Torsdagen starta med skulebesøk på ein kristen skule like i nærleiken av her vi bur. Det er berre kristne skular vi får dela Guds ord på no i Bolivia. Bestillinga var å snakka om påske. Dag Sveinung fortalde påskehistoria med innleving og enkel dramatisering. Skulen var ein veldig fin skule med eit fantastisk uteområde. Å treffa skulebarn på skulen deira er alltid ei god oppleving. Dei er så glade for besøk og høflege å snakka med. Dei er framtida for Bolivia og treng Guds berøring så tidleg som råd.
Etter besøket reiste vi heim for å pakka for La Paz. Sjåføren vår Marcelo har tent oss på ein fantastisk måte heile veka med transport og på mange andre måtar. Litt småtrangt i bilen hans men vi hadde ein nydeleg tur til La Paz. Det går litt tregt vestover før vi tek til på klatringa. Så stig det jevnt og trutt opp til 4500 moh, før det går litt nedover igjen mot Alto Plano og nordover mot El Alto på godt 4000 meters høgd. El alto er ein stor by med i alle fall ein og ein halv million innbyggjarar som ligg paddeflatt på platået. Når vi kjem ut på kanten av eit gammalt krater, opnar La Paz seg under oss med millionar av lyspunkt i ein mørk kveldstime. Det gjekk nokre "wow" gjennom bilen i det vi tok til på dei bratte skråningane nedover mot sentrum i La Paz.
Så etter 9 timar på relativt dårlege minibuss-seter, er vi framme på det enkle hotellet med tresmak både her og der. Men turen har vore ei naturmessig oppleving.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar