd og felles bønn føra oss saman i einskap og heilskap.