Siste dagen er i mål på denne fantastiske turen til Bolivia. Idag har vi treft mange barn i skulealder, frå ganske små til 18 år. Det er barn som erfarar, det vi på norsk kallar for "å gå for lut og kaldt vatn". Mange er heimlause, somme forletne av foreldre som slit, andre forsøkt tatt av dage av foreldre med rusproblem. Historiane er mange og grusomme.
Men dette misjonærekteparet har 83 barn i sitt program. Her får dei mat kvar dag, leksehjelp, medisinsk tilsyn og dei lærer om hygiene og alt som elles kjem inn under allmenndanning. Dei blir restaurert som menneske og lærer om Gud og får vera med i menighet. Vi har spelt ulike spel med dei og leika med dei både ute og inne. Ei lita jente, kom springande gong etter gong, la dei små armane sine rundt halsen min og held fast. Ho strauk fingrane sine gjennom både hår og sjegg i undring over at det går an å ha kvitt hår. Så tillitsfull at det ikkje er lett å sei kva som ligg bak. Så sprang ho vidare og leika med dei andre. 15 minuttar etterpå var ho tilbake for å visa meg nye leikar som ho kunne, og som eg sleit med å forstå forklaringane til. Men ho forsto at spansken min var på eit lavmål, og viste storsinn med ein talentlaus nordmann.
Vi var ein runde på fotballbana. Jacob greidde å trakka over og måtte på røntgen med leddband-fraktur. Men det går fint med han. Han har fått utstyr som låser foten i rett stilling, og reiser heimatt i morgon uten dei store hindringane. Vi ser litt stort på det å håpar at det kan gje oss andre også visse fordeler med køforsering etc.
Også i dag blei vi tatt med på familiebesøk der vi fekk oppmuntra menneske som både slit med helsemessige ting, men også det som endå verre er, har barn som er kidnappa og som ingen veit kor er.
Verda er slik den er. Vi kan enten rømma frå den og prøva og dyrka vår eigen komfort, eller vi kan møta menneske med dei vanskane dei har og kjenna kjærleiken strøyma tilbake mot oss.
Eg var sjuk og de såg til meg, eg var i fengsel og de vitja meg ... Det de gjorde mot ein av desse mine minste, har de gjort imot meg.
Dag Sveinung hadde sin siste opptreden på turen og har no sunge i dei tre største byane i Bolivia, samt ein mindre by. Kva gong han har gjort det, enten det er store forsamlingar eller for to familiar, så blir folk velsigna. På familiebesøket idag, song han mellom anna "Velsignelsen" over dei som var der. Det gjer noko med dei som høyrer på. Guds velsigning berører menneske. Håp og tru blir fornya og forventningane går til den trufaste Gud som aldri sviktar med som viser trufast kjærleik i generasjon etter generasjon.
I morgon tidleg reiser vi til Viru Viru Internacional Aeropuerto, og set kursen mot Sao Paulo igjen og derifrå mot Frankfurt og heim til Flesland seint på lørdagkvelden. Takk til alle som har følgt med på desse oppdateringane og bedt for oss. Teamet er superfornøgde med alt dei har opplevt og sett Gud gjera. Og eg deler den erfaringa med dei og er minst like superfornøgd med dei som team.


