lørdag 15. april 2023

Storslått velkomst i Cochabamba

 

33 timar etter at vi reiste frå Flesland, kunne vi gå ut frå tollen i Cochabamba og møta den største velkomstkommitéen vi har møtt nokon gong ved ankomst her. Det var glede og jubel og flagg og fotografering og alt som boliviananrane synes høyrer med når nordmenn kjem på besøk. 

Studentane kommenterer på kjærleiken og varmen vi er møtt med. Sjølv om vi er gitt fri til å gå tidleg til ro og kvila ut etter den lange reisa, er det vanskeleg å trekkja seg unna når fleire og fleire dukkar opp for å sei "hei". 

Men etter ei god natts søvn har vi blitt servert salteñas til frukost og vore ein tur rundt i El bosque og nytt sol og varme, fine område og grønt gras under sandalane (bildet). Godt å finna ro og tid med Gud før det brakar laus i kveld med ungdomsmøte i menigheten. I morgon, søndag, blir det forkynnelse og vitnesbyrd på søndagsgudstenesta og samling med alle leiarane her på ettermiddagen. Evangeliseringsarbeidet tek til på mandag, ved besøk på ein institusjon. Seinare går det slag i slag. Etter rapportane vi får her, skjer det veldig mykje bra. Det er ei kjensle av at noko er i ferd med å skje i det åndelege som mange snakkar om. Og vi er glade som får vera ein del av det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...