søndag 19. april 2026

Oppløftande utvikling i Cochabamba


I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mest tilfreds når vi er saman.  Det er litt rart med dette å vera på ein slik type tur som vi er på.  Eg kan ikkje forklara det, men eg får litt både farderleg omsut og stolthet. Det er fantastisk å høyra når dei underviser og forkynner. Min rolle her i Bolivia er litt annleis enn deira. Eg må vera med på mange ting som dei ikkje er med på, men når vi alle er heime igjen på kvelden og gode rapportar blir lagt fram med entusiasme, då  er det godt å vera meg, på tur med eit godt team. 

Eg skulle forkynna i dag og kjende at eg måtte førebu meg ferdig til det. Dessutan var eg og David ein tur på eitt av sjukehusa for å be for mor til ei kvinne som har vore med i menigheten her tidlegare. Ho vi bad for hadde hatt ein hjarteoperasjon men vakna ikkje opp etter operasjonen. Ho låg i koma. Ho var 91 år gamal. Vi fekk ikkje kontakt med henne og i natt døydde ho. Dottera hadde bedt til frelse med henne før operasjonen.  Men på grunnav desse årsakene var eg ikkje med på ungdomsmøtet. Rebekka hadde delt Guds ord glimrande, fortalde dei andre. I dag fekk eg forresten helsa så vidt på far hennar over telefonen. Det var verdig kjekt. Det var ikkje mange orda vi veksla, men eg fekk i alle fall sagt at vi var veldig glad for å ha henne på bibelskulen og at vi var alle glade for å ha henne med på teamet til Bolvia.

Eg er veldig oppmuntra etter møtet vi har hatt i forsamlinga her i CBBA i dag. Sist helg var vi i Punata, så dette var første møtet med heile menigheten her i byen. Det var ei veldig oppmuntrande samling. Alt osa av ny og forfriskande tru på framtida, etter at vi har rydda litt i saker og ting og saman funne fram til korleis vi skal arbeida framover. 

Eg forkynte i dag ut frå 2. Tess 1, 2 Korintarbrev 4 og 1.Korintarbrev 13, om å leva verdige Guds kall. Å leva ved nåden, finna kraft i Guds miskunn og leva motivert av Guds kjærleik.  Kjærleiken er trufast nok til å korrigera kvarandre når det trengs, den er audmjuk nok til å la seg korrigera og den er sterk nok til å bera over med kvarandre. 

Responsen på bodskapen var god og ansikta viste glede og takksemnd.  

Men dette var ikkje det første som skjedde i dag og heller ikkje det siste. Første økt starta 06:30. Då hadde vi 200 smørbrød som skulle lagast til samlinga i ungdomsfengselet. Samlinga starta 08:30 der ute i nærleiken av Quillacollo. Vi tenkte det kom til å vara halvannan time, men dei hadde mykje meir på programmet enn det vi var klar over. Pastor Milton leia alt saman og hadde med seg nokon frå hans team og to ungdomar frå Tyskland. Dei hadde alle biblar, som vi betalte i fjor, og bibelstudiehefter og eige lovsangsteam. Dette er eit lite fengsel for unge, som sit for mindre ting enn det vi er vane med. Milton, Pricilla og folka hans er her kvar søndag og har bibelstudiegrupper med dei. Vi hadde avtala at det var Thomas som skulle dela evangeliet. Dei starta med fellessamling, lovsang og inndeling i fem grupper. Så samlast gruppene kvar for seg i andre rom og hadde ein halv time bibelstudie. Så var det tilbake i hovudsalen der dei hadde ny lovsang. Under denne måtte eg gå og få Marchelo til å ta meg heimatt for å byta til dress og koma meg på møte i menigheten. Det er litt dumt å koma for seint når du skal forkynna. Resten av teamet tok seg vidare av vitnesbyrd, forkynning av evangeliet til dei som enno ikkje hadde tatt imot Jesus og matutdelinga.  Rapporten seier at mange tok imot Jesus. Ingen talde, men det pleier vi heller ikkje gjera.  Pricilla fra Sveits, som vi traff i fjor, er ikkje her no, men teamet som ho er ein del av gjer ein fantastisk jobb for å få desse unge småkriminelle på rett og langt betre spor før dei er ute igjen. 

I dette fengselet har dei også ei kvinneavdeling. Der er det berre 10 jenter. Rebekka blei med ei av kvinnene (kona til Milton) og hjelpte henne i denne gruppa.  Nokre av jentene var heilt nede i 14 års-alderen. 

I skrivande stund nærmar klokka seg fem på ettermiddagen. Sola står litt lavare på himmelen og det svalnar litt ute. Godt er det, for om ein time er det å hoppa i dressen igjen. Pastor Severo, har ein pinsemenighet i Sona Sur som vi skal beøkja i kveld. Møtet startar klokka 19:00 og talen klokka 20:00. Dei har ein time med lovsang og alle songane er sunge på quechuaspråk og på quechuavis. I våre eigne forsamlingar kan eg hugsa at vi for mange år sidan fekk kritikk for å syngja songane om igjen og om igjen. Det er noko som heiter at alt er relativt. 

I morgon klokka 05:00 reiser vi til La Paz og kjem att hit på torsdag. kvifor så tidleg? Fordi det er politiske protestar langs vegen som gjer at vegen blir stengt. Difor må vi koma oss forbi desse punkta før protestaksjonane tek til. Det gode er at dei opplyser om stad og tid, slik at det går an å ordna seg.  Takk for forbønn. Gud er med i alle ting vi tek oss føre. Det er lett å merka. Takk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...