I dag var vi på besøk i fengselet i Abra. Det er eit høgrisikofengsel. Det er der dei verste sit. (Utan at Gud er mindre glad i dei av den grunn). Abra ligg veldig nær Quintanilla, der vi hadde eit arbeid gåande for nokre år sidan. Det var fint å vera i området igjen, etter fleire år.
Dagen starta med at vi laga 500 smørbrød til dei innsette. Handlerunden gjorde vi unna i går, men vi har ikkje kjøleskapsplass nok til så store mengder mat, så smørjinga måtte gjerast i dag. Vi starta klokka 05:30 og fekk god tid til å eta frukost også før vi tok med oss alt og reiste dei 45 minuttane ut til fengselet i Abra.
Det var ein eller annan som hadde blitt drept inne i fengselet rett før vi kom. Somme fanga opp at det var ein av dei innsette, andre hadde fått høyra at det var ein politimann eller fangevaktar. Kva som er riktig, veit vi ikkje. Men på grunn av dette, tok det litt tid før vi fekk koma innafor.
Først var vi i avdelinga for narkotika-innsette. 5-6 mann i kvart bur. Lukta innafrå var så langt frå god som det går an å koma. Men dei sat med føtene og hendene ut gjennom sprinkeldørene for å koma så nær frisk luft som råd. Somme av dei var truande og hadde små nytestamenter i hendene. Responsen på evangeliet var kraftig. Då ei av dei faste medarbeidarane bad ei bordbønn, var dei alle med. Ijob delte eit flott og evangelisk vitnesbyrd. Felix og eg delte meir om evangeliet og responsen var stor. Vi delte ut smørbrød og gav dei drikke i blastbeger.
Så flytta vi oss over i eit anna område til ei ny avdeling. Der var det litt eldre folk som sat. Eldre i denne samanhengen betyr menn frå 40 år og oppover. Mange her var kristne. Fem nye gav livet sitt til Jesus. Mange vart bedt for. Eg har ikkje oversikt over alt som skjedde, fordi det var forbønn på så mange kantar i lokalet. Sjølv var eg involvert i forbønn for ein som vart helbreda frå store magesmerter og to kristne som ville oppleva åndsdåpen. Dei kom begge igjennom på ein sterk måte. Ein eldre kar, brast i sterk gråt då vi bad for han. Han fortalde at han hadde sona ferdig dommen sin for lengst, men ville bli i fengselet framleis. Han hadde site i over 20 år. Utanfor hadda han ingen familie, ingen plass å bu, ingen eigendelar og ingen jobb å gå til. Han hadde ingenting. Og det betyr ingenting. Innafor hadde han altfor lite av det meste, men i det minste folk han kjende og som han kunne ha fellesskap med.
I Bolivia er det mange uskuldige som er bura inne. Systemet er slik at om nokon anklagar deg for eitt eller anna, så blir du sett inn. Ingen rettsak er nødvendig, du blir sett inn fram til du kan bevisa at du er uskuldig. Dei som har pengar til advokat kan få dette til, dei andre ikkje. Om ikkje familiemedlemmer eller andre betalar skulda deira, blir dei berre sitjande. Ein mann eg snakka med, hadde kome i diskusjon med ein politimann i La Paz. Diskusjonen vart litt høglydt og politiet sette han i fengsel. Der har han site sidan, og er gløymt av samfunnet. No har han hjelp til å levera inn ein appell til styresmaktene i håp om at det fins folk som bryr seg. Sjansen for det eksisterer, om den er liten. Han ville ha epostadressa mi slik at han kunne fortelja heile historia si når han kom ut, om det så skulle skje. Han sa: Du kan skriva bok om meg eller kva du vil, berre verda får vita korleis systemet i Bolivia fungerer. Saman, la vi saka hans fram for Gud og oppmuntra han til å setja all si lit til Herren. For den som berre lit på menneske og samfunn blir ofte skuffa. Om det er noko dei historiske bøkene i Bibelen lærer oss, så er det det. Vi som arbeider med kontaktar også frå mange andre land i verda enn Bolivia, veit at det står ikkje særleg betre til der. Hadde norske media prøvt å teikna eit bilete av verda i lys av sann rettferd, så hadde mykje av informasjonen vi får vore annleis. Eg er freista til å sitera sangaren og poeten Larry Norman:
The politicians all make speeches while the newsmen all take notes. And they exaggerate their issues as they show it down our throat. Is it really up to them whether this country sinks or floats? I wonder who would lead us if none of us would vote.
Our money says; In God we trust, but it's against the law to pray in school. You say we beat the Russians to the moon. I say you starved your children to do it. You say all men are equal, all men are brothers, then why are the rich more equal than others? Don't ask me for the answers, I've only got one; that a man leaves his darknes when he follows the Son.
Eg er glad or å ha fått denne kontakten med Feliz Ceccato. Han er ein høg offiser i FBI Switserland. Visjonen hans erverdensvid. Han arbeider ikkje berre inn mot fengsel, men inn i politiet og i forsvaret i ulike land. Vi kan ikkje forandra systema rundt om i verda, men vi kan forandra menneskehjarta ved den kraft som er i evangeliet. Dette er einaste måten å få slutt på korrupsjon, løgn og urettferd i politi og i militæret. Å nå leiarane for desse med evangeliet er ein start, og ein god start.
Vi snakka med direktøren for fengselet i Abra idag. Han forstod Felix sine tankar, ønskte oss hjarteleg velkommen og opna dører for oss, som slett ikkje var gitt på førehand. Berre C-blokka stengde han for oss. Om det var der dei hadde hatt eit drap eit par timar tidlegare, veit eg ikkje. Men uansett kor elendig det står til i denne verda, Gud har ein plan. Den kjem han til å fullføra. Og eg er glad for å få lov til å vera med på den gjennomføringa. Om to år er eg pensjonist. Men Guds ord seier om den rettferidge, at alt i sin alderdom, ber han frukt. The best i yet to come!
Fantastisk å lesa om arbeidet i fengselet!🙏🙏
SvarSlett