torsdag 28. desember 2023

Kornet, oljen og vinen.

Frå litt ut på hausten og til no, har eg lese Det nye testamentet i den rekkefølgje som bøkene står i. Det er ei stund sidan eg gjorde det på denne måten, men det har vore veldig interessant. Undervegs har eg gjort meg notater av ting som har talt spesifikt til meg. Når eg no les resten av Openberringsboka, så blir eg takksam og begeistra over Guds suverenitet i å gjennomføra sin plan, trass i alle andre ytre forhold.

Vi lever i ei tid med forfall, i eit samfunn som har mista sitt moralske kompass. Menneske leikar Gud, blinde for konsekvensane. Vi møter klagemål mot Gud, med spørsmål korleis vi kan forklara at det finnes ein god Gud når verda ser ut slik den gjer, utan at dei som klagar tenkjer på at om det ikkje er ein god Gud so definerer kva som er godt, er det heller ingenting som kan definerast som vondskap. Det som er godt nytt for alle menneske er at Løva av Juda, Davids rotrenning har sigra og derfor er han den einaste som kan bryta segla på Guds plan og fullføra den. Han er på kongsstolen som mange ikkje reknar med, og han vil ta si kraft i bruk og fullføra det som var planlagt frå før grunnvollen til denne verda vart lagd.

Under lesinga i dag, merka eg meg verset frå 6,6: (Frå ESV) A quart of wheat for a dinarius, three quarts of barley for a dinarius, and do not harm the oil and the wine.

Kornet har ein pris. Oljen og vinen får ingen røra.

Kornet, oljen og vinen har Gud sett sitt vern omkring. I mi enkle eksegese av bibelske ord og uttrykk, representerer desse tre mellom anna Ordet, Salvelsen og Pakta. 

Vi kjenner til korleis ein såmann sådde ut korn på åkeren sin, og korleis Jesus si tolkning var at han sådde ut Guds ord. Ikkje alt fall i god jord, men det som fall i god jord bar mykje frukt. Profetane skildrar tider der det mangla både korn og olje og vin, fordi Guds hus ikkje hadde nokon grunnvoll og ingenting var bygd oppå. Noko av det tragiske med forfallet i vår tids kristenkultur, er kanskje at å stå for Guds ord, kostar for mykje. Å leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagt av Gud, er håplaust og manglar framtid. Profeten Haggai er klar på at om grunnvollen til Herrens hus blir lagt, vil det vera rikeleg både av korn, olje og vin i kummane. Men eg trur kornet også talar om innhaustning. Den som sår med tårer skal bera sine kornband med jubelrop. Vi står ved døra til innhaustning. Mi bøn er at Gud skal vekkja oss til den vekkjing han vil senda. Oppvakninga har starta, det er lett å merka. Unge menneske i vårt land er lei av dei innhaldslause bortforklaringane. Dei vil i sin generasjon vera vitne til kva Gud kan gjera. Vi som dreg littegrann på åra må berre varma opp og springa så godt vi kan saman med dei. Dei treng oss og vi treng dei. 

Oljen har alltid ei bibelsk tilknytning til den salving som er i Den heilage ande. Sakarja såg den same lysestaken, dei same oliventrea og de to vitna desse representerte, som Johannes såg i openberringsboka. På spørsmålet om kva synet han fekk betydde, kunne han ikkje svara, så han overlet til engelen som tala med han å gje ei forklaring. Svaret var: Ikkje ved makt ikkje ved kraft, men ved min Ande, seier Herren. Menneskeleg visdom, lurt uttenkte idéar og mennesketilpassa strategiar, dug ingenting i det evige perspektiv, berre å omfavna det Den heilage Ande gjer. Må Herren renna ut sin ande over oss på nytt og på nytt i det nye året som snart tek til.

Vinen symboliserer gleda som er i Kristus og ikkje minst den nye pakta i Jesu blod. Blodet som forsonar oss med Gud, som reinsar oss frå all vår skuld og som levandegjer oss til leva i forsoning med alle. Å vera gitt til Jesus som Herre og til kvarandre som hans lekam på jord, tola presset som kjem i truskap mot Herren, stå som eit vern for kvarandre og ikkje teia når ord trengs. Det er utfordrande og har ein pris, men Gud let ikkje ordet sitt vera usagt, han vil gjennomføra sin plan gjennom ein salva kropp og syta for at truskapspakta vil stå som eit vitnemål om sanning og rettferd for alle som vil sjå. 

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...