tirsdag 3. desember 2024

I dag

Eg vart nyleg kjend med ein god og veldig interessant mann. Under ein prat på eit hotell vi budde på, lurte han på om han kunne få spørja meg om noko. Eg samtykka til det og han kom med følgjande spørsmål: Kva for to dagar i veka er det du ikkje arbeider for Herren?

Eg kan vel godt sei at eg ikkje forstod spørsmålet heilt. For eg arbeider for Herren alle dager. Det tok ikkje lang tid før mannen forstod at eg ikkje forstod. Han var trass alt ein smart mann, internasjonal etterforskar hjå FBI og god på å observera folks reaksjonar. Så han kom like godt med svar på spørsmålet sjølv: Dei einaste to dagane i veka du ikkje arbeider for Herren, er alltid i går og i morgon. 

Eg trudde i alle fall at eg forstod svaret. Lat ikkje dagen i dag vita av det gårsdagen produserte. Og ten Herren heilhjarta idag og ikkje utset det til i morgon. Kanskje morgondagen aldri kjem. Kvar dag har nok med sine eigne suter. 

Dagen i dag er viktig. Det er den einaste vi har. Det har vore dager vi har hatt og truleg dagar som vil koma. Men dagan i dag, er den einaste vi har. Derfor er det Gud gjer i dag, så viktig at vi ser og grip. 

Den natta Jesus vart fødd, vart dei som passa på sauene sine på markene utanfor Betlehem besøkt av ein engel. Han hadde gledesbod å fortelja, men dei vart naturleg nok litt skremde av opplevinga. Bodskapen var mellom anna dette: "I dag" er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Kristus Herren. 

I hundrevis av år hadde folket venta på frelsaren som skulle koma. Profetane hadde tala og bedt, søkt og granska i alle generasjonar, men dei hadde berre fått til svar at det ikkje var i deira tid, men for ei tid som ville koma. Så kom det endeleg og sikkert veldig overraskande: "I dag" har frelsaren kome. Idag har lyset begynt å skina. I dag har Gud gjesta oss som ei solrenning. Idag er ventetida over. Frelsaren har kome til oss. Han er her mellom oss. Livet er tilgjengeleg for alle som kallar på hans navn.

Nokre år seinare, gjekk frelsaren omkring på vegane i Judea, Samaria og Galilea. Han leita etter det som var fortapt for å frelsa det. Han såg etter dei sjuke og forkomne, syndarane og dei sørgjande. Han kom til sine eigne men det var mange som ikkje tok imot han. Likevel dukka dei opp rundt han, dei som bar på bører, kjende seg tynga av skuld og fanga i synd. Dei undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn og dei merka seg ryktene som gjekk om han. Ein av desse var liten av vekst og kjende seg sikkert liten som menneske også fordi han tente okkupasjonsmakta og brukte posisjonen sin til å gjera seg rik ved urett mot andre. Popularitet, respekt og ære blant sitt eige folk, kunne han sjå langt etter. 

Men han hadde høyrt rykta om denne mannen som forkynte eit anna rike, som lækte dei sjuke og løyste dei bundne. Han kjende skam ved å menga seg med andre. Kortvaksen som han var såg han heller ingenting av det som skjedde, så han klatra opp i eit tre for å få eit glimt av denne Jesus som gjorde så mykje bra. Det tok ikkje lang tid før følgjet nærma seg og passerte under han. Nede frå folkemengda høyrde han ein som sa: Sakkeus, kom ned, for i dag vil eg ta inn hjå deg. "I dag" - vil eg ta inn hjå deg. I dag!

Reaksjonen hans, avslører at han hadde hatt det vondt med seg sjølv. Han var ein som ingen ville vera med. Men at frelsaren ville koma til han, endra livet hans totalt. Han gav livet sitt til Jesus med heile seg og alt han hadde. Tenk å få høyra: I dag vil eg koma til ditt hus. Men korleis tek vi imot det Gud vil gjera for oss i dag?

Hebrearbrevet gjentek fleire gonger og siterer frå Det gamle testamentet, kor forpliktande det er å få høyra det som mellom anna Sakkeus fekk høyra; "I dag", om du høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarta ditt hardt. Stå ikkje imot kallet, lat ikkje eit stolt hjarta stela frå deg livet du er kalla til å leva. 

Eg har eit par gonger site heime med eldre folk som i barndommen fekk evangeliet fortalt. Men dei har gjort hjarta sitt hardt. Den eine sa til meg; "Eg trur at evangeliet er sant, eg veit at eg er fortapt. Eg trur at når eg døyr så endar eg i ei evig fortaping borte frå Gud. "

Etter ein og ein halv time med forsøk på å få nå inn og med intens bønn om å få lov å hjelpa vedkomande til å ta imot forsoning og frelse, var det kyniske svaret: "Nei, har eg ikkje gjort det enno, får det berre vera."

Det er i slike situasjonar ein forstår kva eit forherda hjarta er. Og vegen dit går, gjennom gong etter gong å gjera hjarta hardt, utsetja, kompromissa og tilslutt forkasta han som gav livet sitt for oss, med opne auge og ei bitter sjel. 

Det er over 2000 år sidan han kom, men han kjem likevel til tusenvis av menneske kvar dag. I dag er ein dag han flyttar inn i ditt nabolag. I dag, er dagen han vil ta inn hjå deg. Og når du kjenner varmen får hans kjærleik og berøringa av hans stemme som seier. Kom og følg meg, så ikkje gjer hjarta ditt hardt. Tru på han og gje det gamle livet frå deg i byte mot eit nytt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...