lørdag 21. desember 2024

Ei hjelpande hand kan føra til mykje godt

Frank er ein veldig god venn, han er med i menigheten vår og er ein svært hjelpsam og dyktig mann på veldig mange område. På bildet er han saman med Pastor Sam Yogi i den tamilske forsamlinga "Church of Living Word" i Bergen. 

Kontakten mellom dei starta utanfor Autorek på Minde i Bergen, der den tamilske pastoren sleit med å skifta ei lyspære på bilen sin. Somme av oss er skrudd slik i saman at vi ikkje kan sjå på slikt utan å hjelpa. 

Seinare fekk eg også møta pastoren. Ein skade på bilen hans vart retta opp heime i garasjen hjå meg av den same Frank. Eg stakk innom ein dag eg såg der var aktivitet og gjekk ut igjen litt seinare etter ein liten prat og ei lita bønnestund. 

Det som starta med ein trang tilkomst til ei billykt, fekk interessante følgjer som ingen av oss veit slutten på endå. For, som om ikkje eit stort fat med sjølvlaga vårrullar var nok som takk for lånet av garasjen, vart både Frank og meg inviterte på Church of Living Word sitt julebord i dag. Sam Yogi ringde meg for nokre dagar sidan og ville at eg skulle dela evangeliet under festen. Han la til at det ville vera fleire der som ikkje kjenner Jesus. Eg takka ja med ein gong og skreiv det opp i kalenderen med høgste prioritet. 

Programmet varte i fem timar. Eg forstod nesten ingenting verken av det som vart sagt eller sunge, men maten var god og riskremen etterpå er den beste eg har vore borte i. 

Det er mange ting ein gjerne skulle visst når ein møter folk frå ein så ulik kultur. Eg visste ikkje at fleire av dei ikkje-truande var hinduar. Eg visste ikkje at det ikkje er kultur for å rett opp handa og koma fram på ein frelsesinvitasjon på Sri Lanka. Men det eg veit er at evangeliet er Guds kraft til frelse, at det skaper tru når det blir forkynt og at responsen ikkje er avhengig av nasjonale kulturar. Så fem menn og ei kvinne, nokre av dei hinduar, retta opp handa som teikn, kom fram, bad frelsesbønn og inviterte Jesus inn i hjarta sitt. Det er kraft i evangeliet og oppmuntrande for meg å sjå, igjen og igjen, at når vi deler evangeliet og gir ein invitasjon, så er det alltid dei som vil gje ein positiv respons. Eg avslutta med å leggja hendene på dei og be for dei om Guds velsigning og proklamera at dei tilhøyrer kongen over kongane og Herren over herrane og at alt mørker skal vika frå dei. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...