Ein av dei som var med til Bolivia på siste turen no i april 2025, arrangerte ein Bolivia-kveld nyleg. Der fortalde han om dei mange opplevingane vi hadde, mellom anna på dei tre besøka vi hadde i ulike fengsel. Han sa noko som han også delte med oss då vi var i Bolivia, men som eg ikkje tenkte over då, nemleg om erfaringane som vi alle ofte opplever av å kjenna oss ukomfortable, men samstundes beskytta og utan frykt.
På veg heimatt frå det fine arrangementet på Osterøy, tenkte eg på dette. Det er sikkert både erfaring, kall og mange andre ting som gjer at det er veldig ulikt kva situasjonar vi kjenner oss komfortable med. Om ikkje akkurat desse, så har eg andre område der eg fort kjenner meg langt utanfor ukomfortsona.
Men dei tankane som vart levande for meg på heimvegen, var at det å ta steg med Gud i tru, nesten alltid vil opplevast som ein ballanse mellom det å vera trygg i Gud og likevel ukomfortabel i situasjonar. Sjølvsagt i større eller mindre grad. Eg kjenner det i alle fall slik på fleire område. Vi brukar uttrykket "utanfor komfortsona". Det er ei erfaring vi alle har. Eg har mine, andre har sine område vi er komfortable med. Kvart år møter eg folk som ikkje ein gong greier å stå framfor sin eigen skuleklasse og dela noko. Men når året er slutt, kan dei like gjerne leia programmet på avslutningsfesten. Andre blir aldri komfortable med ting om dei får aldri så mykje hjelp til det. Eg kjenner predikantar som har forkynt Gud ord i eit langt liv, men som aldri blir fri nervøsiteten framfor ein tale.
Peter og dei andre læresveinane til Jesus, såg meisteren koma gåande på vatnet. Først vart alle redde, men då det gjekk opp for Peter at det var Jesus, fekk han tru. Eg ser for meg at dette må ha vore ein av dei store dagane i Jesus sitt liv. Tenk å få høyra frå ein av sine elevar: "Er det du Herre, så sei at eg skal koma til deg på vatnet." Jesus var Herre over alt det skapte. Han gjekk på vatnet. Han underviste, bad for og trente dei tolv til å leva i tru. Det hende at Jesus måtte refsa folk for deira vantru. Eg ser for meg at Jesus var full av begeistring, då han ropte tilbake: Kom!
Det blas på sjøen, det var bølgjer, båten gjekk opp og ned i bølgjene, det var djupt, så langt frå land. Men Peter løfta den eine foten først og den andre etterpå, over ripa. Han hadde fått eit ord frå Herren: Kom! Han steig ned på vassflata, som heile tida var i bevegelse, men det bar han oppe på grunn av Jesu ord. Kom! Jesus stod ei lite stykke unna. Peter gjekk mot Jesus. Han hadde høyrt det eine ordet, Kom! Han gjekk, steg for steg, mot Jesus. Ukomfortabelt men han gjekk i Guds overnaturlege kraft. Han var ikkje redd - men han blei redd då han såg kor det bles. Redselen tok han, men frelsaren beskytta og berga han. Saman gjekk dei mot båten.
Eg har alltid lurt på om ikkje Jesus hadde eit smil om munnen då han greip Peter si hand og sa: Du lite truande - kvifor tvila du?
Den trua Peter viste denne dagen, og den iveren han hadde hatt for å ta nye steg, må ha oppmuntra meisteren. Då Jesus sa: Du lite truande - kvifor tvila du? - så var ikkje det meint som ei annklage for å ha for lite tru. Eg trur Jesus sa det med glimt i auga, men samstundes for å peika på eit veldig viktig poeng. Vi kan alltid læra meir. Vi kan alltid gå vegen heilt inn. Vi skal ikkje la oss forstyrra eit stykke på veg og slå oss til ro med det, men halda fram i å ta steg på stadig nye område. Vi treng ikkje å vika for ubehaget. Gud har så mykje godt for oss, men det ligg i mange tilfeller gøymt ein eller annan stad utanfor komfortsonene våre. Gud vil opna så mange fleire dører inn til folks liv. Ikkje fest blikket på kor det bles, men sjå for deg at Gud skal bruka deg på stadig nye område.
Ikkje alt er komfortabelt. Det fins ting som er direkte ukomfortabelt. Men dei område Gud kallar oss til å gå inn i, er det viktig at vi er førebudde på. Dei områda han ikkje kallar oss til å gå inn i, kan vi mykje heller la vera. Men i det å følgja kallet vil det ukomfortable dukka opp, og stega vi går må vera steg i tru og visse om at Han er med oss alle dagar, så lenge verda står. Tendensen er at mange dreg seg unna det som opplevest utfordrande. Men vi er ikkje som dei som dreg oss unna. Vi har ingen løfter på at ting skal vera komfortabelt, men heile Bibelen igjennom møter vi Guds stemme. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet. Det enklaste av alle løfter, og som i Bibelen set flest menneske fri til å tena han, er løftet om at han er med oss.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar