I alle verknader og innstramingar vi har av pandemien, har dei fleste forsamlingar vore flinke til å finna nye vegar å gå for å ha fellesskap, dela Guds ord og møtast innafor dei rammene som gjeld til ei kvar tid. Ein av dei gode tinga med dette, er at møter som kan lastast ned på nettet, kan sjåast av mane fleire enn dei som til vanleg går på ei gudsteneste. Vi skal på ingen måte underslå verknaden av å nå ut med Guds ord gjennom media. Likevel kan det vera at vi har endt opp med ferre personlege vitnesbyrd frå folk som har fått anledningar til å dela evangeliet. Dette kan ha ei naturleg forklaring sidan mange har heimekontor og møtepunkta er færre.
Ein av baksidene med dette er at vi ikkje blir så fokuserte heller, Det er lett å bli litt sløv med ting vi ikkje får praktisert. Det kan vera at vi ikkje har vore like flinke til å finna nye vegar ut til andre som vi har vore til å finna nye vegar til kvarandre. Eg opplever i alle fall at det er slik for min eigen del. Inspirasjonen eg får ved å vera aktiv, er alltid eit viktig stimuli til å vera i gang heile tida.
Når vi les om kristne som møter verkeleg motstand, så kjenner eg meg utfordra. Dei som møter, fengsel og tortur på grunn av si kristne tru leitar etter nye anledningr til å forkynna evangeliet midt i alt det forferdelege dei går gjennom.
Vi veit at Gud er oppteken av sine barn og ikkje minst av å byggja forsamlinga slik han vil at den skal vera. Det er to ting vi finn i Bibelen som verkeleg kjenneteiknar Guds forsamling. Det eine er den reine, heilage og uovervinnelege natur som demonstrer Jesus og som gjer at folk vil ha det vi har. Det andre kjenneteiknet er at Guds ord går ut frå Guds menighet til heile verda. Jesaja 2, 2-3 (og Mika 4,1-2) Desse to sidene er klare kjenneteikn gjennom heile Bibelen, både i Det gamle og i Det nye testamentet.
Eg er veldig takksam for at verktøy som TV og ulike kanalar og fora på Internett kan brukast til å spreia Guds ord. Men det må aldri bli vårt alibi for å forsøma vårt personlege ansvar i tenesta med forsoninga (2 Kor 5,18-20).
Eg drøymer om ei grasrot-rørsle i landet vårt, der alle kristne blir utrusta til å forkynna evangeliet, som er Guds kraft til frelse, enkelt men med Andens kraft. Vanlege folk som kan stå saman med andre og læra nye truande dei første og grunnleggjande ting i Guds ord. Læra dei å leva på Guds måte. Eg drøymer om ein generasjon som ikkje følgjer trendane i det sekulariserte samfunnet og det sviket mot Gud og hans ord som skjer i religionens høgborg.
Spørsmålet mitt som eg ikkje har svar på er korleis vi kan hjelpa kvarandre til gjennombrot i desse tinga. På den eine sida, så lengtar eg etter eit kraftfult gjennombrot. På den andre sida så veit eg at Gud alltid har full kontroll på det han gjer og at det fins unge menneske som talar saman med kvarandre om ting som er til Guds behag og som førebur seg til eit liv i teneste for Gud. Eg elskar å vera med slike.
For ein del år tilbake song vi ein song som det kanskje er tid for å halda fram med å syngja til tida har kome:
Det kommer en ny tid i dette land,
Ånden den faller setter hjerter i brann.
Lenkene sprenges, og fanger blir fri.
Ja, nå er det en ny tid, det er miraklenes tid.
Det er eit enkelt refreng. Men når vi ser kva som skjer i verda, så brukar Gud folk som er enkle og som gjer det enkelt. Og det enklaste av alt er å gå i tru på Guds kall og gjera det han seier vi skal gjera og ingenting anna. Likevel har det blitt så vanskeleg at vi ikkje får det til. Eg rettar ikkje peikefingeren på andre enn meg sjølv, men ser at vi er mange i same båt. Kanskje vi kan finna ein måte å hjelpa kvarandre på?