Ein god venn av meg som er evangelist, brukar alle anledningar i møter der han forkynner, til å gje ein invitasjon til frelse. Han har det som eit prinsipp, sjølv om han veit det er eit møte i ei forsamling der alle som er der går fast og høyrer heime.
Eg har forstått meir av kor viktig det er å gjera dette av fleire grunnar. For det første er det lett å ta for gitt at dei som kjem til møter er kristne. Mange har vakse opp i forsamlingane som ein del av familien. Dei syng med på songane og er med på aktivitetane, men har dei hatt reelle møter med Jesus og blitt født på nytt.
Altfor mange kristne har så lite erfaring og er dermed så lite frimodige med å leda andre til Jesus at dei fleste slike initiativ heilt enkelt uteblir. Veldig mange er flinke til å vitna om sine eigne erfaringar i livet med Gud. Andre har stort frimod til å be for menneske dei møter som har helsemessige eller andre behov. Det å byggja gode relasjonar og vinna respekt mellom naboar eller folk på arbeidsplassen, er noko vi ser mange er flinke til. Men det store spørsmålet er: Gjev vi dei evangeliet og utfordrar vi dei til å ta imot Jesus som sin personlege Herre og frelsar? Ofte er det her frimodet kjem til kort og anledningane går i frå oss.
Vi treng å trena på dette. For min eigen del har eg hatt to treningsarenaer som har hjelpt meg. For mange år sidan, då Jesus hadde fått livet mitt, var det noko inni meg som sa at eg måtte ut til andre med godt nytt frå Gud. Eg hadde berre to metodar i referansane min den gongen. Det eine var å forkynna på møter. Og det andre var å gå på husbesøk slik Jehovas Vitner gjorde. Gateevangelisering hadde vi ikkje høyrt om. Dessutan fans det ingen gater langt ute på bygda. Å forkynna på arbeidsplassen var heller ikkje aktuelt, fordi eg arbeidde for meg sjølv som bonde og hadde verken folk over meg eller under meg. Sjølvsagt var det ikkje nødvendig av den grunn å hengja fast i metodikk, men det var no berre slik det var, så eg begynte å gå på husbesøk. Første gongen var ein skikkeleg utfordring. Andre gongen var utfrodringa mindre. Etterkvart likte eg det så godt at eg like gjerne gjekk åleine som saman med andre. Men vi gjekk mange gonger to og to dei første åra.
Også på husbesøk opplevde eg at det var veldig tilfredsstillande å gå gjennom heile bygder og få lange gode samtalar om Gud, sjølv utan at eg fekk gitt ein skikkeleg invitasjon til å ta imot. Såarbeid er sjølvsagt verdifullt uansett. I tillegg var det ei veldig god trening for min eigen del og viktig læring i korleis gangnlause religiøse idear fangar menneske og held dei borte frå Kristus.
Den andre viktige treningsarenaen som har vore eit privilegium for meg å ha gjennom mange år, er å vera på ulike typar evangelisering i andre land, ikkje minst i Bolivia, der folk er veldig opne for Gud. Der har det sjeldan vore samtalar ein til ein, men vi har forkynt til flokkar eller grupper av menneske frå alle typar sosiale lag. Erfaringa av at menneske gir respons til evangeliet har vore akkurat det same, enten det er skuleklassar, grupper av universitetsstudentar, vanlege folk på gata, politikarar, grupper med politifolk, store militærleirar, fotballag eller ein liten familie i parken. Noko av det eg har tatt med meg heimatt frå Bolivia er trua på krafta i evangeliet og forventninga til at dei vil ta imot om vi berre gir ein invitasjon. I europeiske fengsel, på Filippinene og andre stader eg har vore så velsigna å få vera med, er erfaringane dei same. Kvifor skulle det vera annleis i Norge. Vel, Vesten er ikkje heilt lik resten. Men krafta i evangeliet er det same. Om vår tru på krafta i evangeliet og frimodet til å dela det og hjelpa folk til å ta imot det får vera den same her som andre stader, så vil forskjellen på Vesten og resten visa seg å vera langt mindre.
Evangelisten som eg refererte til å starten, har sagt til meg dette: "Det må alltid vera ei innbyding til frelse!" Han meiner det og lever etter det sjølv. Orda hans har festa seg hjå meg. Og dei dukka opp i dag under lovsangen på møtet på Gullbotn under menighetshelga vi hadde der. Somme av dei store barna som er i våre familiære relasjonar hadde invitert med seg venner på det som skulle vera ei helg for menighetens folk.
Eg vil bekjenna at eg fleire gonger har hatt spørsmål om vi burde hatt med desse som ikkje høyrer menigheten til på ei menighetshelg. Men så ser eg at det er besteforeldre som ønskjer å ha dei med fordi dei ikkje finn så mange andre arenaer for desse til å koma under kristen påverknad. Og så har desse igjen med seg sine venner, store barn som vi ikkje kjenner til frå før. Eg har bedt Gud om tilgjeving for ikkje å ha sett før kor fantastisk det er vi har med unge menneske på ei slik helg som ikkje har tatt imot Jesus endå. Det var litt det som skjedde under lovsangen då Gud tala til meg og sa: "Det er ein ting til du må gjera; ikkje la nokon reisa herifrå utan ein invitasjon til å ta imot Jesus." Så eg delte evangeliet med dei, gav ei enkel forklaring på kva Jesus har gjort og kva det vil sei å bli frelst og født på nytt. Seks barn, dei fleste store barn, rakk handa opp, kom fram og tok imot frelse frå Gud.
Like enkelt som i eit møte i Bolivia, eller som i eit fengsel i Tsjekkia eller som kvar som helst evangeliet ikkje blir forkludra men forkynt klart og reint, enkelt og forståeleg. Det er ei ny tid i vårt land. Det krev at vi ser med nye briller og ser dørene som opnar seg inn til menneskehjerter. Og det krev at vi gløymer det som ligg bak og strekkjer oss etter det som ligg framfor. For slik det var kjem det aldri meir til å bli. Og slik det har vore for kvar av oss, skal det ikkje lenger vera. Vi går inn i nye erfaringar med tru og forventning.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar