Eg lurer på kva som gjer at eg finn meg sjølv i ei rolle saman med fengselsfolk og politifolk med internasjonale nettverk - alle med same mål; å nå kriminelle med den forandrande krafta i evangeliet.
Zeliezovciach (prøv på uttalen dei som vil) ligg i Slovakia omlag to timars køyring frå Bratislava og heilt på grensa til Ungarn. Der er det eit stort fengsel med 800 innsette. Det er mange sluser og portar av stål før vi er inne hjå dei som alt har sett seg godt til rette på stolradene i påvente av kva som skal skje. Fengselspresten er alt i gang med song og musikk. Han spelar gitar og syng veldig bra.
Først er det min tur til å dela. Deretter Felix, ein høgt anerkjent politioffiser frå Sveits, før Jan Eriksen deler sine vitnesbyrd og det kraftfulle evangeliet med tydelege utfordringar til alle.
Dei som var til stades vart minna på kor viktig dagen i dag er - den viktigaste i livet. Det er snart jul, og bodskapen som kom til hyrdingane på markene utanfor Betlehem var: IDAG er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Kristus Herren. Den kortvaksne Sakkeus, sat oppe i treet og høyrde røysta frå folkemengda der nede: Sakkeus, kom ned. IDAG vil eg ta inn hjå deg. Det er alltid frelsarens ønske. Hebrearbrevet gjentek for oss fleire gonger: IDAG om du høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarta ditt hardt. Og den eine røvaren på krossen fekk høyra: IDAG skal du vera med meg til Paradis.
Frelsaren kom også til dei innsette i fengselet. Som alltid hadde han ønskje om å ta inn i livet deira. Dei aller fleste gjorde ikkje hjarta sitt så hardt at dei avviste tilbodet om å byta bort sine syndige liv med eit nytt liv frå Gud, men reiste seg, løfta handa og tok imot.
Etter fengselsmøtet idag hadde vi lunsj med nokre noverande og tidlegare politifolk som brenn for å sjå innsette kom ut derifrå med eit forandra liv frå tida inne. Den eine av dei hadde blitt sparka frå politiet fordi han ikkje ville slutta å arbeida for fangars frelse. Det er meir forfølgjing av denne sorten i Slovakia enn i Tsjekkia. Korleis vi kan arbeida nasjonalt og internasjonalt gjennom ulike kristne organisasjonar innan politi- og fengselsvesen, var tema som blei grundig drøfta. Det var godt å sjå kor fast dei står på at Jesus er det einaste svaret og at menighet er det viktigaste fellesskapet for dei som kjem ut.
Ein av dei som var på møtet i dag hadde skote fire menneske. Han sona ein dom på 18 år og hadde fire år igjen. Han sa han ville begynna å lesa Guds ord no, og la ordet forandra livet hans. Eg trur han var den einaste som ikkje bad frelsesbønn saman med resten, men ville altså likevel gje Guds ord ein sjanse.
Eg blir ikkje lei av å sjå kor sterk krafta i evangeliet er. Det er klart at Jan har ei sterk salving inn i dette miljøet og ei unik teneste for Gud som få andre fungerer i på same måten. Men likevel vil eg be om at vi alle forstår at krafta ligg i evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Og evangeliet skaper tru i dei som høyrer uansett kven som forkynner det.
Kjære brødre og søstre. La oss ikkje kasta frimodet frå oss, det gir stor lønn tilbake (Heb10,35). Går det an å kasta det bort, går det an å gripa det også. Den heilage ande gjev oss frimod til å forkynna evangeliet og dela vitnesbyrd med folk (Apg 4,31) Drikk av Anden og ta frimodet han gir i bruk. Ver velsigna alle!