mandag 2. november 2020

Ny blogg med Godt nytt

Det er ein god del år sidan eg la ned den siste bloggen eg hadde. Siste åra har eg berre hatt profilen min på facebook som kanal for personlege ytringar til omverda. Men så har tanken kome til meg at eg kanskje skulle blogga igjen og denne gongen med eit fokus på det å nå menneske i denne verda med godt nytt frå Gud.

Ulike grupper av folk, både i Norge og i andre deler av verda, finn det vanskeleg å sjå håpet for framtida. Mange sit einsame og redde med tankane sine utan å kjenna han som er håpet. Generasjonen som har gått har fortalt oss at Gud ikkje fins, og at vi kan greia oss godt utan han. Sekulariseringa av samfunnet, dette at vi skal leva og tenkja som om Gud ikkje fins, har ført oss inn i mange tome rom. Kva er meininga med livet og tilværet? Kva skal vi fylla tomrommet med når ikkje lenger verken det materielle eller det relasjonelle tilfredsstiller oss? Identitetskriser oppstår. Mange veit ikkje kven dei er og finn ikkje gode nok svar. Det meste handlar om å realisera seg sjølv, men heller ikkje det blir eit stort nok prosjekt for realisering. 

Gud har ein vilje og ein plan bak kvart einaste menneskeliv. Han er skapande Far for alle i ein større forstand enn den reint biologiske og sosiale rollen som ein menneskeleg far har. Han veit korleis vi er skapt fordi han har skapt oss. Han veit kva planar han har for oss fordi han arbeidd ut planen sjølv. Han veit kva vi slit med, fordi han kjenner oss betre enn vi kjenner oss sjølv. 

Verda vi lever i er i ein drakamp mellom øydeleggjande og destruktive krefter på den eine sida og Gud på den andre sida, han som har felt sin dom over det vonde og den vonde, då han let Jesus ta dommen for oss. Jesus døydde og stod opp igjen. Han sigra over synd og over den vonde. Han opna ein ny og levande veg for oss til Gud. Det er ingen teoretisk filosofi, men ein realitet som millionar inkludert meg sjølv kan skriva under på at vi har erfart og lever i kvar dag. 

Å tru, er einaste måten å få del i denne frelsa på. Men tru er ikkje å ha ei teoretisk tru. Bibelens måte å definera tru på, er å ha ein levande relasjon til ein levande Gud. Gode gjerningar frelser ingen. Men ei sann tru produserer gjerningar til Guds behag. Evangeliet om Jesus er godt nytt. Kva er det så i evangeliet som er godt nytt? 

Jesus kom for å bli konge, men ikkje ein politisk konge. Skulle han bli den konge han var tiltenkt til å bli måtte han først sigra over denne verdens fyrste. Ved sin død på krossen, tok Jesus dommen over synda og ordna opp i det rotet som lova ikkje kunne gjera noko med, nemleg den vonde menneskanaturen. Så gjorde han ende på dødens makt ved å stå opp frå dei døde. Slik sigra han over døden. Kva den som trur dette og bøyer sitt stolte hjarta under han som av Faderen har fått retten til å vera Herre, blir frelst og får del i evig liv. Han blir sett fri frå det som bind og held livet tilbake frå alle dei velsigningane Gud hadde for oss. Den som har Jesus, har livet. Den som prøver å ta seg saman og gjera seg sjølv rettferdig for Gud vil aldri nå fram. Den som tek imot Jesus som den einaste løysinga frå Gud, blir fødd på nytt og i stand til å leva på ein ny måte, i Guds fridom, utan fordøming. 

Dette er "Godt Nytt" til menneske. Eg vil at denne bloggen skal vera både ein stad der den gode bodskapen kan bli formidla, men også ein blogg som handlar om ting som skjer på misjonsfronten, både i inn- og utland for å føra "Godt Nytt" ut til menneske. 

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...