lørdag 12. april 2025

Hundrevis gav respons til evangeliet i San Sebastian

San Sebastisans herrefengsel har 1000 innsette. Eitt hundre av desse er kristne frå ulike kyrkjesamfunn. Vi hadde evangelistisk møte der fredag kveld, der Felix og eg delte evangeliet. 

Tre forsamlingar i byen hadde laga varm mat som tilsaman var rekna å skulle halda til 400 personar. Matutdeling var føresetnaden for å koma inn og ha ei slik samling. Heile teamet frå Norge var klarert på førehand saman med folk frå alle dei tre forsamlingane og sjølvsagt politimannen frå Sveits, Felix og Ruth, kona hans. 

I Bolivia er det økonomisk krise. Staten har ingenting å bidra med. Innsette får ikkje nok mat, og heller ikkje dei daglege pengane dei har krav på. Vi hadde mat til 400 svoltne menn, som på uforklarleg vis rakk til alle, og mange fekk to gonger. Boka til Jan Eriksen har blitt trykt på spansk her i Bolivia og vi hadde den med. 

Det er noko som heiter at jo fleire kokkar, di meir søl. Men det ordtaket syns eg blei gjort til skamme. Mange menneske var involvert i matlaging og organisering og både politi og innsette uttrykte stor takk. Vi kom inn i eit stort rom, der alle innsette såg ut til å vera til stades. Midt i rommet jobba mange med å snekra senger. Og dei sengene var fine og solide. Fantastisk handtverk med utskjeringar og det heile. Fengselet er overbefolka i same grad som det vi ser frå fengsla på Filippinene. Og med det rettssystemet dei har i Bolivia, er mange av dei uskuldige også.

Felix starta ut med å forkynna om Jesus og kvifor vi treng Jesus. Eg fortsette der han slapp og snakka om Jesus som dei einaste håpet vi har for dette livet og for evigheten. På frelsesinvitasjonen var det hundrevis som stod opp og tok imot frelse i Jesus Kristus. No treng dei alle Guds ord og hjelp til å kjenna Gud gjennom hans ord. Dei treng vår forbønn om at dei som arbeider i fengsla skal få gitt dei vidare undervisning ut frå Guds ord.


fredag 11. april 2025

Fredag 10. april i Cochabamba


At planar blir endra og at forandringar skjer, er ingenting nytt når det gjeld arbeidet i Bolivia. Heller ikkje denne gongen.

Planen for dagen i dag, var at vi skulle på besøk i eit kvinnefengsel på føremiddagen og eit større evangelistisk møte i same fengselet på kvelden i avdelinga for menn. I går fekk vi vita at det ikkje blei noko av besøket i kvinnefengselet, så då skulle vi rundt og be for to personar som er alvorleg sjuke. Den eine er ei 16 år gamal jente med langt framskriden og livstruande kreft. I går ettermiddag kom politimannen Felix frå Sveits her til oss, saman med kona si, Ruth og Priscilla so er misjonær her i Cochabamba og har ansvaret for fengselsarbeidet. Midt i møtet med dei, sa Felix: "Du må vera med meg i morgon for å møta ein del kontaktar i politiet og i militæret her". 

Det kollidere med andre planar, tenkte eg, men ville snakka med David først. Han kunne fortelja at sjukebesøka var avlyst fordi begge to hadde blitt lagt inn på sjukehuset. Dermed vart det forbønn på avstand, men Gud høyrer like godt begge deler.

Nahier og Ijob vart med Becky og Gabo denne føremiddagen, mens Dag og eg reiste med Felix og gjengen til to ulike militærleirar. På den første samlinga var der rundt 20 stykker med ansvar inn i treninga av militærpolitiet (slik eg forstod det), men eg er framleis usikker på kven det var vi snakka til. Ein leiar for den kristne politiorganisasjonen snakka først, så Felix og tilslutt vart eg introduseret, utan eigentleg å vita at eg skulle seia noko i det heile. Men det gjeld å vera klar i tide og i utide. Så på veg fram traff eg Felix som var på veg tilbake og spurte om dei som var der alt var kristne. Svaret var nei. På invitasjon til frelse, reiste alle seg og tok imot Jesus som sin Herre og frelsar.

