torsdag 14. november 2024

Gløymde heltar

Historie frå Dommarane 13.

Når vi les i Bibelen, møter vi på mange ulike menneske og deira historier. Somme har ei hovudrolle i forteljingane, andre er slike som berre høyrer med, men gjer sitt til at historia blir ei historie med meining. Ofte kan desse "birollene", om vi kan kalla dei for det, gjera større inntrykk på oss enn hovudpersonane. Grunnane til det kan vera fleire, men vi kan få mykje ut av å leita etter karaktéren deira, setja oss inn i børene dei bar og kor viktige dei var for Gud i å føra sin plan framover i dei generasjonane dei levde i. 

Ein av dei eg skulle likt å bli betre kjend med, er ein mann frå Sora, frå Dan-slekta og som heitte Manoah. Birolla hans er at han er far til den meir kjende Samson som vi les om i Dommarboka frå kapittel 13 og utover. Samson var ein mann Gud brukte, men vi blir kanskje ikkje så veldig imponert over korleis han var som person og korleis karaktéren hans framstår. Men vi må likevel hugsa at Hebrearbrevet sin forfattar skriv at han ikkje har tid nok til å nevna korleis mellom andre Samson levde i tru. Det er ingen tvil om at dei storverk han gjorde, gjorde han ved Guds kraft, løyst ut ved tru på Gud og det kallet han hadde fått som ein Guds nasirear. 

Manoah, far til Samson, fasinerer meg ikkje på grunn av dramatiske hendingar, men meir det enkle eksemplet han var på ein god mann, ektemann og far. Han var ein av dei som trudde på Gud midt i ei tid då israelittane på nytt vende seg bort frå Gud og gjorde det som var vondt i Herrens auge. Resultatet var at dei kom i hendene på filistarane i førti år. 

Kona til Manoah, er ikkje navngitt, men ho var barnlaus og kunne ikkje få barn. Korleis dei to hadde håpa, bedt og lengta etter barn, seier Bibelen ingenting om, så det ville berre vera å annta. Uansett, Guds auger hadde falle på dei og det ufruktbare kjærleikslivet deira hadde ein plass og ei løysing i Guds plan for noko større. Mor til profeten Samuel var også barnlaus. Ho bad om ein son for Herrens del og ikkje sin eigen, og då ho fekk Samuel var ho klar til å gje han i teneste for Gud. Det same står ikkje om kona til Manoah, men vi kan kanskje tenkja oss at dei ikkje var så ulike i tru og haldning. Resultatet av Guds under i livet hennar, får i alle fall omlag same konsekvens.

Og underet er at ein Herrens engel kjem til henne og seier: "Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal bli med barn og føda ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans, for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv og med han skal berginga frå filistarane ta til".

Ho gjekk straks og delte med Manoah, mannen sin, det som denne "gudsmannen" hadde sagt. Ho sa at han var å sjå til som Guds engel og at han fyllte henne med redsle. Ho hadde ikkje spurd kvar han kom ifrå og ikkje hadde han sagt kva han heitte heller, berre at ho ikkje skulle drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko urein fordi guten skulle vera ein Guds nasirear heilt frå mors liv og til sin døyande dag. 

Og så er det vi møter Manoah. Han får høyra frå kona si om det som denne "mannen" har sagt. Manoah har bygd eit forhold til kona si, der kommunikasjonen er open og reflekterer ei tru på Gud som dei delte. Han er ein god mann som forstår si rolle i ekteskapet. Først lyttar han på det ho har å fortelja, så tek han med seg det ho har sagt inn i bønn til Gud. Han forstår at dette er Herren, innhaldet i bodskapen avslører sjølvsagt dette. Han kunne ha halde seg passivt til hendinga sidan det ikkje var han som hadde fått besøk og blitt fortalt denne oppmuntrande bodskapen. Det verkar som om han først av alt tek til å tenkja på sitt eige ansvar og si eiga rolle. Som ektemann er han delaktig og ansvarsfull og klar til å ta ansvaret. 

Han ber til Gud om å senda gudsmannen tilbake ein gong til for å læra dei kva dei skal gjera med guten som blir fødd. Bøna hans avslører at han trudde fullt og fast på at det kom til å skje. Det er ingen tvil å spora i det han seier. Men han kjenner seg liten og utrygg på å oppdra ein gut som skal fri Israel frå filistarane. 

Og Guds engel kom att medan kvinna var ute på marka og Manoah ikkje var til stades. Det var til henne engelen kom tilbake, ikkje til Manoah. Men ho sprang å henta mannen sin. Dette viser hennar forståing av rett underordning. Det var han som hovud i familien som skulle bera det største ansvaret med å oppdra guten, sjølv om dei begge stod i lag om det. Då var det også han som skulle høyra og ta vare på den rettleiing som Gud gav dei. Engelen sa ikkje noko anna enn det han hadde sagt tidlegare, men han stadfesta for Manoah at det kona hans hadde fortalt, var nøyaktig det Gud hadde sagt. Forskjellen var at no var Guds ord også gitt til han. Det kona hans skulle retta seg etter, var det no blitt eit større ansvar på han å sjå til og verna rundt.

Når Herren sende engelen andre gongen, for ikkje å sei noko anna enn det han hadde sagt første gongen, så kan dette visa kor stor ære Gud ville visa den seriøsiteten og ansvaret som dei to tok saman. Manoah ville stella til eit måltid for engelen som svara: "Om du får meg til å stansa, et eg likevel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, skal du ofra det til Herren." Manoah visste ikkje at det var Herrens engel han tala med. Difor sa han: "Kva er navnet ditt så vi kan æra deg når det hender?" Igjen ser vi hans fulle overtyding om at alt ville gå som det hadde blitt sagt. Men engelen svara: "Kvifor spør du om navnet mitt? Det er eit underfullt navn!"

Manoah ofra brennofferet og grødeofferet der på berget til Herren, han som gjer under (v19) Dei ofra til Herren, han som gjer under. Det var eit under dei trong. Det var eit under dei var lova. Trua deira var på ein Gud som gjer under og som ingenting er for vanskeleg for. Då flammen frå altaret slo opp forsvann Herrens engel opp i flammen og viste seg sidan ikkje for dei. Først då gjekk det opp for Manoah at han hadde sett sjølve Herrens engel. Det var som å ha sett Guds sjølv. Han var vel kjend med den sanninga at ingen kunne sjå Guds ansikt og leva, så han trudde han og kona no ville døy.

Kona berga tankane hans igjen og presenterte ei anna tilnærming: "Hadde Herren villa drepa oss, hadde han ikkje teke imot brennoffer og grødeoffer frå oss. Han hadde ikkje late oss sjå alt dette, og ikkje høyra slikt som vi har høyrt."

Kor fantastisk er det ikkje når mann og kone pratar seg fram til åndelege sanningar midt i opplevingane dei saman har med Gud? Dei inkluderer kvarandre i alt og deler med kvarandre tankane dei har, og står fullt og heilt saman om alle sider ved livet med Gud, framleis midt i ei tid med fråfall, anarki og avgudsdyrking. 

Kona fødde ein son og kalla han Samson. Guten voks opp, og Herren velsigna han. Og Herrens ande tok til å driva han medan han var i  Dan-leiren mellom Sora og Esjtaol. Seinare når Samson vart større og ville gifta seg med ei filistarjente, rådde dei han frå. Menneskeleg sett, viste dei seg som gode foreldre her. Manoah prøvde å få han frå dette giftarmålet, men han ville ikkje høyra. Samson på si side var vaksen og kunne ikkje styrast lenger av far sin, men gode råd kunne han framleis høyrt på om han ville høyra. Så han gifta seg med denne jenta. Ekteskapet varte ikkje mange dagane før ho blei gitt til ein annan. Då kunne Manoah ha sagt: "Kva var det eg sa?" Ein far er far også i ein slik situasjon. Det verken faren eller mora forstod, var at heile opplegget var arrangert av Herren som søkte eit høve for Samson til å ta fatt på den oppgåva han var kalla til.

Det er difor ei merkeleg historie. Men innhaldet for meg i Dommarane 13, er det bilete som blir teikna av Manoah og kona hans. Og her finn eg mange ting som trengs å bli etterlevd blant mange. 










Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...