lørdag 22. oktober 2022

Guds kjærleik


Dette bildet er frå ein tur til Bolivia i 2008. Vi var i byen Oruro. Byen ligg på rundt 4000 meter over havet og om kveldane er det kaldt. Vi var ute på byen for å byda folk inn til møtet i eit lite forsamlingslokae. Ingrid Olsen fann denne jenta sitjande på fortauet saman med mor si og ein liten bror. Ho inviterte dei inn på samlinga. Jenta var ikkje rein og bar med seg ein eim av kloakk, men Guds kjærleik i Ingrid sitt hjarta var likevel stor nok til å ta henne på fanget. Der sat ho gjennom heile møtet. I slutten av samlinga tok både mora og jenta imot Jesus som Herre og frelsar. 

Eg ønskjer med dette å gje ære til Ingrid for måten ho let Guds kjærleik til menneske koma til uttrykk. Samstundes vil eg la det vera ei påminning til meg sjølv og andre som les dette innlegget, om kor stor Guds kjærleik har vore til oss og at vi må la denne kjærleiken renna vidare til andre.  Det er så lett å ta omsyn til oss sjølve, men det er ikkje sikkert at alle barna Jesus tok på fanget og velsigna, lukta så godt heller. Ei kjærleg handling er som ein velluktande røykjelse for Gud.  Når kunnskapen om Hans kjærleik blir spreidd ut, er det også som ein god ange - av liv til liv for dei som blir frelste. 

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...