tirsdag 18. april 2023

Heim for jenter som ikkje kan bu med familiane sine


 I Bolivia og også i Cochabamba er det mange heimar for både gutar og jenter som av ulike grunnar ikkje kan bu i familiane sine. Vald er ein av dei kanskje mest vanlege grunnane til dette. I går var vi på ein slik institusjon for jenter. Med oss frå menigheten hadde vi Becky og Gabo og mor til Becky. 

Heimen heiter "Kongens døtre", som peikar på den identitet dei prøver å gje dei som kjem her. Møte med dei alle var fantastisk. Becky gjorde ein veldig god jobb med å snu den naturlege sjenerte kjensla deira til opne vennskap på få minuttar. Vi hadde med is og gulrotkake, gaver i form av sokkar og litt undertøy. Før vi åt hadde vi veldig god tid saman med dei i Guds ord. Det var Signe som delte på ein veldig engasjerande måte. Det var rørande å sjå korleis ho greidde å formidla djupe og sentrale sanningar i evangeliet på ein måte som ved Guds nåde held på fokuset hjå alle. Trass i at skilnaden i alder var frå seks til sytten år, var Den heilage ande der med openberring som greip hjerta hjå alle. Siste timen vi hadde med dei, leika vi i hagen. Av naturlege årsaker kan vi ikkje leggja ut bilete av jentene. 

Isak var på røntgen i går ettermiddag og fekk konstantert at der er ingen brot i ankelen, heller ikkje andre kompliserte skader. Det takkar vi Gud for. Det blir litt krykker og begrensningar ei god vekes tid. Sjølv melder han om god framgang. Eg er stolt over måten han har takla uhellet på. No skal vi ha felles bønn her, og førebu undervisning til i kveld. Bogdana og Signe skal undervisa på kvinnesamling. Isak og Johannes gjer seg klar til mannssamling. 

Så lenge vi bur her i El Bosque, brukar eg den første delen av dagen til å gå ein runde i nabolaget og søkja Gud for dagen. Runden eg går i grålysninga tek 45 minuttar. Somme dagar kjennest det som å vera litt i Adam sin situasjon, då han vandra med Gud i hagen. Det er godt å leggja alle ting fram for Gud i bønn, påkallinng og takkseiing, og kjenna at Guds fred som overgår all forstand bevarar både hjarta og tankane i Jesus Kristus. 




1 kommentar:

Dag nummer to i La Paz

 Lang reise i går, sein samling og dermed ein roleg morgon i dag. Vi bur på eit hotell utan frukost, men vår gode venn og sjåfør, Marchelo, ...