søndag 5. februar 2023

Bibeldagen 2023 - 5.februar


«Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka,

og fuglane under himmelen kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.»

Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»

I dag, på bibeldagen, har Det norske bibelselskap lagt til rette for å hjelpa kristne i Egypt. Det er ikkje lett å vera kristen i Egypt og det er forbod mot å gje vekk biblar gratis. Difor går alle innsamla midlar denne dagen til å gjera Bibelen så rimeleg som råd for å møta på bibelmangelen i landet. Verda hungrar etter Guds ord. Lengselen etter å fylla tomrommet som berre Gud kan fylla, er stort, sjølv om ikkje alle veit kva det tomrommet heiter. Så er det óg eit ansvar vi har, å be for landet vårt at dei ord som er ånd og liv, ikkje skal bli trakka ned, vekkstole av den vonde, kvelt av ugras, men få spira, slå rot, veksa opp og bera frukt rundt oss.

På bibeldagen treng vi å inspirera kvarandre til å sjå både lengselen i menneske og anledningane vi har til å møta den, og at vi ikkje skal ha fokuset på oss sjølv i dette, men ha tru til Gud, tru på krafta i evangeliet og tillit til kva berre han kan gjera uansett. 

Å så ut evangeliet om Jesus, er eit arbeid som det følgjer stor velsigning og mykje glede med. Men dei fleste som har prøvd, veit óg korleis likegyldighet hos mange har lett for å ta motet frå oss og få oss til å kjenna oss mislukka. Forsøk kan mislukkast, men eg vil du skal forstå at du er aldri mislukka. Gud gler seg over kvart mislukka forsøk også, fordi det var eit forsøk. Vi har ikkje fått ei ånd som gjer motlaus, men ei Ånd som gjev kraft, kjærleik og visdom. Vi lever i ei tid, med store utfordringar. Men vi må også sjå at mykje som skjer rundt oss, er med å pløyer grunnen for det som Gud vil gjera, også i vårt land.

Jesus sa: Løft blikket og sjå kor markene gulnar mot hausten. La oss hjelpa kvarandre til å kasta av oss gamle negative erfaringar og i staden for å ha eit fokus på vår eigen fortreffelighet eller totale mangel på fortreffelighet, ha fokus på at evangeliet er Guds kraft til frelse for kvar den som trur, slik Paulus seier i Rom 1. Krafta ligg i evangeliet ikkje i menneskeleg visdomslære eller meisterskap i talekunst. Om vi berre kunne sjå kor Gud lengtar etter å møta den lengselen som han sjølv har lagt ner i mennskehjarta. 

Den einaste som kan fylla lengselen, er han som har sett seg på Guds kongsstol for å fylla alt, Jesus

Kristus. Han sa: Eg er vegen sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg. 

Det han gjorde då han forsonte oss med Gud ved sin død på krossen, og då han ved sin oppstandelse

sigra over alt og gav oss vår rettferd, er det einaste som ved tru fører oss til Gud. Han veien for alle.

Han er også sanninga, den sanning som ikkje kan rokkast, som er ubevegeleg og står fast til evig tid,

fordi Gud er sanning. Verda er i forandring, men ikkje Gud. Tidene endrar seg, men ikkje Guds ord.

I Gud er det ikkje både lys og mørke, ingen skiftande skugge. Han er den uforanderlege, den same i går

og i dag, ja til evig tid. 

I verda er bedraget både stort og mangfoldig, men Jesus er den som all sanning finn sin sum i, som

heile Bibelen handlar om, som all løgn blir avslørt i møte med, som alt mørket blir avslørt i lyset frå og

som har det endelege ordet, som ingen kjem forbi men som kvart kne må bøya for og bekjenna er Herre.

Og han er livet, eit nytt liv, gitt ved ein ny fødsel, levd på ein ny måte, der tru på Gud og hans ord har

erstatta våre menneskelege filosofiar, eit liv der nådens kraft og kjærleikens motivasjon sprengjer gamle

barrierer og banar nye vegar for Guds rike.

Jesus er sjølv Ordet, som var i begynnelsen, som var hos Gud og som var Gud. Han kom i kjøt og blod

for å vinna den rett til kongstolen som var gitt han, og for å vitna om sanninga. Og han bad for sine og

ber for oss i dag: Far, helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.

Vi bur i ei verd der millionar lengtar etter Guds ord. 

