torsdag 15. mai 2025

Eg var i fengsel og de såg til meg


For eg var svolten og de gav meg mat; eg var tørst og de gav meg drikke; eg var framand og de tok imot meg; eg var naken og de kledde meg; eg var sjuk og de såg til meg; eg var i fengsel og de vitja meg.

Under det siste besøket vårt i Bolivia, besøkte vi tre ulik fengsel i nærleiken av Cochabamba. 

Jesus sine ord i Mat 25, 35-36, er som ei oppsummering av situasjonen i desse fengsla. Eg har sjølvsagt, som alle andre bibellesarar, lese denne teksten mange gongar. Men eg har gjerne tenkt at dette er ei liste av ulike slag vanskelege situasjonar menneske kan koma i, og situasjonar der Jesus identifiserer seg med dei. Det eg ikkje har tenkt over tidlegare, er at det fins grupper som opplever alle desse situasjonane på ein gong.

Korrupsjonen har ruinert Bolivia. Enorme summar er ført ut av landet. Pensjonsfondet og "Oljefondet" er brukt opp og det er lite og ingenting igjen til å driva dei statlege institusjonane. Innsette i bolivianske fengsel lir under dette. Dei får ikkje pengane dei skulle hatt og dei får svært lite mat. 

Vi møtte hundrevis, for ikkje å sei tusenvis av menneske som var både svoltne og tørste. Vi møtte ingen som var nakne, men hundrevis som fraus om natta fordi dei hadde for lite klede eller tepper til å halda seg varme. Vi var som framande for alle og dei var som framande for oss. Mange var sjuke, men fekk ikkje medisinar. Eg snakka med ein av dei innsette som var lege. For alt eg veit, var han ein av dei som sat der utan å ha gjort noko anna enn å irritera nokon. Han bad om å få medisinar, slik at han kunne hjelpa medfangar til betre helsesituasjon og tepper for at færre blei sjuke på grunn av nattekulden i landet som no går mot vinter. Felles for dei alle, var at dei var i fengsel, somme fordi dei var kriminelle, somme på grunn av uhell i trafikken, andre på grunn av falske anklager. Tunge kriminelle, mordarar, valdteksmenn på den eine sida og heilt uskuldige offer for eit urettferdig system på den andre sida.


Når såg vi deg Jesus, svolten og gav deg mat; tørst og gav deg drikke; framand og tok imot deg; naken og kledde deg; sjuk og såg til deg; i fengsel og vitja deg? Slik vi dei rettferdige overraskande spørja. Svaret har vi fått på førehand: Det de har gjort mot ein av desse mine minste, det har de gjort imot meg.

Det ligg meg på hjarta å hjelpa desse Jesus sine kjære. Kontaktane har vi og eg vi undersøkja korleis vi praktisk kan få det til. 

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...