lørdag 25. april 2026

700 elevar fekk høyra evangeliet - dei fleste gav respons

Skulane i Bolivia har mykje dei same problema vi har på skulane heime. Dårlege familieforhold fører med seg mykje vondt i dei unge sine liv. Rus, press, pornografi - alt det som fins på den breide vegen, øydelegg livet og framtida for dei unge. Når evangeliet blir utestengt og utilgjengeleggjort, er det ingenting som heiter nøytrale område. Synd øydelegg liv og det øydelegg samfunn. I fleire år har det vore forbode for organisasjonar og kristne forsamlingar å kom inn på skulane med hjelp og med den kristne bodskapen. Men no, med ei ny regjering, er dørene opne igjen.

I den tida det var forbode, var det likevel ein kvinneleg rektor som inviterte oss til å koma. Ho var glad i elevane og ville dei det beste. Som rektor tok ho ein stor sjanse ved å invitera oss. Alle elevane var samla i to ulike samlingar der vi var veldig ærlege med dei. Dette er mange år sidan, men eg hugsar godt at den første som rakte opp hand for å ta imot Jesus som sin Herre og Frelsar, var den verste dop-seljaren på heile skulen. Rektor tok ein stor sjanse for å berga så mange av elevane som råd, og måtte betala prisen. Ho vart varsla på og fekk sparken.

I dag opna Gud dørene igjen inn til to skular i nærleiken. Det er ein ting mange lærarar og skulestyrarar i Bolivia forstår, som våre norske skular er totalt blinde for, nemleg at Gud forandrar liv. Synd i fri flyt øydelegg menneske og samfunn. Difor er vi velkomne til å dela det evangeliet som har kraft til å forandra menneske sine liv. 

På den første skulen idag var det 700 elevar frå ungdomsskule og vidaregåande. Alle lærarane hadde lærarmøte men ingen av elevane hadde lov å forlata skulen før klokka 12:00. Det gav oss ein heil time til å halda styr på 700 elevar ute på idrettsplassen. Ein lærar og ei lita gruppe foreldre var der for å hjelpa til. Alle stod oppstillte klassevis. I starten var det litt snakking som forstyrra i ungdomsskulegjengen, men Guds nærvær og krafta i evangeliet gjorde det så godt som heilt stille medan vi delte Guds ord med dei. Benjamin delte først vitnesbyrdet sitt, og eg delte evangeliet med utgangspunkt i Jesu undervisning om den breie og den smale vegen. Det er så lett å gå på den breide vegen. Det er så lett å øydeleggja livet sitt og i neste omgang samfunnet ved å gå på den. Det er berre å følgja lystene sine og straumen. Men det er ikkje det Gud har for dei. Han vil hjelpa alle til å snu om frå den enkle med farlege vegen og begynna å gå på den smale vegen som fører til livet. Dette var utgangspunktet i dag. Hundrevis av unge menneske responderte ved å gje livet sitt til Jesus. 

Vi takkar Gud for den nye regjeringa i landet som opnar opp igjen for Guds ord. Det er eit svar på mange kristne sine bønner. Ein av lærarane på denne skulen er medlem i menigheten her i Cochabamba. Vi set vår lit til at eit nytt samarbeid om oppfølgjing vil skje ved Guds nåde. Skulen og menighetslokale ligg veldig nære kvarandre, og mange er alt invitert til ungdomsmøte i morgon. 

No i ettermiddag var vi på ein annan skule for litt mindre barn. Det er i utgangspunktet ein katolsk skule. Der delte vi oss i to grupper og besøkte fire klasserom kvar. Responsen på den alderstilpassa undervisninga vår var fenomenal. Då dei forstod at vi kom frå landet der vikingane budde, var det jente som rakte opp handa. Ho lurte på om vikingane kjema for ein god grunn. Eg svara eit definitvt nei på det spørsmålet, men fortalde ho om at vikingane også fekk høyra om Jesus på eit visst tidspunkt og at mange sine liv då vart forandra. Så det vart eit godt spørsmål og ein anledning til å gje eit svar som gav meining i den hensikten vi var der i. Å møta alle skulebarna er alltid ei stor oppleving. 

Om eit kvartér frå no, skal vi ned til byen for å evangelisera på Plaza Principal. Det blir tredje økt med evangelisering i dag. I morgon skal vi vaska ned huset her vi har budd og førebu pakking og andre ting som må avsluttast før vi på mandag morgon set kursen heimover til Norge igjen. Teamet har berre vore eit fantastisk team. Vanskelege situasjonar i arbeidet her, har Gud snudd opp ned. Familiar som har forlatt menigheten har begynnt å koma tilbake. Tru og opptimisme er til å ta og føla på. Så eg er veldig nøgd med tida vår her. Og når arbeidet er gjort, er det viktigast av alt å koma oss heimatt til alle våre kjære heime. 

Takk for forbønn. Eg hadde ein veldig forventning til denne turen. Men då eg kom hit, var det mykje som var nedslåande. Men Gud har vore god og snudd mange ting på rett kjøl, takka vere at vi har vore her og at alle som har bedt, har bedt. Det har vore ein viktig tur for arbeidet her, også for arbeidet i La Paz.

Når eg no legg ut denne rapporten, har vi vore på Plaza Principal i kveld og evangelisert. Ei kvinne med store smerter i ledda mange stader i kroppen, vart fullstendig helbreda då Jeannette bad for ho. Ei anna kvinne som eg og Aurora (tolken min) snakka med, tok imot Jesus. Dagen i dag har vore fantastisk fruktbar. Før vi reiste heimatt i kveld, var vi på Tuesday. Eg har venta i 10 år på å vera der og eta ein Papa Suprema. Idag vart den lange ventinga infridd. Eg er så glad på bibelskulestudentane sine vegne som får forkynna og be og oppleva at det ber frukt. Takk Gud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

700 elevar fekk høyra evangeliet - dei fleste gav respons

Skulane i Bolivia har mykje dei same problema vi har på skulane heime. Dårlege familieforhold fører med seg mykje vondt i dei unge sine liv....