Så var det litt lettare mat før vi køyrde nesten til Punata til ein ny militærleir. Der skulle vi dela evangeliet til 100 soldatar. Felix og meg fekk 5 minuttar kvar til å dela med dei. Han kviskra meg i øyra: "Eg forklarar kvifor dei treng å bli frelst. Du forklarar korleis dei skal bli frelst og gir ein invitasjon". For andre gong i dag fekk vi anledning til å sjå heile gruppa av uniformerte ungdomar stå opp og bekjenna Jesus som Herre.  Kontakten er no knytta til arbeidet i militæret og til politiet. Dette har vore noko av Felix sin plan. Dørene inn i desse områda står opne i framtida og det vil vera ein viktig del av Guds plan for Bolivia. 

Men dagen er ikkje slutt enno. I kveld skal vi i San Sebastian-fengselet, der dei reknar med at 400 innsette vil møta opp. Priscilla ser litt stressa ut fordi ho ikkje ser for seg korleis dei fasilitetane der kan romma alle og korleis ting skal organiserast. Men Gud har ein plan. Han er den beste organisatoren. Vi ser fram til ein interessant kveld. Slike fengsel er ein plass der mørket har stor makt. Men "det sanne lyset kom til jord og mørket fekk ikkje makt over det".


torsdag 10. april 2025

Vel framme i Bolivia

I går kveld klokka 20:00 landa vi i Cochabamba, ca 33 timar etter at vi reiste frå Flesland. Etter strevsame og lange flyturar med tresmak både her og der, er det fantastisk å møta gode venner, varm velkomst og tilslutt på dagen, finna ei god seng å krypa ned i.

I dag har vi så langt gått gjennom programmet for opphaldet her og gått litt igjennom fordeling av ulike oppgaver i ulike forsamlingar her borte. Dei to unge frå bibelskulen viser sine kvalitetar på alle område. Om eit par timar frå no, skal eg møta politimannen Felix, kona hans og Priscilla som leier arbeidet i fengsla. Dei kjem hit og vi skal sjå på planane for fengselsarbeidet. Eg veit ikkje så veldig mykje, men eg veit at i morgon kveld skal vi ha eit evangelistisk møte for 400 innsette i eit av fengsla her i Cochabamba. Gruppa skal delast i to. Eg og Felix skal forkynna for 200 kvar. 

På føremiddagen er det planlagt at vi skal heim til to stykker som er alvorleg sjuke. Den eine er ei jente på 16 år og har kreft i seine stadier. Hjelp oss i bønn for desse to. Vi veit at "He preserves the lives of his saints and delivers them from the wicked" (Sal 97:10) 

Men alt dette er i morgon. I dag er det på ein måte ein førebuingsdag der vi søkjer Gud og går gjennom det som ligg framfor oss.  Men i kveld er det samling for unge vaksne Der skal Ijob forkynna Guds ord. Det ser vi fram til. 

Vi treng alltid forbønn. Og eg er takksam for at Gud høyrer alle bønner frå sine barn. Vi er ikkje her på eigne vegne, men som representantar for Guds familie i ein større samanheng. 

Ny rapport følgjer!

søndag 6. april 2025

Ny tur til Bolivia

Det er med både spenning og entusiasme at vi legg ut på ein ny tur til Bolivia. Dette er den fjerde turenetter pandemien og den nittande i rekkja for min del. "Vi" er to elevar frå bibelskulen, Dag Sveinung Åsheim frå Osterøy og meg, som forsåvidt også er frå Osterøy, sjølv om eg ikkje har budd der på eit par og tredve år. 

Det er ein viss tradisjon over teamturane til Bolivia, men det er også nye dører som opnar seg. Kanskje det er desse nye dørane det er knytt mest spenning til. Først vil eg sei at eg er svært takksam for at Dag Sveinung blir med på denne reisa. Det vil vera ein stor styrke for heile teamet og for meg personleg. Han er ein vis og erfaren person som eg har stor respekt for. Dei to elevane frå bibelskulen er påkopla med heile seg. Eg er overtydd om at vi saman vil sjå Gud gjera sterke ting i det vakre landet, Bolivia.

