Litt over 11:30 landa vi i CBBA igjen etter ein halvtimes flytur og frukost på flyplassen i El Alto (La Paz)
Marchelo var igjen i El Alto, der han bur. Han har tent oss på ein fantastisk måte sidan vi kom, og det var ikkje heile lett å ta farvel med han for teamet. Vennskap har blitt knytta og sterke ord har blitt gitt han som takk for at han har tent oss som sjåfør pluss mange andre ting.
Vi tok alt pikk og pakk tilbake til heimen vår i El Bosque berre for å snu, nesten i døra, og koma oss vidare til Punata. Pastor Angel var vår nye sjåfør i dag. I Punata åt vi ein litt sein lunsj for så å besøkja ein fotballskule i nærleiken. 21 unge spelarar fekk evangeliet. Dei fleste av dei rette handa i været og tok imot Jesus. Så gav vi dei kvar sin bibel og delte mange gode råd med dei. To av dei hadde vondt i knéet, og fekk forbønn. Dei kunne ikkje sei noko sikkert om endringane før dei hadde fått komt i gang med treninga. Det var Rebekka som forkynnte guds ord i dag og Benjamin som innleia med vitnesbyrdet sitt. Begge gjorde ein utruleg bra jobb.
Litt fotballspeling vart det tid til også for somme av oss og eit par av dei. Mens dette føregjekk kom det to ungdomar til som gjerne ville ha ein Bibel. Det fekk dei, men dei fekk også evangeliet og med Thomas si hjelp fekk dei også ta imot Jesus som sin personlege Herre og frelsar.
Så bar det heimatt igjen, og nesten rett på leiarsamling i menigheten her. Der delte pastorane litt om planane vidare med endingar i dei ulike leiaransvara, eg delte litt frå 1 Pet 5:2-6 og så hadde vi måltid saman i forsamlingslokalet. Ca 20 leiarar var saman.
Ein lang dag har det vore. Bibelskuleelevane er trøytte. Det har dei lov til etter valdig bra og krevabnde innsats. Eg kjenner det godt sjølv også at vi har hatt kjør ei stund. Men no gjeld det å få ei god natts kvile. For i morgon føremiddag skal vi dela evangeliet med 700 skuleelevar på ein skule i nærleiken. Og på ettermiddagen er det endå ein ny skule som får besøk. Takk for forbønn og omtanke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar