Det fins ein del kristne vidaregåande skular rundt omkring. Fleire slike har vi også på Vestlandet. Som lærar på Bergen Bibelskule har ei av oppgåvene mine vore å marknadsføra bibelskulen på ein av desse. Kongshaug Musikkgymnas har nokre år vore mitt ansvar både for dette og for å forkynna Guds ord på "Torsdagskyrkja", som dei har kvar torsdag kveld.
Å møta både lærarar og elevar på Kongshaug har alltid vore ei god oppleving. Imøtekomande, vennlege, høflege elevar som er lette å snakka med og lærarar som spreier varme og glede til alle. Eg har blitt glad i Kongshaug og gler meg til kvar gong eg skal besøkja dei.I går var anledningen vi hadde dette semesteret.
Gud har tala lenge til oss om at det er ei ny tid for Norge. Hausten er moden. Mange profetiske ord har oppmuntra oss til å gå ut og forkynna evangeliet. Vi skulle eigentleg ikkje ha behov for profetiske ord om dette, fordi det er sjølve oppdraget Jesus gav oss, men Gud er god og vil hjelpa oss, påminna oss og inspirera oss.
Det er viktig å forstå at kristne skular også er ei stor misjonsmark. Det er fleire kristne elevar på dei kristne skulane, men langt frå alle har eit overgitt liv. Mange har ei mental tru på Gud, men ingen bekjennelse av Jesus som Herre, heller ikkje erfaring av eit nytt liv i Den heilage ande. Og så er det alltid ei rik velsigning å møta den gruppa av elevar som lever for Jesus kvar dag, som ærar Gud med sine liv og som arbeider for at medelevar skal få møta den same Herren og frelsaren som dei sjølve har fått ta imot.
For nokre dagar sidan tok eg til å tenkja på kva eg skulle forkynna om denne gongen, og det slo ned i meg med ein gong at eg måtte frokynna evangeliet til omvending og frelse. Så slo eg av ein prat med Anker Turøy som har ansvaret for Torsdagskyrkja, og delte planane mine med han. Der fekk eg medhald og full støtte for å forkynna til frelse og gje ein klar og tydeleg frelsesinvitasjon. Takk Gud for lærarar som han.
Eg hadde med meg to elevar frå bibelskulen, Anna Emilie, som var elev på Kongshaug fram til i fjor og Sara som hadde sine år på vidaregåande, på Framnes. Desse to gjorde ein heroisk innsats for å presentera bibelskulen i lunsjpausen og for å invitera folk til torsdagskyrkja på kvelden. Betre reklame for bibelskulen enn levande menneske, fulle av Guds liv og med brennande engasjement for å vinna andre for Jesus, veit eg ikkje om fins.
Mens eg hadde andre oppgaver å ta meg av i mellomtida, blei dei igjen på Kongshaug og prata med folk, og motiverte mange til å koma på kvelden. Det er vanskeleg å forkynna evangeliet til folk som ikkje er der. Men dei to jentene på teamet gjorde veldig mykje av arbeidet for at då møtet starta, var det ein god del unge samla, også mange som ikkje levde med Jesus. Eg fekk denne fantastiske gleda av å vera i eit velfungerande team der, sjølv om vi har ulike oppgåver, så er vi eit team med fokus på målet, både når vi lukkast og når vi bommar. Det er dette heile treninga på bibelskulen dreiar seg om, når vi no i februar endå ein gong reiser til Gullbotn for å ha ei veke med teamtrening i praktisk arbeid og evangelieformidling. Men takk Gud for at det er lettare å lukkast med Gud på laget, enn å bomma.
Meir enn 20 unge retta handa opp, kom fram og knelte ned for å ta imot Jesus som sin Herre og frelsar og overgje livet sitt til han. Det er ingen andre enn Gud som skal ha all ære for det han gjer blant unge menneske i vår tid. Og sjølv om det kan vera både kamp og uro rundt det å stå i flyten av ting Gud gjer, så deler vi den gleda som er i himmelen over kva syndar som vender om. Den gleda blir berre endå større når vi arbeider saman i team og deler den saman med himmelen og med kvarandre.