Lang reise i går, sein samling og dermed ein roleg morgon i dag. Vi bur på eit hotell utan frukost, men vår gode venn og sjåfør, Marchelo, fann ein fantastsik plass for å eta frukost ute. La Paz har eit trafikkbilete som best kan skildrast som kaos. Men vi kom oss i alle fall til slutt til El Teleférico-stasjonen og tok den først litt nedover i byen og så opp til El Alto og tilbake igjen til bilen, for så å køyra opp igjen til El Alto på eit ettermiddagsmøte med nye bekjentskapar. Det er venner av Marchelo som har starta ei ny forsamling der oppe. Bestillinga vår var litt lovprisning, vitnesbyrd og forkynning. Eg burde ha tenkt det sjølv, men det slo meg på vegen opp, at eg kanskje måtte forkynna. Eg har blitt van med at det er forventa, men greier ikkje alltid å hugsa på det når det ikkje er blitt sagt. Det skjer så mykje heile tida, at sjølv om vi berre er ein plass om gongen så er hovudet mange stader. David og meg har mange ting å snakka om og det gler oss begge to at ting går på fram med det meste. Teamet frå bibelskulen fungerer så bra. Vi er som ein familie når vi på ein slik tur saman. Heile tida krevst det godt samarbeid, optimal arbeidsfordeling og fokus på meir enn ein ting.
Så samlinga oppe på platået i El Alto gjekk veldig bra. Gud berørte folka der. Eg er slett ikkje alltid førebudd på å forkynna, men det kjem alltid eit ord i siste liten og så blir det nesten vanskeleg å slutta. Gud er så god mot oss i dette. Eg trur heile teamet har kome litt inn i dette å vera klar i tide og i utide.
Vi sette oss i bilen igjen på veg nedover til La Paz igjen. Der venta ei ny gruppe på oss. Det er kjenningar av Gabo, ein av leiarane i CBBA. Vi har ikkje møtt nokon av desse tidlegare. Gruppa kallar seg Unge for Kristus og er opptekne av misjon og evangelisering. Eg måtte sjølvsagt forkynna her også, men vi hadde ei veldig god stund i Guds nærvær og i fokuset på evangeliet og misjon. Adrian delte saman med meg. Etterpå baud dei på hotdog og te. Fleire i den gjengen snakka veldig godt engelsk og ei av dei hadde eit søskenbarn i Bergen.
Så dermed har dagen bestått av litt turisme i La Paz og to veldig gode samlingar med glade og responderande menneske og mange unge med hjarte for misjon. Vi har hatt ein fantastisk dag her i La Paz med sol og god temperatur. Illimani, det mest kjende fjellet i Bolivia på over 6400 meter var innehylla i skydekke til godt ut på dagen. Men på turen ned frå El Alto stod fjellet skyfritt fram som ein majestet over andre toppar i området.
I morgon blir det eit stykke å køyra. Vi et frukost på same staden som i dag klokka 07:30. Så reiser vi til Tiwanaku. Der skal vi evangelisera og dela ut biblar før vi går det store muséumsorådet Tiwanaku nærare etter i saumane. Eg har vore der ein gong tidlegare, men det er gjort store utgravingar sidan den gongen. Ruinane her seiest å vera frå 200-500 år f.Kr. Vi snakkar om folket som var her før Inkariket si tid. Eg trur det kjem til å bli interessant for heile teamet. I alle fall kan det vera eit punkt på CV'en at ein har vore her. Byen ligg omlag to timars køyring frå La Paz, om eg hugsar rett, og ein stad mellom La Paz og Titicaca-sjøen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar