I går kveld vart det bestemt at eg også skulle vera med til politistasjonen for å delta i eit radioprogram. Det var det visst andre som rekna som sjølvsagt, men ikkje for meg. Eg trudde språkhindringane ville utelukka deltaking for min del. Vi visste nesten ingenting verken om kven som dreiv kanalen, om den var kristen eller ikkje, berre at den er i regi av politiet.
Då vi kom dit i dag tidleg, viste det seg at eg kjende dei to personane som leia programmet. Begge har vore politimenn og begge har eg truffe i samband med fengselsarbeidet her i byen. Begge to er pastorar og driv politiradioen ved sida av.
Heile programmet varte over ein time. Tema for dagens program var kva betydninga kristne familiar har for samfunnet og korleis samfunnet påverkar kristne familiar. Det var veldig interessant. Studioet var i tredje høgda på ein av politistasjonane i byen. Eg har vore på fleire av desse før, men ikkje denne. Alt gjekk på direkten så eg fann ut at det var best å følgja nøye på spørsmåla. Eg har ikkje alltid vore like god på det, men i dag overgjekk eg meg sjølv. Så takk for forbønn.
Etter intervjurunden var det litt musikk før dei gav meg 20 minuttar til å dela eitt eller anna frå Guds ord. Det "eitt eller anna" blei sjølvsagt evangeliet om Jesus Kristus. Eg fekk stor nåde frå Gud til å dela ein tydeleg og klar bodskap om løysinga på våre åndelege sproblem; Evangeliet om omvending og tru på Jesus Kristus og korleis vi får eitt nytt liv ved å bli fødde på nytt.
Sendingane dekkjer heile millionbyen Cochabamba. Mange av dei som høyrer på arbeider i politiet eller i andre viktige samfunnsinstitusjonar – men sjølvsagt alle andre typar menneske også. Så då er eg berre takksam for at Gud hadde planlagt dette og at vi fekk vera med på å gje Guds ord til folket og mange av dei som kanskje påverkar samfunnet mest.
Eg syns det heile var utruleg spennande og lever i beundring av ein Gud som stadig har fleire og nye ting på lista si over ting han vil eg skal vera med på. Opp gjennom åra har vi fått dela Guds ord med tusenvis av bolivianarar frå den vanlege mann i gata til militære og politifolk, politikara og idrettsfolk. No er det politiet som inviterer til å del med heile byens befolkning gjennom radiostyasjonen sin.
Livet med Gud er som eit eventyr. Du veit aldri kva som dukkar opp.