Dei nye dørane som har opna seg opp er først og fremst fengselsdører. Eg har vore på ein del fengselsbesøk etterkvart, men aldri i Bolivia. Tidlegare har eg vore saman med Jan Eriksen. Denne gongen er det heilt nye kontaktar som har opna seg gjennom tenesta til ein høgt respektert politimann frå Sveits som eg var saman med i slovakiske fengsel i november. Det blir rart å ikkje ha Jan Eriksen der. Det viktigaste er at Gud er der. Om han ikkje møter dei vi møter, har vi ingenting der å gjera. Men han vil vera der. For han er med oss alle dagar så lenge verda står. Og det har vi erfart fram til no. Men så er i alle fall den sveitsiske politimannen der. Eg gler meg stort til å treffa han igjen. For han har også reist til Bolivia samstundes som oss for å vera med på det som Gud gjer der. Eg blir audmjuk og rørt berre av å tenkja på dette. 

Eg gler meg til å treffa igjen alle søsken i forsamlingane. Eg gler meg til å treffa nye menneske som har blitt lagt til. Eg gler meg til å treffa leiarane vi har jobba saman med gjennom mange år. Nokre av dei har vore på besøk hjå oss her i Norge også. Og eg ser fram til å treffa igjen David Larson. Det er gjennom denne svenske misjonæren at dørene har opna seg for oss til Bolivia. Han og familien vart utsend frå Sverige til Bolivia som misjonærar, men etter nokre år vart forsamlinga dei var ein del av lagt ned. Etter råd frå andre misjonærar i Bolivia fekk dei råd om å kontakta Kristent Fellesskap i Bergen. Det gjorde dei ved eit norgesbesøk i 2005 og vart ein del av menigheten i Bergen. Året etter sende vi det første teamet av elevar på praksis til Sør-Amerika og til Bolivia. Eg var ikkje med på denne turen og hadde heller inga interesse for å vera med. Det var kollega Kirsti Wågø som leia det første teamet over dammen. Året etter føreslo eg for rektor at han skulle spørja Kirsti om å ta ein ny tur med studentar. Men same dagen møtte Gud meg i gangen då eg kom heim, og sa: Du må reisa til Bolivia. Eg hadde eigentleg ikkje lyst å reisa nokon plass, men gjorde heilomvending på ordet eg fekk, og reiste. Det var starten på eit nytt kapittel i livet mitt. Det vi har fått vera med på der og det vi har sett Gud gjera, fører meg berre inn i undring over Gud, kor rik han er på nåde og kor stor hans kjærleik er.

Så når vi no har gjort oss klar til ein ny tur, er det med denne merkelege kombinasjonen av entusiasme og ærefrykt. Faren med å ha lang erfaring er at det er lett å setja forventningar tilbake på det som har vore før. Spenninga med alt det nye, er at det held entusiasmen i ballanse med ei sterk kjensle av å vera hjelpelaus og avhengig av Gud. Det er denne stadige erfaringa av å ha skatten i skjøre leirkar som kjennest sterkast. Men om ikkje leirkaret går sund blir heller ikkje skatten frigjort. 

Eg stiller spørsmålet til meg sjølv: Kva er det du mest ser fram til med turen? Etter å ha tenkt nøye gjennom spørsmålet, kjenner eg at svaret er; å stå i gapet mellom eigen svakhet og Guds kraft. Det er slik tru fungerer. Den useielege takksemda som fyller oss når vi ser Guds kraft og veit kor lite det hadde med oss å gjera, er alltid like sterk. Å sjå dei unge sine kostelege og dyrt erfarte steg i tru, gjer meg lukkeleg. Å høyra vedkjenninga av Guds ord i usikre omstende, er som den vakraste musikk, når vi veit at det ikkje berre er ord, men ord tala i tru og med vilje til å gå nye steg.

Her på denne bloggen vil eg leggja ut rapportar om litt av det vi er med på. I dag er det søndag. Vi reiser på tirsdag.



Maisåker ved Cuchumuela

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...