Judakongen Josjafat var ein av dei gode kongane Juda hadde i kongetida. Spesielt ser vi at han hadde eit brennande ønskje om å læra folket i Juda og Efraimsfjella Guds ord. Han sende prestar og hadde bibelskule for folket. Dette førte til stor frykt blandt nabolanda, at judearane kjende sin Guds ord.
Det var Salomo sitt fråfall som gjorde at riket vart delt i utgangspunktet. Men for Davids skuld og for pakta Herren hadde gjort med David, let han ein av Davids eigne etterkomarar sitja på kongsstolen i Jerusalem, medan den ugudlege Jeroboam vart konge i Israel, som utgjorde dei ti nordlege stammane sine område.
Kongane i Israel var alle ugudlege menn, som i større eller mindre grad dyrka dei same gudane som kaananearane hadde dyrka før dei. Jeroboam er ned gjennom historia, omtala som ein som ikkje berre gjorde grove synder mot Gud, men han fekk også heile Israel til å gjera det same.
Eit stykke nede i rekkja av israelskongar finn vi Ahab. Han var ein av dei aller verste av kongane i nordriket. Grunnen til at han blei så vond, var at han var styrt av kona si Jesabel. Ho var heilt og fullt kontrollert av vonde makter og trivdes best når ho fekk ta livet av Herrens profetar. Det var på kong Ahabs tid at Josjafat var konge i Juda.
Kvifor det var så viktig for Josjafat å ha vennskap med Ahab, israelskongen, er ikkje godt å seia. Men han søkte eit fellesskap og ein einskap som kunne kosta han dyrare enn det gjorde. Han fortener stor ære for mykje av det han gjorde, men han var ikkje like vis i alt. Vennskap med verda, er fiendskap mot Gud, seier Bibelen. Og det kostar å stå for sanninga når einskapen blir av betydning.
Første feilen han gjorde var å knyta slektsband til kong Ahab. Ulike bibelomsetjingar brukar litt ulike ord her. Slik eg tolkar summen av dei eg har sjekka, betydde dette dei to opna opp for at familiane deira kunne gifta seg med kvarandre. NLT seier at han arrangerte for at sonen hans kunne gifta seg med dottera til Ahab, noko sonen hans, Joram, også gjorde. Det førte sjølvsagt til at Joram levde slik Ahabs hus hadde gjort. I fleire generasjonar seg vi tragedien i desse slektsbanda. Ekteskap med kvinner frå Ahabs hus og menn som ikkje styrte i riktig retning, blei ein tragedie for landet og for folket.
Josjafat tenkte vel sikkert at rika kunne einast på denne måten. Og det har sjølvsagt hendt elles i verdshistoria. Det var vel ved giftemål vi kom under dansk styre etter Kalmarunionens oppløysing, men så kom kanskje Danmark under norsk styre alt i 1380, då Kong Håkon VI døydde. Sonen, Olav IV, arva Danmark sidan mora hans var den danske dronning Margrethe Valdemarsdotter.
Det andre Judakongen Josjafat gjorde var å reisa på besøk til Ahab. Han blei teken godt imot. Ein stor fest vart laga til for han. Men ikkje før er festen i gang, så blir Josjafat utfordra til å gå med Ahab i krig mot Ramot Gilead for å ta tilbake ein by dei hadde mista til nabolanda. Blinda som han er av einskapstanken, lirer han av seg det største kompomisset med ugudlegdom som kunne gjerast: "Eg som du, mitt folk som ditt folk. Mine hestar som dine hestar. Vi går med deg i krigen".
Men det var ein krig langt utanfor Herrens vilje. Josjafat søkte ikkje råd hjå den Gud han elska og tente, endå han elles er rekna for ein av dei mest radikale i si gudsdyrking. Kanskje han straks tok til å angra litt på det han hadde lova, for han kom med forslag om å spørja profetane til råds. Historia og korleis det gjekk, står å lesa i 2 Krønikebok 18-20. Eg skal ikkje gjenfortelja alt det, men berre få fram forskjellen på Josjafat sitt kompromiss og profeten Mika sin radikalitet. Alle dei andre profetane høyrde på løgnens ånd og profeterte lukke for kongane i den planlagde krigen. Mika sine ord var annleis. Då han vart henta vart han endå til forsøkt manipulert til å sei det same som alle dei andre. Men han svara: "Så sant Herren lever, det min Gud seier, må eg tala".
Mika måtte betala ein pris for å sei sanninga. Både slag og fengsel venta han då han gjekk i møte med Ahab, kongen som hata han, fordi han aldri spådde suksess for den vonde kongen. Ahab gjorde alt for å ikkje bli angrepen i slaget han la opp til, men ei pil, skoten på måfå, felte han. Herren held si gode hand over Josjafat, men då han kom heimatt, vart han møtt av profeten Jehu, som sa: "Korleis kan du hjelpa den urettferdige og elska dei som hatar Herren? Det er difor Herrens vreide har kome over deg. Men noko godt fins det hjå deg. Du har fjerna Asjera-pålane frå landet og lagt heile ditt hjarta i å søkja Gud." Frå då av reiste Josjafat rundt og fekk folket til å søkja Gud.
Eg trur vi har litt å læra av desse kapitla i dei bibelske historiebøkene. Kompromiss er starten på eit sakte men sikkert havari. Einskap mellom søsken er viktig, men vennskap med verda er fiendskap mot Gud. Når vi høyrer at vi bør stå saman om det vi er einige om og leggja lok over det som skil oss, er det grunn til å først spørja om det som skil oss, er vennskap med verda eller om det berre er mindre teologiske ting vi ser litt ulikt på. For vi vil ikkje vera på lag med ein konge som er dømd til å tapa krigen fordi han lukka øyrene sine for sanninga. Og vi vil ikkje ofra sanning på einskapens altar, og tapa vår sjel.