Eg var på Filippinene i ein by som heiter Iligan City, ein månad etter flaumen i 2011. Elva steig 6 meter

opp, midt på natta, ulovleg hogd tømmer kom med vassmassane og knuste hus og skylte mellom 1000

og 1500 menneske på havet. Dei fleste drukna. Det var eit sårt møte med mange menneske og eit

sørgeleg syn. Dei store hjelpeorganisasjonane hadde vore der og sett opp store telt og gitt klede, ris og

bleier og reint vatn. Vi sendte på førehand folk inn for å finna ut kva som var det største behovet no ein

månad etter. Svaret var enkelt og kontant: Vi treng to ting; panner til å koka risen i og biblar til alle ramma

familiar. Vi treng hans ord som er all trøysts Gud. Guds ord er meir enn tankar for ei teoretisk tru, dei er

liv for den som finn dei og lækjedom for heile kroppen.

Vi stod på eit fortau i byen La Paz i Bolivia, saman med eit team frå bibelskulen, eit land som hungrar etter Guds ord. Vi snudde ryggen mot husveggen, heva stemma og tok til å forkynna evangeliet på open gate. Folk stoppa opp og stimla saman for å høyra og etter 2 minuttar fyllte 50-60 menneske 6-7 meter av fortauet i begge retningar og godt ut i gata, og då vi hadde forkynt ferdig og bedt til Gud med folk til frelse og skulle til å dela ut nytestamente, som vi hadde fått 30000 av frå Gideon-forlaget i Canada, var det kaos og heilt på grensa til slåsskamp for å få ta i eit nytestamente på engelsk og spansk. Kan det koma slike dagar i Norge? For Gud er ingenting umogeleg!

Vi stoppa ved eit sentralt vegkryss i Cruce Taquiña, i Cochabamba for å evangelisera. Heile teamet av studentar frå bibelskulen prata med folk, enten i mindre grupper eller enkeltvis. Sjåføren vår, var uheldig og køyrde eine framhjulet ned i eit lite synleg hol i vegen, då han skulle parkera, med det resultat at oljefilterbraketten blei knust, så all motoroljen rann som ein liten bekk nedover gata. På andre sida stod ein politimann på vakt utanfor ein liten bank og såg på alt som skjedde. Eg tenkte at no blir det bråk. I over ein time stod han der og såg på norske ungdomar som snakka med folk om Gud, bad for dei og gav dei eit nytestamente. Då vi pakka saman kom han bort. Eg tenkte på oljesølet og regleverket og alt som eigentleg ikkje er lov å gjera i Bolivia og var førebudd på litt av kvart. Ja, han hadde sett at vi delte ut bøker og lurte på om det var biblar. Det kunne eg stadfesta. Men spørsmålet hans var om vi hadde fleire igjen og om han óg kunne få ein. Det hadde vi ikkje, men eg lova å stoppa neste dag og gje han ein. Eg såg på ansiktet hans at han ikkje var van med at folk heldt lovnader. Men eg held ord og kan enno sjå for meg gleda i ansiktet hans over å få eit nyttestamente og kanskje óg bli minna om at det er ein som ikkje gløymer og som ser lengselen i hjarta, han som sjølv la den der. Oljebekken i gata, tok solsteiken seg av.

For sikkert snart 20 år sidan, las eg i eit asiatisk misjonsblad om bibelmangelen i Kina. Ikkje ein gong evangelistane og forsamlingsleiarane hadde sin eigen bibel, somme berre nokre sider frå ein. Artikkelen traff meg hardt, og eg gjekk ein lang tur for å be til Gud om å få gjera litt med dette. Eg var ganske pengelaus sjølv, og bad til Gud om å få pengar til 1000 biblar til prosjektet i Kina, Då talte Gud til meg og sa: Ikkje be om 1000, be om 2000. Så eg gjorde det. Då eg nevte dette for nokon i menigheten, var det ein som sa: Dette vil vi vera med på. Og så blei det eit prosjekt med offer fleire søndagar. Siste søndagen, då eg visste at idag vil vi passera målet, gjekk eg fram for å gje mitt bidrag. Då eg sette meg ned igjen på stolen, hadde eg eg eit syn. Det skjer ikkje så ofte for min del. Men eg såg den eine kinesiske leiaren, etter den andre, koma fram med ein bibel i handa og sa: Takk for Bibelen eg fekk. Så snudde dei seg og retta armen peikande bakanfor seg mot grupper av menneske i varieande storleik, og sa: Her er dei som eg vann for Jesus, på grunn av at eg fekk denne bibelen. 

Det er perspektivet Gud har gitt meg på mykje av det  bibeldagen står for: Jesus sa: Bruk den uheiderlege Mammon til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.

Betre økonomiforvaltning enn det, får vi ikkje.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...