torsdag 15. juni 2023

Den eine framfor dei nittini


Fisken Kristne Fellesskap i Måløy er ei lita forsamling med eit stort hjarta. Eg har besøkt flokken i Måløy med jamne og ujamne mellomrom dei siste 20 åra, stundom åleine, men som oftast dei siste åra, saman med andre.  Flokken her i Måløy har tidvis støtta arbeidet vårt i Bolivia, og difor var det ei glede for meg å reisa til Måløy denne gongen saman med to av dei studentane som var med på teamet til Bolivia i april mai. 

Egil Amsrud møtte oss på kaien, tok oss med heim til seg for lunsj og tok oss endå ein gong med på sightseeing rundt om på Vågsøy. Vi var på den fine stranda Refviksanden, der eg var første gongen seint ein sommarkveld for ganske nøyaktig nitten år sidan. Den gongen var deler av forsamlinga med fordi det var to menn som let seg døypa i det kjølege vatnet og i bølgjene som kasta seg inn frå Nordsjøen mens sommarsola seig ned i horisonten og drog den gamle dagen med seg i klargjeringa for ein ny. Så bar det vidare til Kråkenes fyr, med fleire historier på menyen om dramatiske hendingar frå tidlegare tider. 

Men det var samling med menigheten som var grunnen til at vi var der. Dei to bibelskulestudentane delte om ting Gud hadde gjort i Bolivia og på gatene i Bergen. Oppmuntring til tru og tolmod hadde ein stor plass i dei tinga som vart delt. Eit av dei sentrale orda tilforsamlingane i Bolivia, var historia om Jesu hjartelag for dei fortapte. Han reiste rundt, forkynte evangeliet, lækte dei sjuke og i perioadar måtte han oppleva alt som skjedde som ein dagleg braksuksess. Populariteten blandt folket var veldig stor. Men han trekte seg likevel unna for å vera med Far i bønn. Han søkte verken popularitet eller ære frå menneske, men hadde si glede i å gjera fars vilje. Folket søkte etter han og leita til dei fann han. Dei ville berre at han skulle vera hjå dei og halda fram den fantastiske gjerninga si. Dei naudbad han om å bli verande, men han svara nei. Han måtte dra vidare og bera fram den gode bodskapet om Guds rike i dei andre byane og. Det var det han var sendt for å gjera. Dei andre også hadde det same behovet for å høyra godt nytt.

Kor lett er det ikkje å ha hendene fulle med dei 99 og gløyma den eine som har rota seg bort. Eg prøver, for min eigen del, å ta til meg dette ordet frå Luk 4. For det er eit ord som ikkje kan neglisjerast. Det er sjølve  essensen i Guds hjartelag for menneske og draumen Jesus betalte ein høg pris for å sjå oppfyllt. 

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...