Jesus sende ut læresveinane sine, mellom anna slik vi les det i Lukas 10, der han sende ut syttito av dei. Dei kom tilbake med god rapport. Endå til dei vonde åndene var dei lydige når Jesu navn blei nevnt. Jesus sa: "Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. Ja, eg har gitt dykk makt til å trå på ormar og skorpionar og makt over alt fiendens velde. Og ingenting skal skada dykk. Og likevel: gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at navna dykkar er innskrivne i himmelen." I same stunda jubla han i den Heilage ande og sa: "Eg lovar deg Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for dei vise og forstandige, men openberra det for umyndige små."
Det verkar som om Jesus fekk ei voldsom glede over å sjå læresveinane sine fungera i å spreia evangeliet og demonstrera Guds rike i kraft. Han hadde kalla menneske som ikkje var noko særleg i menneskeauge. Han hadde sagt at utan å bli som barn, var det inga råd å koma inn i Guds rike. Han hadde vald enkle menneske med mange utfordringar når det kom til å fungera saman. Han hadde ikkje gitt opp når han lærte dei, men trufast lært dei og sett fram imot at den dagen kom når sukksessen ville bli eit faktum. Og når tenesta deira i hans kraft og autoritet bar frukt, gledde det Jesus så sterkt at han jubla i Den heilage ande og takka Far fordi han hadde openberra sanninga for og gjennom dei som hadde vore villige til å følgja han.
For ikkje lenge sidan las eg dette kapittelet i Lukasevangeliet. Då slo det meg at eg har det litt på same måten som Jesus. Gjennom året på bibelskulen hjelper vi dei til å forstå verda og menneska frå Guds perspektiv. Vi trenar dei, svarar på spørsmål, gir dei tilbakemeldingar og oppmuntringar. Og så reiser vi ut saman med dei. For min del til Bolivia.
I går kveld var det ungdomsmøte i menigheten her i Cochabamba. Adrian forkynte Guds ord om praktisk å leva i heilaggjering og vera heilage slik Gud er heilag. Det var utruleg god undervisning. Etter talen inviterte han folk til forbønn. Heile resten av teamet var med og bad for folk og gav gode råd frå Guds ord. Eg stod berre bak i salen og såg på korleis dei med glede og iver tente ungdommane i Guds kraft. Då kjende eg sterkt på den same gleda, som eg tenkjer at kanskje Jesus kjende på. Han som sa at hans skulle gjera sine læresveinar til menneske fiskarar, han gjer det same i dag med dei som er villige til å flgja han. Eg blir så glad og stolt over elevane våre over at Gud har utrusta dei til eit nivå av mognad som etterlet seg respekt der dei er.
Det minner meg på at dei første pra eg var i Bolivia, måtte eg forkynna på alle møter vi var på. No har vi vore her i fire dagar og eg har endå ikkje forkynt på eit einaste møte. Det har derimot dei unge på teamet gjort, og det med suksess. Vel, eg kjem på at eg delte evangeliet på eit improvisert møte på fjellet for ein skuleklasse, så det er sjølvsagt endå ting eg kan vera eit eksempel for dei i, men det tek ikkje gleda frå meg over å sjå korleis Gud brukar dei.

