På nittitalet var eg tre år på rad i Tromsø med team frå Bibelskulen. Nesten kvar dag i eit par veker, stod vi på torget i Tromsø og steikte vaflar som vi delte ut til forbipasserande. Trikset var sjølvsagt at folk ville vita kvifor dei ikkje skulle betala. Det var sjølvsagt for å koma i prat med folk om noko anna som er heller ikkje kostar pengar, nemleg Guds nåde. Den er gitt oss i ein person som gav seg sjølv i døden for å betala prisen for å kjøpa oss ut av det å vera under Guds dom, og i staden kle oss i Guds rettferd, frikjenna oss på grunn av Jesu verk på krossen og gje oss ein nytt liv i Den heilage ande.
Desse dagane hadde eg mange, mange samtalar med eldre sjøfolk og fiskarar. Det var ingen av dei som ikkje hadde mista slektningar eller kameratar på havet. Flere hadde sigla ute under krigen og blitt torpedert. Andre hadde kantra på fiskefelta. Felles for dei alle, var at sjølv om mange hadde drukna, så hadde dei blitt berga. Den folkereligiøse trua deira var overtydd om at det var Gud som hadde berga dei. Felles for dei var også at dei tok det faktum at dei hadde blitt berga, som eit teikn på at Gud var fornøgde med dei og at deira sak med han var i orden. Å trengja inn forbi denne steinharde folkreligiøsiteten må eg ærleg innrømma ikkje var lett. Det går an å vera så hard at nåden går til spille. Men Guds ord er likevel eit såkorn, med spirekraft i seg.
Mens eg skriv dette, er eg i Bucuresti i Romania. Då eg kom her i går, tok eg ein taxi frå flyplassen og inn til byen. Taxisjåføren var ein hyggeleg og pratsom herremann som gjerne ville selgja Bucuresti så godt han kunne. Han la ut om kor eg kunne finna den beste maten, dei finaste festmiljøa, med dei finaste jentene og god drikke. Eg sa at eg er kristen og ikkje ser etter verken jenter eller fest, men er her for å fortelja innsette i rumenske fengsel om Jesus. Det syns han var bra for han var også kristen, fortalde han. Eg tenkte mitt, men tok likevel bryderiet med å spørja om han verkeleg hadde tatt imot Jesus som sin Herre og frelsar. Ja, ja, det hadde han og viste meg tre snorer med religiøse symbol som hang i A-stolpen på høgre sida, og eit religiøst bilde av eitt eller anna som låg i dørlommen ved sida av meg. Eg lurte på om han gjekk i kyrkja. Det gjorde han når han hadde fri. Om det var for å imponera meg eller ikkje, skal eg ikkje sei, men han fortalde stolt at han hadde vore gift med same kona i 21 år. Eg likte sjølvsagt det og la til at eg hadde vore gift med same kona i 41 år. Vi snakka begge varmt om ekteskapet og eg fekk vita at han kvar arbeidsdag kjøpte godteri med seg heim til kona og barna. Det hadde sikkert ikkje vore like populært heim ehjå meg, tenkte eg. Han var ortodoks og såg ingen grunn til skifta religion eller gjera endringar i forholdet sitt til Gud, så lenge han hadde eit godt liv. For som han sa: Gud har beskytta meg og eg har det fint. Han baserte sin åndelege tilstand på ytre faktorar og tok den gode livserfaringa sin som teikn på at forholdet hans til Gud var rett. Eg tenkte på Jesus som sa til saddukerarane: De tek heilt feil, fordi de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. Enten det er fiskarane i Tromsø eller drosjesjåførane i Romania eller kor som helst elles, blir teoretisk tru og folkereligiøsitet substitutt for det åndelege behovet
Felix og meg var ute og åt pizza i dag. Her i Bucuresti er det hard konkurranse om kundane langs gatene i gamlebyen. Alle serveringsstadene ligg tett i tett på begge sidene av gata og dei brukar unge jenter til å stå med menyar og invitera forbipasserande inn på den sjappa dei arbeider for. Vi åt og vart mette, og då vi gjekk derifrå, kom ho som hadde invitert oss og ønskte oss ein fin dag vidare. Eg spurde om eg kunne få stilla henne eit spørsmål. Det var det absolutt opning for. Eg lurte på om ho hadde tatt imot Jesus som sin Herre og frelsar. Ja, ja, det hadde ho. Eg tok ikkje svaret for god fisk, ut frå at det same svaret kjem får dei fleste i eit land der 95 % er ortodokse. Ho sa ho hadde Jesus i hjarta og forklarte at besteforeldra var religiøse og at ho hadde støtta seg til det same som dei. Men kva det var dei hadde, og som ho støtta seg til, visste ho eigentleg ikkje. Eg lurte på om ho hadde noko erfaring av at Jesus budde i hjarta hennar. Det hadde ho ikkje. Eg ønskjer alltid å vera ærleg og vennleg på same tid. Så eg sa: eg trur ikkje du har Jesus i hjarta, men du har han i lommen for å ta han opp når du treng han. Jesus bur ikkje i lommer. Han er Herre! Eg spurde om ho hadde ein bibel eller eit nytestamente. Nei, det hadde ho ikkje. Ho verka heller ikkje så interessert i å lesa bibelen. Eg fekk lyst å gje henne ein, men hadde ikkje der og då.
Felix tok menyane hennar og ville overta hennar jobb slik at ho kunne snakka med meg. Vi hadde litt moro av dette. Men sjølv om ho ikkje gav den store responsen, fekk eg i alle fall delt evangeliet med henne. Vi sår og vi haustar.
Rundt 50 kvinner tok imot Jesus i kvinnefengselet tidlegare i dag. Så sår vi igjen, og ber om at såkornet må falla i god jord. Vi har gitt Den heilage ande noko å arbeida med. Likson regnet og snøen ikkje vender tilbake til skyene, før dei har vatna jorda, gitt grorkraft og grøde, gitt såkorn til den som skal så og brød til den som skal eta, slik er det også med mitt ord, seier Herren. Det vender ikkje tomt tilbake til meg før det har gjort det eg vil og fullført det eg sende det for.
Utan at vi sår, kan vi ikkje hausta. Då eg kom på hotellrommet, ropte eg til Gud om å bryta det religiøse åket som kviler over vår del av verda. Han var ortodoks og såg ingen grunn til skifta religion når han hadde eit godt liv.
Menneske festar si lit til såmange ting. Bibelen seier at Gud let si sol skina over både rettferdige og urettferdige. Men det betyr ikkje at synda er sona og dommen tatt bort. Mange set si lit til at dei er barnedøypt og konfirmert. Sjølvrettferdige vurderer seg sjølv i samanlikning med andre og kjem bra ut. Andre lit på sitt eige medlemskap i eit kyrkjesamfunn som mange gonger ikkje ein gong er på sporet av bibelens evangelium.
Men Jesus elskar dei, og den kjærleiken må Gud få berøra dei med, gjennom oss. La oss så og så og så igjen. Gud gjev regn på åkeren og hausten er alt stor og skal bli større.