torsdag 20. april 2023

Evangelisering på Marknaden

 Mercado 10 de Febrero - Norte, er navnet på ein marknad ikkje så langt frå her vi bur. Her starta vi dagen i dag med evangelisering. Ein av personane i teamet var ikkje frisk idag og blei heime med tilsyn frå ein av dei andre på teamet. Dermed var det berre tre av oss som drog av garde saman med Gabo og Sebastian.

Vi hadde med oss Johannesevangeliet i hefteform, og invitasjonar til mengheten som vi gav til dei vi fekk samtalar med. Vi hadde ikkje gått mange stega bortover den øvste gata i marknadsområdet før vi vart stoppa av ein ung mann som selde sjølvlaga konfektsjokolade. Han hadde starta dette som eit forretningsføretak og ville sjølvsagt selja. Eg drog opp pengar or lommen og kjøpte ein til kvar av oss. Vi spurte om vi skulle be for føretaket hans. Det ville han gjerne, så det gjorde vi - men først etter at vi hadde gitt han evangeliet og han hadde tatt imot Jesus som sin personlege Herre og frelsar. 

Johannes gjekk rundt i gatene på marknaden med ein plakat framfor seg, der det stod: Jesus helbredar i dag! Treng du forbønn? Mange menneske såg dette, rekte opp handa og vinka på oss. Så fekk vi be for mange om ulike ting. Familieproblem, sjukdom og økonomi trur eg var dei mest vanlege tinga folk ville ha forbønn for. 

Ei eldre kvinne vi tok kontakt med var alt kristen. Då vi prata med henne såg eg at ho held eine armen bak på ryggen, og spurde om ho hadde smerter. Ho sa ho hadde muskulære smerter i ryggen og vondt nedover i ein foten. Vi bad for henne og ho kjende seg plutseleg heilt fin. Så sa ho at ho også hadde smerter i venstre armen. Etter at vi bad for henne på nytt, testa ho litt og smertene var borte. Eg kan ikkje ta med alle eksemplel, men summera opp litt enkelt med at 8 personar gav livet sitt til Jesus denne føremiddagen, inkludert taxi-sjåføren som køyrde oss tilbake til El Bosque, mange sjuke blei helbreda, mange blei velsigna på ulike måtar og elevane frydar seg over alt det gode ein vanleg føremiddag kan føra med seg når vi berre gjer oss tilgjengelege for Gud.
Vi gir all ære og takk til Gud, og seier også takk til alle som ber for oss. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...